Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjendisslagsmålet

Det er pressefridom i Noreg, men journalistar må også ta omsyn til presseetikk, personvern og kravet om at ei sak skal ha allmenn interesse før dei publiserer henne.
Kvinne viser fingeren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg følgjande:

To kjendisar har krangla på fest om ei aktuell politisk sak, og når dei møtest neste kveld, bak scena på ein filmpremiere, blussar krangelen opp att. Den eine skubbar den andre, og den som blir skubba, gir skubbaren fingeren og ber vedkommande dra til helvete.

Ein journalist som er der for å skrive om filmpremieren, filmar det heile med mobilen og legg klippet ut på avisa si Facebook-side med tittelen: «Politisk diskusjon enda i kjendisslagsmål»

Neste dag kjem responsen: «Dette er langt utanfor pressefridomen sine grenser, seier etikkekspert»

Kva meiner du?

Skriv eit debattinnlegg, lag eit YouTube-innlegg eller ta opp ein podkast der du drøftar kva det var rett å gjere i dette tilfellet.

  • Du skal bruke både prinsippet om ytringsfridom og prinsippet om personvern/privatliv når du drøftar.
  • Du må også ta omsyn til om saka er av allmenn interesse.
    Sjå kva Ver varsam-plakaten seier.
  • Du skal argumentere anten for eller imot, men vise at du kan sjå saka frå fleire sider.
  • Målgruppa er allmenta, så du må forklare kort dei fagomgrepa du bruker, slik at alle forstår kva du meiner med ord som pressefridom, personvern og allmenta si interesse.

Lever innlegget, YouTube-innlegget eller podkasten til læraren din for vurdering.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2017

Læringsressursar

Etikk og lovverk 2