Småfugler – islandsk realisme
Sjå filmen. Etter de har sett han, skal de jobbe både individuelt og saman om kva filmen eigentleg vil formidle.
Skriv åleine: Kva syntest du var det viktigaste i denne filmen? Altså: Kva er det han vil fortelje deg? Grunngi svaret ved å vise til scenar frå filmen.
Snakk i grupper: Samanlikn svara dykkar. Hadde de lagt vekt på det same? Diskuter eventuelle forskjellar.
I klassen: Diskuter tematikken i filmen i plenum. Skriv gjerne stikkord på tavla eller i eit samskrivingsdokument.
Jobb i par:
Les artikkelen "Realismen, både ein skrivemåte og ein epoke", som handlar om realismen som skrivemåte i litteraturen.
Lag ei liste over kva som kjenneteiknar den realistiske skrivemåten.
Diskuter korleis de kan kjenne igjen den realistiske tradisjonen i filmen Småfugler. De skal altså ta utgangspunkt i notata om skrivemåten, men overføre dette til realismen i filmmediet.
Skriv ein tekst på 300–500 ord der du forklarer korleis det du meiner er tematikken i filmen, blir formidla gjennom ein realistisk forteljestil. Bruk fagomgrep som "miljøskildring", "indirekte personskildring" og "mimesis" i teksten din.