Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppal av tomat

Oppal er perioden frå såing til planting. Ved oppal av tomatplanter bør vi få 60–70 cm høge tomatplanter før vi plantar dei. Her kan du lære korleis du kan lage nye planter, og korleis du behandlar plantene i oppalperioden.

Såing

Tomatfrø bør du kjøpe frå ein anerkjend frøforhandlar slik at du er sikker på at frøa er utan virus og andre sjukdomsframkallande organismar. Vi sår eit og eit frø, anten i små steinullblokker (3,6 x 3,6 cm) eller i torv avhengig av kva vekstmedium dei skal vekse i når dei blir større. Skal du dyrke i steinull, er det enklast å så i steinull. Du bør uansett så nokre ekstra frø slik at du er sikker på å ha nok planter.

Frøa skal spire lyst, men du bør dekke lett med til dømes slik at du beheld fukta i vekstmediet. I tillegg kan du dekke med plast, dette hjelper òg med å bevare fukta. Plasten bør du ta av når tomatplantene har spiret. For rask og god spiring bør temperaturen ligge på 24 gradar.

Poding

I seinare år har det blitt vanleg å pode tomatplantene. Poding betyr at vi set saman to ulike planter. Vi bruker stengel/stamme med rot frå ei plante og toppen frå ei anna plante. Stammen vi bruker, kallar vi grunnstamme.

Poding av vedaktige planter som frukttre og roser har vore vanleg i mange år, men poding av grøne, urteaktige planter har vore mindre vanleg. Poding av grøne planter, som tomat, kallar vi grønpoding.

Kvifor pode?

Fordelen med poding er at du kan velje ein grunnstamme som er sterk mot sjukdom og pode på den sorten tomat du ønsker. I tomatdyrking er det òg ein fordel at du vel ein grunnstamme som klarer å ta opp mykje vatn. Tomatplantene blir store med mykje bladverk, og på solrike sommardagar er fordampinga svært høg. Då må rota klare å ta opp og erstatte alt vatnet som fordampar, slik at planta ikkje visnar.

Korleis pode?

Når vi skal pode tomat, sår vi først dei plantene som skal brukast som grunnstamme. 2–3 dagar seinare sår vi den tomatsorten vi vil ha. Så blir desse poda saman. For at dei to plantene skal gro raskt saman, bør temperaturen vere cirka 20 gradar.

Plantene er små når vi podar dei saman, stengelen bør vere cirka 2 mm tjukk. Planta som skal brukast som grunnstamme, blir toppa rett under frøblada. Du set på eit plastklips, og toppen blir sett ned i klipset. Dei nypoda tomatplantene må ha høg fukt fram til dei har grodd saman. Du kan til dømes lage eit plasttelt på veksthusbordet og dusje plantene ofte slik at fukta held seg konstant høg. Etter omtrent ei veke har dei to plantene grodd saman, og du kan ta bort teltet.

Stiklingformeiring

Det er òg mogleg å lage nye småplanter ved å ta stiklingar frå store tomatplanter. Då tek du av eit sideskot på den gamle planta og set det i ei potte med torv eller i ei steinullblokk. Dette sideskotet kallar vi stikling. Stiklingen bør ha 2–3 blad før du tek han av morplanta. Set stiklingane i eit telt slik at dei har høg fukt, og i løpet av ei veke har dei slått rot.

Denne metoden å lage nye småplanter på er rask og rimeleg, men ver merksam på at sjukdommar du har på morplantene, vil bli med til dei nye småplantene.

Tida fram til planting

Ompotting

Tomatplantene må pottast om éin gong før planting. Brukar du steinull, flytter du den vesle steinullblokka du sådde eller poda i, over i ei blokk som er 10 x 10 cm. Bruker du torv, er det laga eigne potter til tomatdyrking. Desse pottene har større opning i botnen enn vanlege potter.

Dyrkingsforhold fram til planting

Fram til planting bør tomatplantene dyrkast under desse forholda:

  • Temperatur: I overkant av 20 gradar er anbefalte.

  • Lys: 200 μmol/2/s frå sollys eller tilleggslys. Daglengda bør vere mellom 12 og 18 timar.

  • Gjødsling: Frå såing eller poding og fram til ompotting kan leietalet ligge på 2 mS/cm. Når plantene kjem over i større potter, kan du auke leietalet gradvis opp til 3,5–4,0 mS/cm.

  • CO2: Gi plantene ekstra CO2. Det blir tilrådd eit nivå på 800 ppm.

Planting

Når tomatplantene blir 60–70 cm høge, kan du plante dei ut i torvsekker eller andre vekstmedium.

Oppgåve

Vel rett påstand.

Kjelder

Larsen, G. (2021, 27. mai). Oppal av tomat – Dyrkningsveiledning for oppal av tomat. Norsk Landbruksrådgiving. https://veksthus.nlr.no/fagartikler/veksthus/veksthus/oppal-av-tomat

Pedersen, S. F. (2024, 2. juli). Grønnpoding av tomat og agurk. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/gronnpoding-av-tomat-og-agurk


CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2024