Hopp til innhald
Fagartikkel

Dyrkingsforhold

Dyrkingsforhold seier noko om kva miljø tomatplantene veks i, og eit godt dyrkingsforhold er det dei trivst best i. Det omfattar både temperatur, lysforhold og næringstilgang. Har du tomatproduksjon som leveveg, er det viktig å få dette miljøet så nært perfekt som mogleg.

Temperatur

I tomatproduksjon er det tilrådd å ha eit temperaturprogram med 17 gradar natt og 20 gradar dag. Når temperaturen stig over 23 gradar, bør luftelukene opnast.

Lys

Dersom du dyrkar tomat berre i sommarhalvåret, kan du klare deg utan tilleggsbelysning, for då er det nok naturleg lys. I vinterhalvåret må vi derimot gi ekstra lys. Både lysnivået og daglengda er viktig.

Lysnivå

Anbefalt lysnivå på cirka 215 µmol/m2/s (mikromol per kvadratmeter per sekund). Gir du mykje meir lys, kan du få gi sviskadar, mens mindre lys gir lågare produksjon.

Daglengde

Daglengda bør vere 18 timar. Det betyr at plantene får lys i 18 timar, anten frå naturleg lys eller frå lamper. Plantene treng kvileperioden på 6 timar, og denne perioden har vi på natta med minst mogleg naturleg lys.

Når det er dag, altså i 18-timarperioden, vil vi at lampene sløkker når det er nok naturleg lys og tenner igjen når naturleg lys blir lågare enn kravet. Grensa her er altså 215 µmol/m2/s. Dette stiller vi inn på klimacomputeren som styrer det tekniske.

Einingar for lysstyrke

Lux

I plantedyrking har vi tradisjonelt brukt eit luxmeter til lysmåling, då får vi lysstyrken oppgitt i lux. I lyskrevjande kulturar som agurk ønsker vi til dømes ein lysstyrke på cirka 20 000 lux.

Til samanlikning seier vi at det på ein sommardag er cirka 100 000 lux når vi måler i direkte sollys. Lux måler lysstyrke slik auga til menneske oppfattar lyset, men plantene oppfattar ikkje lyset på same måten. Mange meiner derfor at vi heller bør måle lysstyrke med ein såkalla kvantesensor, for det gir eit rettare bilete av kor mykje av lyset plantene kan bruke.

Mikromol per kvadratmeter per sekund

Måleininga er µmol/m2/s (mikromol per kvadratmeter per sekund). Litt avhengig av lampetype vil 15 000 lux svare til omtrent 200 µmol/m2/s. Ein sommardag vil vi kunne måle snautt 2 000 µmol/m2/s i direkte sol.

Gjødsling og vatning

Vatnet må tilsetjast gjødsel som er samansett for å eigne seg til tomatdyrking. Vi har sett krav til leietal 2 på blandinga, dette seier noko om kor mykje gjødsel som skal blandast i vatnet.

Kor mykje vatn plantene treng, kjem an på storleik, innstråling, luftfukt, årstid og belysningsstyrke. Dei forbruker meir vatn på sommaren enn på vinteren, og store planter treng sjølvsagt meir vatn enn små. Ei tomatplante kan forbruke alt frå 0,5 til 2,4 liter per dag.

Plantene blir vatna og gjødsla gjennom eit dryppvatningsanlegg der kvar plante har eit drypp. Vatninga går automatisk, og talet på vatningar i døgnet må justerast etter kvart som plantene veks. Når behovet er størst, må det kanskje vatnast opp mot ti gonger i døgnet, med små planter kanskje to gonger. Då blir det til dømes vatna i ti minutt på alle plantene i huset samtidig.

CO2 – karbondioksid

I tomatproduksjon i veksthus er det vanleg med ekstra tilførsel av CO2. Ekstra tilførsel av CO2 er berre aktuelt når det er lyst, fordi det er då fotosyntesen skjer. Lyset kan komme frå naturleg dagslys eller frå kunstig vekstlys. I mørket vil plantene gi frå seg CO2 gjennom respirasjon, og då har ikkje ekstra tilførsel av CO2 nokon effekt.

Når luftelukene er opne, tilfører vi ikkje CO2, for då ville gassen berre forsvunne ut gjennom taklukene.

I tomathuset ønsker vi ein konsentrasjon av CO2 på 1000 ppm. Ved denne konsentrasjonen av CO2 har plantene den mest effektive fotosyntesen. Plantene klarer ikkje å nyttiggjere seg ein høgare konsentrasjon, det gir derfor ingen gevinst å auke han.

Kjelde

Bø, O. & Fritsvold, B. (2024, 2. juli). Tomat. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/tomat

Relatert innhald

Fagstoff
Luftsamansetjing

I veksthuset tilfører vi CO2. Auka CO2-nivå gir høgare fotosynteseaktivitet og dermed rakare vekst. Luftfukta kan vi auke ved å montere bruseanlegg.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2024