Hopp til innhald
Fagartikkel

Dyrkingsteknikk

Når du skal plante tomatplantene dine i veksthuset, må du gjere fleire val. Skal du ha enkeltrader eller dobbeltrader? Skal du plante i torv eller i steinull? Eller kanskje i flis? Sørg uansett for at du har nok plass til hausting og arbeid i kulturen, og at det er praktisk å utføre arbeidet.

Organisering i huset

Det er fleire måtar å organisere tomatplantene i veksthuset på. Dei kan plantast i enkeltrader eller dobbeltrader.

  • enkeltrader: Du har ei rekke med planter der annakvar plante blir bunden ut til kvar si side. Rada får ei V-form sett frå enden.

  • dobbeltrader: Du har to og to rekker som blir bundne opp i kvar sin tråd.

Det er viktig at du har nok plass til å komme fram med utstyr for hausting og anna arbeid. Mellom radene (anten enkelt- eller dobbeltrad) bør du ha 120 cm. Har du dobbeltrader, blir det tilrådd 80 cm mellom dei to radene. Avstanden mellom plantene er 30–40 cm.

Det er òg ein tredje måte å organisere plantene på. Då plantar vi i enkeltrader, men frå kvar plante let vi det komme to stenglar. Desse to bind vi opp i kvar sin tråd slik at rada får ei V-form.

Oppbinding og nedfiring

Tomatplantene blir 10–15 meter lange i løpet av ein sesong. Stengelen er svak, og derfor må plantene bindast opp rett etter planting.

Vi bruker eit snøre som vi festar med eit klips heilt nedst på stengelen. Snøret viklar vi rundt og oppover stengelen etter kvart som planta veks.

Snøret er surra på ein krok som deretter blir hekta på ein kraftig ståltråd 3–4 m over planteradene. Snøret må vere minst like langt som lengda på plantene på slutten av sesongen.

Når plantene har vakse seg opp i ståltråden, må vi fire plantene ned slik at den nedste delen blir liggande nesten nede på bakken eller golvet i huset. Når toppen av planta har vakse seg opp i ståltråden igjen, firer vi ned på nytt. Jobben må nedfiring må vi gjere gjennom heile kulturen.

Dyrkingsmedium

Det er fleire dyrkingsmedium å velje blant når du skal dyrke tomat. Det blir brukt både torv, steinull og perlite, men fleire dyrkingsmedium, som til dømes trefiber, er under utprøving og delvis tekne i bruk. Skal du dyrke økologiske tomat, må du plante rett i bakken i veksthuset.

Torv og blandingar med torv, og dessutan jord, er aktive medium. Steinull, perlite og vatn er døme på inaktive medium. I dei inaktive dyrkingsmedia er næringa alltid å finne i vatnet i mediet, mens torv og jord har evna til å binde og gi frå seg næring. Når vi ønsker å styre nærings- og vasstilgangen for plantene heilt nøyaktig, er dei inaktive media enklast å bruke.

Kjelde

Bø, O. & Fritsvold, B. (2024, 2. juli). Tomat. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/tomat

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2024