Hopp til innhald
Fagartikkel

Tomat

Tomaten finst i fleire ulike variantar. Både storleik, farge og smak varierer. Han er nært i slekt med poteten og kjem frå Sør-Amerika. Produksjon av tomat tek svært mykje av veksthusarealet i Noreg, og er han eigentleg ei grønsak, ei frukt eller eit bær?

Tomaten – før og no

Tomatplanta kjem opphavleg frå Sør-Amerika. Ho høyrer til søtvierfamilien og er nært i slekt med potet. I Noreg begynte vi å dyrke tomat rett etter 1900, og i dei seinare åra har forbruket auka ganske betydeleg. No reknar vi med at kvar og ein av oss et mellom 15 og 20 kilo tomat i året. Tomat, saman med agurk, er òg det det blir dyrka mest av i norske veksthus. Tomaten blir dyrka over heile verda, og saman med lauk er han verdas mest dyrka grønsak.

Grønsak, frukt eller bær?

Innimellom dukkar det opp ein diskusjon om tomaten er grønsak, frukt eller bær. Botanisk er tomat eit bær. Bær er saftige og kjøttfulle og inneheld vanlegvis mange frø, altså som tomaten. Samtidig er tomaten frukta til tomatplanta, det frøberande organet som blir danna frå blomsteren. Samtidig bruker vi gjerne tomaten som ei grønsak. Du har altså rett anten du kallar det bær, frukt eller grønsak. Kanskje vi kan samanfatte med dette sitatet:

"Kunnskap er å vite at ein tomat er ei frukt, visdom er å ikkje bruke han i ein fruktsalat."

Tomattypar

Utvalet av tomattypar har auka kraftig. Før 2000-talet var den store, oransje tomaten nesten den einast typen vi fann i butikken, og han smakte visstnok ikkje så godt! No finn vi smakfulle tomatar i mange fargar, ulike storleikar og ulike fasongar, og vi et mykje meir tomat no enn før. Tomaten blir seld både enkeltvis og som klase (klase betyr at tomatane heng på stilken). Nedanfor finn du eit utval av tomattypane vi kan finne i butikken.

Vanleg, rund tomat

Vi bruker framleis mykje av den vanlege, runde tomaten. Han er ikkje like søt som dei små typane, men har til gjengjeld som oftast lågare pris.

Cherrytomat

Cherrytomat er den minste av alle tomattypane vi finn i butikken, og er på storleik med eit kirsebær. For mange er dette favoritt-tomaten, og han finst i fleire fargar: gul, raud, oransje og nesten svart.

Cocktailtomat

Cocktailtomat liknar mykje på cherrytomaten, men er litt større.

Plommetomat

Plommetomaten har fått namnet sitt fordi han har form som ei plomme. Fargen er raud, gul eller oransje, og storleiken varierer òg. Han har litt tjukkare skal enn dei andre tomattypane. Hermetiske tomatar er ofte laga av plommetomatar.

Grøn tomat

Den grøne tomaten er liten, men likevel litt større enn cherrytomaten. Han har ein syrleg smak.

Bifftomat

Bifftomat er den største tomattypen. Ein tomat kan vege over 250 gram. Fruktkjøttet er litt fastare hos bifftomaten enn alle dei andre typane. Både fasong, smak og farge kan variere.

Tigertomat

Tigertomaten har fått namnet sitt etter utsjånaden på skalet, han har nemleg oransje striper på raud botn.

Kumato

Kumato, eller svart tomat som nokon kallar han, er ein ganske ny sort. Han er liten til middels stor, og skalet er brunraudt. Smaken er søtsyrleg.

Visste du at ...

Tomatane smaker mykje betre om du legg dei i romtemperatur ei stund før du skal ete dei? Alternativt kan du lagre dei i kjøleskapet.

Kjelder

Amundsen, B. (2019, 23. april). For 25 år siden smakte tomater vondt. Det har forskere vært med på å endre. Forskning.no. https://www.forskning.no/mat/for-25-ar-siden-smakte-tomater-vondt-det-har-forskere-vaert-med-pa-a-endre/1323410

Bø, O. & Fritsvold, B. (2024, 2. juli). Tomat. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/tomat

NIBIO. (u.å.). Tomat. Henta 25. august 2024 frå https://www.nibio.no/tema/mat/plantegenetiske-ressurser/nytteplanter-i-norge/hagebruksplanter/gronnsakssorter/tomat

Opplysningskontoret for frukt og grønt. (u.å.). Tomater. Henta 26. august 2024 frå https://www.frukt.no/ravarer/gronnsaker/tomater/

Sjo, K. (2017, 30. november). Tomaten – frukt, bær eller grønnsak? Språkprat. https://sprakprat.no/2017/11/30/tomaten-frukt-baer-eller-gronnsak/

Wiig gartneri. (u.å.). Våre produkter. Henta 19. juni 2024 frå https://www.wiig-gartneri.no/produkter

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2024