Hopp til innhald
Fagartikkel

Arbeidsoppgåver i tomatproduksjon

Produksjon av tomat er arbeidskrevjande. Har du eit stort hus med tomat, har du jobb kvar dag med anten pinsering, avblading eller hausting. Og du må heile tida sjekke plantene for skadedyr og sjukdom.

Pollinering

Tomatblomsteren har både hanlege og holege kjønnsdelar, han er altså tvikjønna. Blomstrane bestøvar seg sjølve, men for å få best mogleg tomatavling kan vi hjelpe til slik at alle blomstrane gir frukt. Det er fleire måtar vi kan gjere dette på.

Humlebol

Vi kan kjøpe og setje inn humlebol i veksthuset, då gjer humlene pollineringsjobben for oss. I dag bruker alle større tomatprodusentar humler til pollinering. Det er arbeidssparande fordi vi då slepper den manuelle jobben med vibratorstav. Humlebola kjem i pappesker og er produserte for formålet.

Vibratorstav

Ein annan måte er å bruke ein vibratorstav, ein liten stav der spissen vibrerer. Den vibrerande spissen blir sett bort på stengelen slik at blomstrane vibrerer, og pollenet ramlar ned på arret. Dette må vi gjere fleire gonger i veka.

Manuell risting

Viss vi berre har nokre få planter, kan vi heilt enkelt berre riste litt i plantene når vi går forbi.

Nedfiring

Tomatplantene er bundne opp med eit snøre som er festa nedst på planta. Snøret er vikla på ein krok som heng i ein kraftig ståltråd eit par meter over plantene. Etter kvart som planta veks, blir ho snurra rundt snøret. Utan dette snøret vil tomatplanta knekke. Når planta har vakse opp til ståltråden, må ho firast ned. Då legg vi nedre del av stengelen ned på golvet, tek ut litt meir snøre og hektar kroken på ståltråden igjen. Tomatplanta kan då vekse vidare opp mot ståltråden på nytt. Denne nedfiringa må vi gjere to til tre gonger i veka.

Pinsering

På plantene vil det vekse ut sideskot i bladhjørna. Desse kallar vi tjuvar, og dei skal fjernast slik at det blir éin hovudstengel. Dette kallar vi pinsering. Jobben med å fjerne sideskot gjer vi samtidig som vi snurrar hovudstengelen rundt snøret som tomatane er bundne opp med.

Avblading

Når tomatplantene har vakse seg opp i ståltråden dei er bundne opp i, må vi senke plantene slik at dei kan halde fram med å vekse i toppen. Når vi senkar, legg vi ned planta slik at den nedre delen blir liggande langs golvet eller oppå vekstmediet. Då må vi fjerne dei nedste blada. Desse får lite lys, blir ofte gule og gjer ikkje lenger noko nytte for plantene. Viss vi ikkje fjernar dei, blir det ein tett bladmasse som lett blir angripen av soppsjukdom. Vi fjernar blad slik at planta har omtrent 18 blad igjen.

Hausting

Vi bør hauste omtrent annankvar dag. Vi haustar gjerne tomatane litt før dei er heilt modne, då er dei fastare og toler transport betre. For smaken sin del er det derimot best om dei får henge på plantene til dei er heilt modne. Tomatane blir lagra best på 12–13 gradar og ved ei relativ luftfukt på 70–75 prosent.

Film om arbeid i tomatkulturen (1:24)

Den filmen gir ein gjennomgang av arbeidsoppgåvene snurring, pinsering, avblading og hausting.

Video: Martin Aune Walther, Torbjørn Guddingsmo / CC BY-SA 4.0

Skadegjerarar

Vi kan få angrep av både sjukdommar og skadedyr på tomatplantene. Det er viktig at vi oppdagar dette tidleg, slik at vi kan setje inn tiltak før angrepet blir for omfattande. Når du haustar, tek av blad eller pinserer, så tenk på at du samtidig sjekkar for skadedyr eller sjukdom.

Skadedyr

Dei vanlegaste skadedyra i tomat er , og ulike variantar av .

Virus

Virus er normalt ikkje eit problem hos yrkesdyrkarane, for vi bruker sortar som er resistente mot virus. Men for hobbydyrkarane kan virusinfiserte planter dukke opp. Virusinfiserte planter blir ofte kjenneteikna ved misvekst som til dømes at blada krøllar seg. Men virus kan òg vise seg ved gule, brune eller grå flekker på blada. Virusinfiserte planter gir lita avling, og av og til blir òg sjølve tomaten øydelagd av virus.

Sopp

Av soppsjukdommar er det og som er vanlegast. Ver merksam på at soppsjukdommen tørr-rote, som er eit problem i potetdyrking, òg angrip tomat fordi dei er i same plantefamilie. Derfor bør vi ikkje dyrke potet og tomat i nærleiken av kvarandre.

Griffelrote

Griffelrote er vanleg i tomat. Det er ikkje ein sjukdom, men kjem av mangel på næringsstoffet kalsium under blomstring. Årsaka er ofte ujamn vatning eller dårleg opptak og transport av vatn og næring i planta. Griffelrote øydelegg tomatane.

Nedkjemping av skadegjerarar

Nyttedyr

I dag bruker alle tomatdyrkarar nyttedyr for å halde skadedyra under kontroll. Nyttedyr er eit samleomgrep på ulike insekt som drep eller et skadedyra. Nyttedyr kan du bestille hos dei som sel driftsmiddel til veksthus. Dei veit kva nyttedyr du skal bruke mot dei ulike skadedyra, og korleis du skal fordele dei i veksthuset.

Nyttedyr kan ikkje brukast mot soppsjukdommar, men det finst mange variantar av ikkje-kjemiske tiltak som vi kan prøve. Får vi angrep av til dømes mjøldogg, kan vi kontakte rådgivarar eller andre med meir erfaring med tomatdyrking for tips til tiltak.

Kjemiske middel

Kjemiske middel kan takast i bruk når ein mister kontrollen fullstendig, men lærer du deg å følge med på plantene, slepp du å komme i denne situasjonen. Bruk av kjemiske sprøytemiddel er dyrt, uheldig for miljøet, utriveleg å jobbe med, og i tillegg må vi kaste tomatane vi haustar, i lang tid etter sprøyting.

Kjelde

Bø, O. & Fritsvold, B. (2024, 2. juli). Tomat. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/tomat

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2024