Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Høyr ein podkast om Knausgård og les utdrag frå bokserien Min kamp

Karl Ove Knausgård har blitt kalla Noregs fremste representant for ein trend i samtidslitteraturen på 2000-talet: verkelegheitslitteraturen. Les Knausgård, les om verkelegheitslitteraturen og lytt til ein podkast om dei begge.
Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Kva veit eg?

Kva er greia med Knausgård?

Kvifor har forfattaren Karl Ove Knausgård fått så mykje merksemd, både i Noreg og i mange andre land? Jonis Josef får svar frå Knausgårds forfattarkollega og kamerat, Tore Renberg og litteraturkritika...

0:00
-0:00

Del 1: Kva er greia med Knausgård?

Lytt til podkastepisoden "Kva er greia med Knausgård?".

Nedanfor ser du nokre viktige stikkord til podkasten. Kopier stikkorda over i eit tekstprogram og ta notat til kvart stikkord.

  • Min kamp

  • essayet og digresjonen

  • den største tenkjaren

  • skrivesperre

  • utan filter

  • reality-tv

  • utleverande

  • biografi eller roman?

  • verdslitteratur

Del 2: Les Knausgård

Store delar av Min kamp-bokserien handlar om Karl Ove Knausgårds avdøde far. No skal de lese tre utdrag frå romanserien og diskutere nokre spørsmål i grupper etter lesinga.

a) Dei første sidene i Min kamp. Første bok

Les dei første sidene av romanen i artikkelen "Min kamp 1". De kan gjerne lese i grupper og byte på å lese høgt.

Diskuter etterpå:

  • Kunne de kjenne igjen noko frå samtalen i podkastepisoden "Kva er greia med Knausgård?" i dette utdraget?

  • Kva synest de om teksten? Grunngi svara dykkar.

  • Kva førsteinntrykk får de av faren til Karl Ove Knausgård i dette utdraget?

b) Utdrag frå Min kamp. Fjerde bok

Les eit kort utdrag frå Min kamp. Fjerde bok som handlar om forholdet mellom far og son, i artikkelen "Min kamp 4". Diskuter deretter:

  • Korleis vil de karakterisere faren i utdraget?

  • Vi ser hendingane berre frå Karl Oves perspektiv. Kva konsekvensar får dette for korleis vi oppfattar faren?

c) Tilbake til Min kamp. Første bok

Notidshandlinga i den første boka i serien handlar om korleis Karl Ove og broren Yngve vaskar ut av huset etter at faren har døydd. Mot slutten av livet flytta faren heim til farmora deira og drakk tett. Slik ser huset ut når dei to brørne besøkjer det:

Foran sofagruppen inntil veggen lå det klær. To bukser og en jakke, noen underbukser og sokker så jeg. Det luktet forferdelig. Det lå også veltede flasker, tobakkspakker, noen tørre rundstykker og annet søppel der. Jeg gikk langsomt bortover. Det var avføring i sofaen, både smurt utover og noen klumper. Jeg bøyde meg over klærne. De var også fulle av avføring. På gulvet var lakken noen steder etset bort i store, uregelmessige skjolder.
Av piss?
(Knausgård, 2009, s. 286)

Diskuter i klassen:

  • Synest de Karl Ove Knausgårds skildring av korleis faren etterlét seg huset, er for dryg? Grunngi svaret.

  • Les lesarinnlegget frå Karl Ove Knausgårds onkel i kronikken "'Min kamp 6': Hilsen fra 'onkel Gunnar'" (krev innlogging). Diskuter deretter dei etiske sidene ved verkelegheitslitteraturen.

Portrett av ein mann med skjegg og halvlangt hår som smiler framfor ein mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Knausgård, K. O. (2009). Min kamp. Første bok. Forlaget Oktober.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme