Hopp til innhald
Fagartikkel

Berekraft i tradisjonshandverk

Miljøvennlege materialval og produksjonsprosessar er viktige delar av handverkstradisjonane våre. Korleis kan vi som handverkarar bidra til at folk vel kvalitet og produkt som varer?

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling handlar om korleis vi kan møte dagens behov utan at vi øydelegg for generasjonane som kjem etter oss.

Filmen gir deg ei innføring i kva som ligg i omgrepet berekraftig utvikling. Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Miljømessige, økonomiske og sosiale forhold heng saman. Korleis vi lever og bruker ressursar, påverkar både lokalsamfunnet og jordkloden vår.

Ressursmedvit og grøn omstilling er ein trend som forskarar meiner vil prege utviklinga dei neste tiåra (CSIRO, 2022). Vi må slutte å tenke at ressursar har ei byrjing og ein slutt, men heller fokusere på at produkt skal vare og kunne gjerast om til nytt råmateriale. Her kan vi lære av generasjonane før oss. Dei levde tettare på naturen og brukte ressursar frå lokalmiljøet. Materiale vart brukte om igjen, og dei reparerte i staden for å kaste.

Som handverkarar kan vi tilby tenestene våre. Vi kan bidra til at fleire set i stand det dei allereie har. Då utnyttar vi materiale og dempar press på produksjonen.

Berekraftig produksjon

Berekraftig produksjon handlar både om å utføre eit handverk utan bruk av giftstoff og om å avgrense bruken av energi og naturressursar. Handverkstradisjonane våre bygger på ein berekraftig livsstil. Kunnskap om miljøvennlege teknikkar og bruk av naturmateriale gjekk tidlegare i arv. Denne kulturarven er med på å forme identiteten vår og kan skape arbeidsplassar i framtida òg.

Handverkarar må kunne drive lønnsamt. Vi må gjere kundane medvitne om at det lønner seg betale for kvalitet og miljøvennleg produksjon. Fleire ønsker å støtte lokale bedrifter og ser verdien av å investere i handverksprodukt.

Produktdesign

Det meste av miljøbelastninga til eit produkt blir avgjord allereie i designfasen. Her bestemmer vi kva materiale vi skal bruke, og korleis produktet skal framstillast. Målsetjinga må vere å skape produkt med livstidsgaranti som det går an å reparere. Materiala bør kunne resirkulerast og brukast på nytt (Circular Norway, u.å.).

I ein designprosess kombinerer vi gjerne tradisjon og nyskaping. Vi må kunne faget for å føre handverksarven vidare og utføre eit godt arbeid. Samtidig kan det vere spennande å tilføre produkta noko nytt. Uavhengig av kva vi legg mest vekt på, kan vi skape unike gjenstandar med lang levetid.

Materialval

Å bruke ressursar på ein ansvarleg måte er ein del av handverkstradisjonen vår. Det kan innebere å bruke lokale og fornybare ressursar eller å gjenbruke materiale frå tidlegare prosjekt. Vi må òg unngå å bruke kjemikal som er skadelege for helse eller miljø.

Restaurering

Vi må kunne rekonstruere ein bygning eller gjenstand for å ta vare på kulturarven vår. Då må vi ha kunnskap om korleis dei opphavleg såg ut, og korleis handverket vart utført.

Redesign

Redesign er ein kreativ prosess, der du tek utgangspunkt i eit eksisterande produkt for å skape noko nytt. Lisa Sundvall er ein skomakar som redesignar sneakers. I denne prosessen legg ho vekt på kvalitet, både i materialbruken og i korleis ho utfører handverket.

I filmen møter du ein skomakar som reflekterer over berekraft i yrket sitt. Lisa Sundvall viser korleis ho redesignar sneakers og marknadsfører prosjekta sine i sosiale medium. Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-NC-ND 4.0

I filmen under viser ein møbeltapetserar korleis ho hjelper kundar til å gi brukte møbel ein stil og funksjonalitet som passar dei.

Sofie Pocock gir nytt liv til brukte møbel og marknadsfører bedrifta si i sosiale medium. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Delingskultur

Vi kan òg spørje oss om vi treng produkt vi berre bruker ein sjeldan gong. I tekstilbransjen finn vi plattformer for berekraftig mote. Her kan du leige klede, i staden for å ha dei hengande i skapet og berre bruke dei ved eit par høve.

Du kan bidra

Handverkstradisjonen vår er berekraftig i seg sjølv. Ved å reparere og skape nye handverksprodukt som held høg kvalitet, kan du vere med å bidra til ei berekraftig utvikling.

Kjelder

Circular Norway (u.å.) Om sirkulærøkonomi. https://www.circularnorway.no/sirkularokonomi

CSIRO. Australia's National Science Agency (2022, 27. juli). Seven megatrends that will shape the next 20 years. https://www.csiro.au/en/news/All/News/2022/July/Seven-megatrends-that-will-shape-the-next-20-years

Forskning.no. (2022. 29. juli). Megatrender som vil forme verden. https://forskning.no/ntb/megatrender-som-vil-forme-verden/2059054

Regjeringen. (2021, 16. juni). Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi. https://www.regjeringen.no/contentassets/f6c799ac7c474e5b8f561d1e72d474da/t-1573n.https://www.regjeringen.no/contentassets/f6c799ac7c474e5b8f561d1e72d474da/t-1573n.

Sinnes, A. T. (2020). Action, takk! Hva kan skolen lære av unge menneskers handlinger for bærekraftig utvikling? Gyldendal.

Relatert innhald