Hopp til innhald
Fagartikkel

Jordstruktur

Jorda på garden din er bestemd av kvar ho kjem frå, og korleis ho er frakta dit, det får du ikkje forandra på. Men strukturen i jorda di er minst like viktig for planteveksten, og den kan du påverke. Jordstruktur fortel noko om korleis partiklane og porene i jorda er ordna i forhold til kvarandre.

Kva er god jordstruktur?

Det viktigaste når vi skal dyrke planter, er at jorda inneheld store og små porer og kanalar slik at luft og vatn kan bevege seg fritt i jorda. Vatnet må kunne sige ned i periodar med mykje nedbør slik at røtene får tilgang på oksygen. Men vatnet må òg kunne bevege seg oppover til rotsjiktet når det er tørt. God jordstruktur blir kjenneteikna ved at store og små porer mellom jordpartiklane er intakte. Når jorda blir pakka saman slik at desse romma forsvinn, øydelegg vi jordstrukturen.

Film om infiltrasjon og struktur i jord (2.05)

Filmen handlar om korleis porene i jorda påverkar vassinnhaldet i ho. Sjå filmen og svar på oppsummeringsoppgåvene som kjem til slutt.

Aggregatstruktur

Jordaggregat er enkeltpartiklar av leire, silt eller sand som har klumpa seg saman, og som oftast inngår det òg organisk materiale. Storleiken på aggregata varierer. Dei minste er knapt synlege for oss, mens dei største kan vere opp mot 5 mm store. Dei store aggregata er sette saman av mange små aggregat og dannar det vi kallar grynstruktur i jorda.

Aggregata blir bundne saman av leire, sopphyfar eller røter, men organiske stoff som blir skilde ut frå røter, sopp og bakteriar i jorda, er òg viktige for danninga av desse aggregata.

Mellom og i desse aggregata er det luftrom som er gunstige for tilgangen til plantene på vatn og luft. Luftromma, eller porene, gjer at vatn og luft kan bevege seg fritt i jorda. Luftrom er òg positivt for rotveksten, aktiviteten til jordorganismane og dessutan akkumulering og nedbryting av organisk materiale.

Korleis blir ein god aggregatstruktur laga?

Samspelet mellom biologiske og prosessar påverkar danning av aggregatstruktur. For dei største aggregata er dei biologiske prosessane viktigast, for dei små har dei abiotiske prosessane mest å seie.

  • Biologiske prosessar er røter, sopphyfar, bakteriar og meitemakk.

  • Abiotiske prosessar er veksling mellom frysing og tining og mellom tørke og fukt.

Korleis kan vi bevare ein god aggregatstruktur?

Dersom du som bonde klarer å lage og bevare ein god aggregatstruktur, gir du plantene eit godt grunnlag for god vekst og produksjon. For å få til dette er det fleire ting du kan gjere, eller aller helst unngå å gjere.

Organisk materiale

Sørg for eit høgt innhald av organisk materiale. Innhaldet av organisk materiale gir meir stabile aggregat. Det gir òg auka biologisk aktivitet i jorda. Meitemark, sopp og bakteriar lever av å bryte ned organisk materiale. I nedbrytinga skil dei ut stoff som er viktige for å danne aggregat.

Laglege forhold

Ikkje køyr på jord som er for fuktig. Vent til det har tørka opp slik at forholda er det vi kallar laglege.

Jordpakking

Køyring med tunge maskiner bidreg ikkje til betre jordstruktur, og aller verst er tunge maskiner på blaut jord. Skadane kan bli varige.

Jordarbeiding

Jordarbeiding påverkar i utgangspunktet jordstrukturen negativt, så avgrens det så mykje du synest du kan. Samtidig kan jordarbeiding reparere noko i ein øydelagd jordstruktur, til dømes løyse opp pakking i dei øvre sjikta.

Film om lagleg jord (7.04)

Sjå filmen om lagleg jord og struktur i jorda, og svar på spørsmål undervegs.

Kjelder

Bysveen, K. (2023, 25. september). Mindre dur og mer mold. https://www.nlr.no/fagartikler/jord/jordhelse/default/mindre-dur-og-mer-mold

Båtnes, M. (2022, 8. juni). Aggregater i jord. https://www.agropub.no/fagartikler/aggregater-i-jord-viktig-for-jordstrukturen

Pommeresche, R. (2022, 8. juni). Biologisk jordstruktur. https://www.agropub.no/fagartikler/biologisk-jordstruktur

Serikstad, G.L. (2023, 9. mai). Jordstruktur og jordarbeiding. https://www.agropub.no/fagartikler/jordstruktur-og-jordarbeiding

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2023