Medieetikk og stigmatisering
Midt under koronapandemien i november 2020 publiserte Aftenposten ein nyheitsartikkel med tittelen "Innvandrersmitten bekymrer". Omgrepsbruken vekte sterke reaksjonar, og avisa endra seinare tittelen til "Smitten blant innvandrere bekymrer".
Kva er den innhaldsmessige forskjellen mellom formuleringane "innvandrarsmitte" og "smitten blant innvandrarar"?
Kvifor trur du mange reagerte på den opphavlege tittelen?
Gjer deg kjend med ulike synspunkt i den offentlege debatten på korleis media bruker omgrepet "innvandrarsmitte".
Før du les innlegga, søkjer du opp "Tankesmien Agenda", "Human Right Service", "Mariann Hussain" og "Ulf Erik Knudsen", og gjer deg kjend med den ideologiske ståstaden desse aktørane har.
Debattinnlegg:
Agenda Magasin: "Farleg ordbruk i Aftenposten"
Dagsavisen: "Ordføreren: Ordet 'Innvandrersmitte' var brukt som et nøytralt begrep"
Human Right Service: "Stavrum bommer om smittevern og ramadan"
Mariann Hussain på Twitter 13. april 2021: ramadan-smitteLag ei argumentasjonsliste med argument som taler for og mot bruk av omgrepet "innvandrarsmitte" i mediekommunikasjon. Argumenta hentar du frå dei fire medietekstane du nettopp har lese.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) laga denne medieforteljinga om innvandrarar og koronasmitte: "Møt pandemiens førstelinje".
Kvifor trur du IMDI valde å publisere denne featureforteljinga mens debatten om innvandrarar og smitte gjekk føre seg i Noreg?
Kva for nokre nye perspektiv bringar denne forteljinga inn i mediebiletet?
Historia blei merkt som annonsørinnhald i norske nettaviser. Kvifor trur du avisene merkte saka slik?
Jobb gjerne saman to og to med denne oppgåva.
Konspirasjonsteoriar blir i dag spreidde over heile verda via sosiale medium. Skriv inn desse stikkorda i søkjefeltet på Google: konspirasjon smitte jøde.
Les gjennom nokre av oppslaga de får opp. Kva historier blir i dag spreidde i sosiale medium om jødar som årsak til covid-19-pandemien?
Diskuter kvifor minoritetar ofte blir utpeikte som syndebukkar i samband med epidemiar og pandemiar.
Korleis kan de som mediebrukarar hindre at slike konspirasjonsteoriar blir spreidde vidare? Skriv ned stikkord, og del dei med resten av klassen.
Skriv ein kronikk eller lag ein podkast om språkbruk i etisk mediekommunikasjon. I kronikken eller podkasten skal du spesielt reflektere over temaet etisk mediekommunikasjon og stigmatisering av minoritetar i media. I tillegg skal du bruke desse omgrepa på ein fagleg korrekt måte:
etisk mediekommunikasjon
presseetikk
respekt
toleranse
minoritet
stereotypi
stigmatisering
Silvola, N.M. (2020, 13. november). Aftenposten endret tittel om "innvandrersmitte" etter interne og eksterne reaksjoner. Journalisten. Henta 21. mai 2021 frå https://journalisten.no/aftenposten-innvandring-korona/aftenposten-endret-tittel-om-innvandrersmitte-etter-interne-og-eksterne-reaksjoner/435963
Relatert innhald
I eit demokratisk samfunn har media eit spesielt ansvar for å spegle breidda i befolkninga og for å ikkje stigmatisere bestemte samfunnsgrupper.
Medieetikk er refleksjon over etiske problemstillingar som kan koplast til medieinnhald i ulike kanalar.