Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er medieuttrykket ditt eit åndsverk?

Test eit av medieuttrykka dine for å sjå om det kan kvalifisere som eit åndsverk.
Mann studerer kunst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1 Vel et medieuttrykk

  • Finn fram eit medieuttrykk du har laga.
  • Ta på deg jus-briller og bestem om det er sannsynleg at produktet ville blitt godkjend som eit åndsverk med krav på rettsleg vern.

2 Korleis har du dokumentert arbeidsprosessen din?

Ta fram dokumentasjonen du har av arbeidsprosessen:

  • I kor stor grad viser dokumentasjonen at medieproduktet ditt er originalt?
    Hugs at originalt i denne samanhengen betyr at det finst bevis på at du har lagt nok arbeid i å skape eit verk som har verkshøgd.
  • Har du døme på skisser, kommentarar om val du har tatt undervegs eller andre beskrivingar av prosessen?

Produktet treng ikkje å vere revolusjonerande forskjellig frå alt som er skapt tidlegare. Det avgjerande er at du kan dokumentere korleis du har kome fram til det endelege resultatet.

3 Overtyd lærar og medelevar

Argumenter for at døma dine viser at det ligger nok arbeid bak produktet ditt til at det kan sjåast på som eit produkt med verkshøgd.

Er det tilfelle, vil medieproduktet sannsynlegvis kunne sjåast på som eit åndsverk i åndsverklova si tyding.

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2019

Læringsressursar

Etikk og lovverk 2