Beskriving av teikneserien
I teikneserien Guidet tur av Flu Hartberg ser vi ei gruppe personar som blir teken gjennom Oslo sine attraksjonar i 2110. Teikneserien går over tre sider og viser ulike miljø langs den indre delen av Oslofjorden.
På første side blir personane guida gjennom det som tidlegare var ei rekke med kontorbygg. Desse er no gjort om til billige leilegheiter og ber preg av forfall. Fleire leilegheiter har knuste vindauge, og vi ser klede henge til tørk mellom husrekkene.
På side 2 blir turfølget presentert for Operahuset i Bjørvika, som no er gjort om til konserthuset Inferno og blir brukt til black metal-konsertar. Guiden forklarer at opera var ei musikkform som i si tid var populær blant enkelte eldre menneske.
Vidare blir Munchmuseet presentert. Det er no gjort om til den største barnehagen i byen med plass til tusenvis av barn. Personane som deltek på omvisninga, har vanskeleg for å forstå at biletkunst blei vist fram i eit eige bygg når det var mogelegheit for å formidle han digitalt.
På den siste sida i teikneserien ironiserer deltakarane over at det blei brukt ressursar på å reise eit bygg for å huse analoge bøker. Deichmanske bibliotek er no brukt til sjukeheim. Turfølget konkluderer med at det var mykje tradisjonell tenking då desse bygga blei reiste. Dei undrar seg over at bygga blei plasserte ved sjøkanten når ein burde vite at havnivået var i ferd med å stige.
Dei fleste bileta i teikneserien er halvnære bilete eller nærbilete. Vi ser berre utsnitt av bygningane som blir omtalte. Det siste biletet er eit totalbilete som viser turfølget på ein båt som har gått mellom dei ulike bygningane. Det som tidlegare var gater, er no kanalar som flyt mellom bygga.
Lisens: CC-BY-SA