Hopp til innhald
Fagartikkel

Synleg reparasjon

Korleis kan vi forbruke mindre? Å gjenbruke og reparere er eit viktig steg mot eit meir berekraftig samfunn. Eva Kittelsen viser korleis ho tek vare på klede og samtidig skaper ein personleg garderobe. Ho lar reparasjonar bli ein del av dekoren på plagga.

Kvifor skal vi reparere?

Eva Kittelsen er designar, tekstilkunstnar og forfattar. Ho jobbar for å gjere reparasjon minst like normalt som å kjøpe nytt. Målet er at folk og bedrifter skal sjå moglegheitene og bygge opp ein reparasjonskultur.

I filmen under fortel Eva Kittelsen om dei menneskelege og miljømessige fordelane som finst i reparasjon, og ho viser oss eksempel på kreative løysingar. Ein del av bileta som blir brukte, er henta frå facebookgruppa "My visible mend".

Video: Eva Kittelsen / Avgrensa bruksrett

På facebookgruppa "My visible mend" skriv ho: "Jeg drømmer om et samfunn der reparasjon er så normalisert at man nesten bare får kjøpt etisk produserte kvalitetsklær, der brukthandelen florerer siden klærne er laget for å vare, og der omsøm og reparasjonstjenester, inkludert synlig reparasjon på bestilling, er like normalt som å handle nytt!"

Tenk over

Kva tenker du om det Eva Kittelsen har skrive om draumesamfunnet? Kva skal til for at vi kjem dit?

Kva er haldninga di til det å kjøpe nye klede?

Har du nokre slitne klede som du kan gi eit personleg preg gjennom synleg reparasjon? Kva treng du å lære for å reparere dei på ein haldbar måte?

Korleis kan vi reparere slitne klede?

Du må ta omsyn til kva slag tekstilar du arbeider med når du skal reparere. Grunnprinsippet er å stoppe strikka plagg og å lappe vovne stoff, men du kan kombinere ulike teknikkar. Jo fleire erfaringar du gjer, dess fleire moglegheiter ser du. I filmen under får du nokre praktiske tips til korleis du kan komme i gang.

Video: Eva Kittelsen / Avgrensa bruksrett

Fikselaug

Husfliden arrangerer opne arrangement der alle som vil, kan komme for å lære å fikse. Du kan lære enkle handverksteknikkar for reparasjon av tekstil og utstyr. Målet er å vise korleis du enkelt kan ta vare på kleda dine og få dei til å vare lenger.

Relatert innhald