Hopp til innhald

Fagstoff

Dyrkingsmedium i veksthus

Eit dyrkingsmedium, eller vekstmedium, er det som plantene står i, det dei festar røtene i og tek opp vatn og næring frå. I veksthus dyrkar vi mykje i torv, mens steinull er eit vanleg dyrkingsmedium for tomat og agurk. Alternative medium kan vere kokosfiber, perlite eller vatn.
Potter med jamstore planter. Foto.

Kva kjenneteiknar eit godt dyrkingsmedium?

Eit dyrkingsmedium som gir planterøtene tilgang på både vatn og luft er viktig for god plantevekst: Friske og frodige røter gir friske og frodige planter. Mediet må klare å halde på noko vatn samtidig som at røtene framleis har tilgang på oksygen i mediet. Det må altså ha god vasslagringskapasitet og ein porøs struktur der porene gir røtene tilgang på oksygen.

Dyrkingsmediet skal gi rotfeste og vere lett å trenge igjennom for røtene. Det bør behalde den porøse strukturen over tid og ikkje blir brote ned for raskt. Vi vil óg ha eit medium fritt for ugras, skadedyr og plantesjukdommar.

I tillegg ønsker vi at mediet blir produsert berekraftig, og at det ikkje har negative følger for klima og miljø. Forskingsmiljøa jobbar no med å finne eit medium som eignar seg for plantedyrking, blir produserte berekraftig og som gir færrast mogleg negative konsekvensar for miljøet.

Eit godt dyrkingsmedium bør altså

  • ha god vasslagringskapasitet

  • ha porøs struktur

  • vere fritt for ugras, skadedyr og plantesjukdommar

  • vere berekraftig

Aktive og inaktive dyrkingsmedium

Vi skil mellom aktive og inaktive dyrkingsmedium. Torg og blandingar med torv, og dessutan jord, er aktive medium. Steinull, perlite og vatn er døme på inaktive. I dei inaktive dyrkingsmedia er næringa alltid å finne i vatnet i mediet, mens torv og jord har evna til å binde og gi frå seg næring. Når vi ønsker å styre nærings- og vasstilgangen for plantene heilt nøyaktig, er dei inaktive media enklast å bruke.

Film om dyrkingsmedium (1:03)

I denne filmen får du ein gjennomgang av ulike typar dyrkingsmedium som torv, steinull og perlite.

Torv

Eigenskapar

Torv er eit svært godt dyrkingsmedium. Torva har høg vasslagringskapasitet og ein struktur som gir planterøtene god tilgang på oksygen. Torv er lett å jobbe med og i tørr tilstand lett i vekt. Det siste er viktig med tanke på at gartnaren kanskje må løfte mange sekkar med torv dagleg. Torv inneheld òg minimalt med frø og røter frå ugrasplanter og er fri for skadedyr og sjukdommar.

Bruk

Det er utbreidd bruk av torv i gartnarnæringa. Dei aller fleste pottekulturane, som til dømes julestjerne, blir dyrka i torv eller i blandingar med sin stor del torv. Det same gjeld sommarblomster til balkongkassar og blomsterbed. I blandingane kan det vere sand eller leire i tillegg til torv.

Torva blir klassifisert etter omdanningsgrad, der H1 er minst omdanna og H10 er mest omdanna utan synleg plantestruktur. Omdanningsgraden påverkar strukturen: sterkt omdanna torv gir mindre struktur.

Miljø

Uttak av torv er eit stort inngrep i naturen. I Noreg veks ei myr 0,5–1 mm i tjukkleik per år. Det betyr at det har teke minst 1000 år å danne ei myr med eit 1 meter tjukt torvlag, og torvlaget på ei myr er ofte mykje tjukkare enn det. Ved uttak blir myra drenert, torv blir teke ut lag for lag og etterlet seg det vi kallar ein torvørken. Leveområdet for mange typiske myrartar er dermed øydelagt for all overskodeleg framtid.

I tillegg er uttak av torv ei kjelde til utslepp av klimagassen karbondioksid. Karbonet har lege lagra i myra i lang tid, og når vi opnar opp for uttak, blir dette karbonet frigjort. Utslepp av klimagassen metan aukar òg. Det er anslått at ti prosent av det årlege utsleppet av klimagassar i Noreg kjem frå grøfta og øydelagde myrar.

Kulturlandskap som er ferdig hausta med berre den brune jorda synleg. Foto.

Steinull

Eigenskapar

Steinull er vulkansk steinsens som blir knust til sand og blir varm opp til flytande masse som blir avkjølt på ei roterande flate. Rotasjonen gjer at dropane blir trekte ut til lange fibrar, og fibrane blir sette saman til blokkar av steinull som vi kan dyrke planter i.

Steinull har høg vasslagringskapasitet og samtidig ein struktur som gir planterøtene god tilgang på oksygen. Når du som gartnar får litt erfaring med tilførsel av vatn og næring, fungerer steinull godt som dyrkingsmedium.

Bruk

Tomat og agurk er typiske kulturar som har steinull som dyrkingsmedium.

Miljø

Den største utfordringa med steinull er avfallsproblemet. Sidan mediet er laga av stein, kan vi verken kompostere eller brenne det. Dermed blir det avfall som vi aldri blir kvitt.

Små planter på eit bord i veksthus. Foto.

Andre dyrkingsmedium

Flytande næringsløysning

Vi kan dyrke planter i vatn, dette blir kalla hydroponi. Vatnet må sjølvsagt tilsetjast alle dei nødvendige næringsstoffa ei plante treng, og vi må sørge for at røtene har tilgang til oksygen. Hydroponi blir brukt noko i veksthusnæringa, fortrinnsvis i dyrking av krydderurter og salat. Det blir òg selt enkle system for hydroponi meint for private som vil dyrke til dømes urter i vindaugskarmen.

Rekker av grøne planter som står opp frå hol i kvite renner plasserte i terrassar i eit veksthus. Foto.

Kompost

Kompost er resultatet av nedbryting av organisk materiale under tilgang på oksygen. Det organiske materialet kan til dømes vere planterestar frå hagen eller husdyrgjødsel. Vanlegvis bruker vi kompost som jordforbetring, det er mindre vanleg å dyrke i rein kompost. Kompost tilfører jorda både næring og organisk materiale.

Kokosfiber

Kokos blir brukt noko i dyrking av jordbær i veksthus eller i plasttunnelar. Som dyrkingsmedium liknar kokosfiber mykje på torv, men det må kanskje vatnast noko oftare då kokos har litt lågare vasslagringskapasitet.

Ulempa med kokosfiber er miljøpåverknadene. Fibrane må vaskast i store mengder vatn, og dette skjer ofte i land der vatn er mangelvare. I tillegg krev det bruk av kjemikal. Og sist, men ikkje minst: Kokosfiber blir importert frå land på den andre sida av kloden, noko som heller ikkje er særleg berekraftig.

Trefiber

Trefiber frå gran er under utprøving som dyrkingsmedium. Dei fysiske eigenskapane til trefiber er ganske like eigenskapane til torv. Utprøvingane har gitt lovande resultat i mellom anna jordbærdyrking i veksthus, der avlingane var like høge i trefiber som i torv.

Perlite

Opphavet til perlite er, som for steinull, vulkansk stein, men prosessen til ferdig produkt er litt ulik. Perlite er kvite, små "steinar" som er mellom 1 og 5 mm i diameter. I dag blir det mest brukt som tilsetning i torvblandingar for å gjere dei meir luftig og auke planterøtenes tilgang til oksygen. Perlite blir òg brukt noko som dyrkingsmedium til mellom anna tomat og agurk. Då er plantene sådde i steinullblokkar som blir sette på ei matte med perlite. Perlite åleine gir plantene dårleg rotfeste.

Knuste, kvite steinar i petriskål. Foto.

Oppgåver

Vel rett alternativ

Aktive eller inaktive dyrkingsmedium?

Flytt dei ulike dyrkingsmedia til rett kategori.

Kjelder

Canna Reasearch. (2007, 29. desember). Generell informasjon om inerte substrater. https://www.canna-no.com/articles/generell-informasjon-om-inerte-substrater

Canna Reasearch. (2007, 29. desember). Steinull og andre inerte substrater. https://www.canna-no.com/articles/steinull-og-andre-inerte-substrater

Dybdal, S. E. (2022, 6. januar). Tenker nytt om norsk jordbærdyrking. https://www.nibio.no/nyheter/tenker-nytt-om-norsk-jordbaerdyrking

Fandrem, M. (2018, 9. januar). Kronikk: Framtida til norsk torvindustri avgjøres i år. https://www.forskning.no/jord-og-skog-naturvern-ressursokonomi/kronikk-framtida-til-norsk-torvindustri-avgjores-i-ar/1158668

Ladstein, T. (2020, 6. mai). Alternativ dyrkingsjord, hva finnes? https://www.obp.no/alternativ-dyrkingsjord-hva-finnes/

NIBIO. (2020, 2. mars). Nytt om bruk av trefiber som dyrkingsmedium for bærdyrking. http://info.nlr.no/resources/12946/My_Documents/Baerseminar2020/WozNytt_om_bruk_av_trefiber_som_vekstmedium_for_brdyrking_0403.pdf

Aarnes, H. (2023, 24. juli). Hydroponikk. I Store norske leksikon. https://snl.no/hydroponikk

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2024

Læringsressursar

Jord og andre dyrkingsmedium