Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skal – skal ikkje?

Om varslarsaker og presseetiske vurderingar rundt bruk av anonyme kjelder.

Tarjei Leer-Salvesen arbeider som researchar i Brennpunkt i NRK. I dette intervjuet fortel han om ein situasjon der redaksjonen blei varsla av ein tilsett i helsevesenet, og dei vala han som journalist måtte ta.

Oppgåve 1

Tenk deg at du jobbar i Brennpunkt-redaksjonen.

  • Kva for konsekvensar ville det kunne få dersom du gjekk ut med denne informasjonen?
  • Kva for konsekvensar ville det kunne få dersom du lét vere å formidle denne informasjonen?

Oppgåve 2

Du har bestemt deg for å dekkje saka.

  • Korleis vil du gå fram for å skaffe videobilete frå pasientbehandlinga?
  • Kva for presseetiske spørsmål reiser bruk av slike bilete?

Oppgåve 3

Tenk deg at Helsedirektøren tek kontakt med deg for å få namnet på den personen som varsla deg om tilhøva. Du får beskjed om at det er nødvendig, dersom styresmaktene skal kunne gjere noko med saka.

  • Kva vil du gjere då? Grunngje valet ditt.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2018

Læringsressursar

Etikk og lovverk 2