Oppgåve
Sweatshop – dødeleg mote
Serien Sweatshop handlar om skandinaviske ungdommar som jobbar i ein tekstilfabrikk i Kambodsja, for å få eit innblikk i arbeidsforholda der. Denne episoden er frå sesong 2 der ungdommane kjem attende for å sjå om forholda ved fabrikkane har endra seg.
FN sitt mål for berekraft nr. 12 handlar om "Ansvarleg forbruk og produksjon".
- Finn ut kva som ligg i dette.
- Er dette eit mål som er aktuelt i Noreg også? Diskuter.
Oversikt over FN sine mål for berekraft på nettsidene til FN
- Gi døme frå filmen på produksjon som ikkje oppfyller mål for berekraft nr. 12.
- Kva gjer dei skandinaviske ungdommane for å få merksemd rundt dårlege arbeidsforhold i tekstilfabrikkar?
- Korleis kan du bruke forbrukarmakta di for å bidra til levelønn for tekstilarbeidarar i land som for eksempel Kambodsja?
- Diskuter påstanden: "Det er fattige tekstilarbeidarar i andre land som betaler prisen for at vi i Noreg kan kjøpe billige klede."
- Kunne du tenkje deg å betale meir for eit klesplagg viss du visste at det var produsert "rettferdig"? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
- Berekraftig utvikling handlar om miljø, sosiale forhold og økonomi. Finn forhold ved tekstilindustrien som handlar om berekraftig utvikling.
Grafane under viser konsumprisindeks for klede i perioden 1979 til 2022 og verdien av varer Noreg importerte frå Kina i perioden 1988–2022.
- Beskriv korleis prisane på klede har endra seg i denne perioden.
- Samanlikn prisutviklinga på klede med handelen med Kina. Kommenter.