Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet etikk og lovverk 2
Kva for etiske normer og lovverk må mediebransjen innrette seg etter? Kva omsyn må du ta når du produserer og deler eigne medieuttrykk? Sjekk kva du har fått med deg frå emnet om etikk og lovverk 2.
Desse punkta kan gi deg ein peikepinn på korleis det står til med fagkunnskapen din:
- Eg kan nytte etiske normer og gjeldande lover og reglar i eigne produksjonar.
- Eg kan forklare kva Pressens Faglige Utvalg (PFU) er, og korleis PFU arbeider etter Ver Varsam-plakaten (VVP).
- Eg kan gjere greie for lover og reglar som gjeld for publisering av bilete.
- Eg kan forklare kvifor vi har åndsverkslova, og korleis ho vernar medieproduksjonane mine.
- Eg veit at det finst ulike retningar i etikken, og eg kan forklare kva pliktetikk, konsekvensetikk og diskursetikk handlar om.
FAGOMGREP | ||
---|---|---|
Presseetikk | Ver Varsam-plakaten (VVP) | Pressens Faglige Utvalg (PFU) |
Åndsverk | Opphavsrett | Creative Commons |
Kringkastingslova | Marknadsføringslova | Åndsverkslova |
Sitatrett | Pliktetikk | Konsekvensetikk |
Diskursetikk |