Hopp til innhald

Fagstoff

Digital etikk

Digital etikk, eller teknologietikk, er eit veksande fagfelt som blir meir aktuelt etter som vi får smartare datamaskiner, meir avansert kunstig intelligens og fleire bruksområde for teknologi.
Hand som trykkjer på eit digitalt vekt-symbol. Foto / digital illustrasjon.

Teknologi har dei siste åra blitt meir og meir integrert i kvardagen, og fleire av tinga vi bruker i kvardagen, blir smarte og kopla til internett. Dette inneber at vi blir meir sårbare for at teknologien kan brukast med uetiske føremål

Formålet med etikken er å studere korleis ein bør handle, og å forstå omgrepa vi bruker når vi evaluerer handlingar, personar som handlar, og utfall av handlingar.

Sentrale omgrep om handling som etikken nyttar og studerer, er rett og gale, tillateleg og utillateleg, god og dårleg.

Etikk – Store Norske Leksikon

Etikk handlar om kva som er rett, reieleg og rettferdig. Med digital etikk meiner vi etikken som inngår i utviklinga av ny teknologi, dei etiske spørsmåla om korleis teknologi kan utvide makta til enkeltmenneske, og korleis innføringa av ny teknologi kan endre maktforhold og gjere at vi ser etiske spørsmål i eit nytt lys.

Digital etikk handlar om

  • å forstå kva ny teknologi er og kan gjere

  • å vurdere kva for samfunnsmessig innverknad ny teknologi kan ha

  • å diskutere korleis ny teknologi bør brukast

  • å bidra til at teknologi blir gjord tilgjengeleg til beste for enkeltmennesket og samfunnet

Norsk råd for digital etikk (NORDE)

Døme på etiske spørsmål om digital teknologi

Digitale klasseskilje og ulik tilgang til teknologi

I ulike delar av verda er det store forskjellar på kor mykje tilgang folk har til teknologi. Dette kan vere på grunn av økonomiske eller sosiale forskjellar, eller styringa til styresmaktene. Etter kvart som tilgang til teknologi har blitt ein føresetnad for å delta i samfunnet, har det vakse fram eit skilje mellom dei som har enkel tilgang til teknologi, og dei som ikkje har det.

Transparent programvareutvikling

Programvareutvikling med open kjeldekode (open source) er bygd på ideen om at utvikling av teknologi skal vere eit gode som er ope og tilgjengeleg for alle, og at alle som har kompetansen til det, kan endre og tilpasse program til det beste for seg. Ei motsetning til dette er proprietær programvare, der kjeldekoden ikkje er tilgjengeleg, og der all utvikling av programvara er eigd av eit selskap som tener pengar på sal av programvare. Ansvaret blir då større på det selskapet for å sørgje for at programvara er sikker og trygg for brukarane, og ein må i større grad stole på at informasjonen ein gir frå seg, blir behandla med respekt for personvern, fordi ein ikkje har innsyn i korleis programvara eigentleg fungerer.

Kunstig intelligens (KI)

Kunstig intelligens (KI) er datasystem som kan gjere eigne avgjerder og handle på eiga hand. Det kan vere alt frå å behandle søknader til å styre flytrafikken. Dei som lagar slike system, må alltid tenkje på etikk når slike system blir laga, fordi avgjerder eit kunstig intelligent system gjer, ofte vil påverke andre menneske, og i verste fall kan avgjerda til systemet handle om liv og død. Eit intelligent system vil ikkje vere i stand til å vurdere konsekvensar eller prioritere mellom ulike ugunstige situasjonar, og då er det viktig at dei som lagar systemet, gjer ei grundig vurdering av kva avgjerder vi kan la vere opp til maskiner. I nokre tilfelle må ein vurdere om det er etisk rett å bruke kunstig intelligens i det heile teke.

Automatisering i saksbehandling

Det offentlege brukar store ressursar på behandling av søknader. Etter kvart som søknadsprosessen i større grad blir digital, opnar det for at ein kan bruke kunstig intelligens (KI) for å behandle ein søknad, og undersøkje om søknaden oppfyller krava i lovverket. Styresmaktene kan spare svært mykje på å automatisere desse prosessane, men samtidig er det viktig å tenkje på at mange søknader handlar om menneskelege forhold, som bør vurderast individuelt. Spørsmålet er då om det er meir rettferdig å vurdere alle søknader strengt etter lovverket, eller om det er rettare å vurdere søknader individuelt, med moglegheit til å bruke skjønn.

Big data

Big data handlar om analyse av store datasett for å få innsikt i eit fenomen, til dømes vanar, handlingar og rørsler. Big data blir brukt av legemiddelindustrien, forsikringsselskap, reklamebransjen og underhaldningsindustrien for å forbetre tenestene sine og tilpasse dei til vanane og reaksjonane til folk. Til dømes analyserer Google alle e-postar som er lagra på serverane deira, for å levere reklame som er tilpassa kvar enkelt brukar. Dette fører til mange etiske spørsmål om personvern, kva som er anonyme data, kven som har tilgang til å kjøpe og selje dataa, kva dataa eigentleg blir brukte til, og korleis dataa blir kopla saman.

Behandling av personopplysningar

Innanfor IT-bransjen blir det behandla svært mykje personopplysningar. Dei fleste IT-tenester lagrar persondata – til dømes namn, e-post, adresser, kredittkortnummer og anna. Mange tenester lagrar òg informasjon om rørslene og handlingane til brukarane. Nokre kan òg ha sensitiv informasjon som helseopplysningar, politisk eller religiøs tilknyting eller biometriske opplysningar. Alle desse opplysningane gir verksemdene som behandlar dei, eit ansvar for å lagre dei på ein trygg måte, men samtidig gjere dei tilgjengelege for dei som skal ha tilgang til dei. Dei fleste land har lover som regulerer lagring av personopplysningar. Samtidig finst det ein marknad for å kjøpe og selje meir eller mindre anonymiserte personopplysningar, som kan vere freistande å delta i for å tene raske pengar.

Rett til privatliv

I samband med etterforsking av lovbrot og terrorhandlingar kan styresmaktene ha interesse av å få tilgang til data om aktivitetane til ein mistenkt person i forkant av lovbrotet. Det kan vere aktivitet på Internett, telefonsamtalar, meldingar og posisjonsdata. For at dette skal vere mogleg, har enkelte land prøvd å innføre reglar som pålegg nettleverandørar og teleselskap å lagre informasjon om kundane sine som skal kunne utleverast til politistyresmaktene under ei etterforsking. I USA vart ei slik lov, the Patriot Act, innført etter terrorangrepa 11. september 2001. Ei liknande lov, datalagingsdirektivet, vart innført i EU frå 2007, men etter at fleire land erklærte at direktivet var i strid med grunnlova deira og eit alvorleg inngrep i retten til privatliv, erklærte EU-domstolen direktivet for ugyldig i 2014.

Overvaking og behandling av posisjonsdata

I dag har dei fleste av oss ein smarttelefon i lomma med GPS som kan spore kvar vi er til kvar tid. Ein del appar lagrar denne informasjonen i bakgrunnen og deler han med samarbeidspartnarar. Ifølgje ein rapport frå Forbrukarrådet kan posisjonsdata om éin person frå éin app bli spreidd til over 4000 partnarselskap. Slik informasjon blir seld til partar som har ei interesse av å vite kvar folk bevegar seg. Det finst mellom anna døme på at politistyresmakter har kjøpt posisjonsinformasjon frå kommersielle aktørar for å overvake stader der det går føre seg kriminell aktivitet.

Datakriminalitet

Det går føre seg mykje kriminalitet i det digitale rommet. Datakriminalitet er både enklare å utføre og vanskelegare å spore for styresmaktene, og blir vanlegare og vanlegare. Vanlege former for datakriminalitet er utpressing og svindel, hacking og sabotasje, handel med ulovlege varer og tenester, hatefulle ytringar, deling av overgrepsmateriale, og planlegging av kriminalitet og terror.

Alternative medium og falske nyheiter

Det opphavlege målet med internett var at det skulle vere ein stad der folk kunne dele informasjon fritt. Det skulle vere demokratisk og like tilgjengeleg for alle. Internett har i dag blitt den viktigaste måten folk får informasjon, fakta, nyheiter og underhaldning på. Men det er mykje informasjon på internett som er laga med mål om å villeie og forvirre. Det kan vere for å lage uro i samfunnet, for å forsterke støtte rundt spesielle politiske retningar, eller auke motstand mot eit standpunkt ein er ueinig i. Det finst mange nettsider som gir seg ut for å vere nyheitssider eller oppslagsverk, men som ikkje formidlar eit nøytralt eller sannferdig verdsbilete. Misinformasjon kan òg vere ein del av politisk krigføring, der ein nasjon ønskjer å skape politisk uro i eit anna land ved å spreie falsk informasjon.

Politisk påverknad og valinnblanding

Mange nasjonar kan ønskje å påverke politikken i andre land, og teknologi har gjort dette enklare. Tidlegare sende nasjonar spionar til andre land for å infiltrere statlege institusjonar og påverke politikken, men i dag blir mykje av dette gjort over internett, til dømes ved hjelp av målretta reklame, falske nyheiter og misinformasjon, eller innblanding i valprosessar. Politiske parti kan òg bruke desse prosessane for å prøve å overtyde folk om å stemme på dei, og via sosiale medium er det i dag enkelt å finne ut kven som er enkle å påverke, og korleis ein bør gå fram for å gjere det. I tillegg går mykje av teknikken rundt eit val via datamaskiner og Internett, og i nokre land blir val haldne fullstendig via internett. Då finst det ei moglegheit for at hackarar kan komme seg inn i systema og påverke valresultatet.

Hacking

Hacking er ei samlenemning for ei rekkje metodar som kan brukast for å få tilgang til lukka datasystem. Det kan vere gjennom spreiing av skadevare, skanning av portar på internett eller kode på nettsider for å finne svakheiter i system, eller manipulasjon av menneske for å lure til seg brukarnamn og passord. Hacking er ulovleg og kan definerast som datakriminalitet. Målet med hacking kan vere å stele eller svindle til seg pengar, å stele eller øydeleggje informasjon, å skade ryktet til ei bedrift eller ein person, eller det kan vere politisk motivert, til dømes å påverke haldningar eller valresultat, eller å skape uro og kaos i eit samfunn.

Cyberkrigføring

Når dataangrep som hacking og sabotasje blir gjort av ein stat mot ein annan stat, kallar vi det cyberkrigføring. Det kan vere vanskeleg å avdekkje cyberkrigføring fordi eit angrep som oftast blir utført av ei hackargruppe som ikkje eksplisitt er knytt til ein stat, men det kan vere hemmelege spor som knyter dei saman, til dømes at nokon med tilknyting til staten er med på å finansiere gruppa. Cyberkrigføring er ein type krigføring som kan kallast politisk krigføring. Dette er ikkje ein aktiv krig der statar openlyst angrip kvarandre, men er eit uttrykk for ei uvennleg eller fiendtleg haldning overfor andre statar. Den kalde krigen mellom USA og Sovjetunionen er eit døme på politisk krigføring. Cyberkrigføring har så langt ikkje ført med seg tap av menneskeliv eller store øydeleggingar, men ein kan sjå for seg at dataangrep kan brukast på den måten i framtida, når endå fleire ting er kopla opp mot internett.

Miljø og berekraft i dataindustrien

Etter kvart som dataindustrien har blitt større og større, har miljøavtrykket til bransjen òg vakse seg stort. Store datasenter som husar webserverar, skytenester, serverar og lagringsplass, krev mykje energi, og om denne energien er miljøvennleg, avheng mykje av kvar i verda datasentera ligg. På stader der det er billigare å byggje og drifte datasenter, er det ofte mindre tilgang på miljøvennleg energi, så der må selskap ofte vege opp økonomi mot økologi. Mykje datautstyr blir produsert i lågkostland av arbeidarar som får svært låg lønn og dårlege arbeidsforhold, og mange av komponentane blir laga av materiale som blir vunne ut i fattige område, der arbeidarane lever under svært dårlege kår. I tillegg produserer dataindustrien eit svært stort volum avfall, då ting blir bytt ut i eit stort tempo etter kvart som nye og betre modellar av mobiltelefonar og datamaskiner blir tilgjengelege.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Etikk og lovverk 2