Hopp til innhald
Lydopptak

Podkast: Tradisjonshandverk og berekraft

Berit Boman har besøk av tre tradisjonshandverkarar. Dei diskuterer kor mykje dei tenkjer på berekraft og miljø, sett opp mot trendar i dagens samfunn. Lèt dei to tinga seg eigentleg sameine?
Tittelen "Handverk og design" er omringa av kvite skisser på ein blå bakgrunn. Illustrasjon.
Handverk og design

Tradisjonshandverk og berekraft

Ein gullsmed, ein smed og ein møbelsnikkar utvekslar erfaringar og snakkar om korleis etterspurnad, trendar og berekraft kan påverke utviklinga av eit tradisjonshandverk.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Kven møter vi i podkasten?

Elisabeth Laila Due

Elisabeth Laila Due er smykkedesignar og gullsmed. Ho driv Sugar Shops, som er eit norsk smykkegalleri med gullsmedverkstad.

Ida Linnea Drotninghaug

Ida Linnea Drotninghaug er smed og sveisar. Saman med familien sin driv ho RK-smia, som har vore i Oslo sidan 1950-åra.

Thomas Solbakke

Thomas Solbakke er tømrar og møbelsnikkar. Han driv Tresløyfa, som er ein liten møbelsnikkarverkstad på St. Hanshaugen i Oslo.