Hopp til innhald

Fagstoff

Jord

Alle vekstar på åker og eng og dessutan frukt og bær i hagen dyrkar vi i jord. Der hentar plantene næring og vatn. Jorda er sjølve grunnlaget for utandørs planteproduksjon.
Eit jorde der jorda er pløgd. Den eine delen er slodda. Foto.

Kva er jord?

Jord er lausmassar over fast fjell og inneheld både organisk og uorganisk materiale. I tillegg inneheld jorda luft og vatn, og det siste er heilt avgjerande for at vi kan bruke ho som dyrkingsmedium.

Den uorganiske delen utgjer det meste av lausmassane og består av mineral frå berggrunnen som jorda er danna av. Den organiske delen er meir eller mindre omdanna plante- og dyrerestar. Det meste av jorda vi dyrkar, er ei blanding av mineralsk og organisk jord.

Tverrsnitt av bakken som viser ulike lag. Jordsmonn og undergrunnsjord utgjer det vi kallar jord. Fast fjell ligg under jorda. Illustrasjon.

Mineraljord

Det meste av dyrkajorda vår kallar vi mineraljord fordi ho inneheld under 40 prosent organisk materiale. Jorda blir klassifisert etter jordtype som seier noko om opphav og struktur.

Jordtypar

Jordtypane sand, silt og leire er avsette i vatn, anten hav, innsjøar eller elvar. Desse jordtypane er godt sorterte, og dei består derfor av partiklar på omtrent same storleik. Som plantedyrkar er det ein fordel å kjenne til kva jordtype du har, fordi du bør behandle dei ulikt.

Sandjord

Sandjord har partiklar som er opp til 2,00 mm store, og det er den jordtypen som har dei største partiklane. Jorda transporterer derfor både vatn og luft godt. Har vi sandjord på garden, kan vi starte opp våronna tidlegare enn dei fleste. Årsaka er at sandjord tørkar opp raskt, og fordi jordtemperaturen stig raskare enn i dei andre jordtypane. På sandjord kan du få problem med tørke i periodar med lite nedbør kombinert med høge temperaturar, vi seier at jordtypen er tørkesvak. Næringsstoffa blir òg lett vaska ut i sandjord.

Siltjord

Siltjord har partiklar som er litt mindre enn sandjord, partikkelstorleiken er under 0,06 mm. Transport av vatn og luft går derfor litt seinare enn i sandjord, noko som gjer ho mindre sårbar for tørke. Ho held òg litt betre på næringsstoffa. Siltjord både tørkar opp og blir varm opp langsamare enn sandjord på våren. Ho får lett pakkeskadar, sjekk derfor at ho er lagleg før du køyrer utpå siltjorda på våren.

Leirjord

Leirjord har dei minste partiklane, partikkelstorleiken er under 0,02 mm. Ho held godt på både vatn og næring. Ho drenerer dårleg, og med leirjord på garden må du ha litt tolmod på våren. Køyrer du på leirjord med for mykje fukt, øydelegg du strukturen, du må derfor vente med våronna til ho har tørka opp. Vi reknar leirjord som den mest fruktbare fordi ho held veldig godt på næringsstoffa og vi sjeldan får tørkeproblem.

Jordprøvar som viser strukturen på ulike jordtypar: Leire består av små partiklar, silt består av litt større partiklar enn leire, mens sand har dei største partiklane. Illustrasjon.

Morenejord

Morenejord er massar som under siste istid vart transporterte med isbreane og avsette direkte frå dei utan vidare transport. Morenejorda består derfor av alt frå ganske store steinar til bitte små leirpartiklar. Kvaliteten på morenejord for dyrking avheng av fordelinga av stein og leire og kva slags berggrunn breane har samla materialet frå.

Skråning der jorda under bakken har blitt synleg. Jorda består av brun sand med avrunde steinar i mange ulike storleikar. Foto.

Partikkelstorleik og vatn

Generelt er det sånn at jord med store partiklar held dårlegare på vatn og næring enn jord med små partiklar. Jord med små partiklar har totalt ei mykje større overflate enn store partiklar. Næringsstoff og vatn bind seg til overflata på partiklane, og derfor inneheld leire meir vatn og næring enn sand.

Jordartar – blanding av sand, silt og leire

Det er sjeldan vi har berre ein jordtype på ein åker, som oftast er det ei blanding av sand, silt og leire. Kor mykje det er av kvar av dei tre jordtypane, bestemmer kva jordart vi har. Du bør kjenne til kva jordart du har, fordi det har noko å seie for korleis du skal behandle jorda di. Kva jordart du har, får du svar på om du sender inn ein jordprøve.

Vi bruker jordarttrekanten til å bestemme jordart. Det finst 14 ulike jordartar alt etter innslaget av sand, silt og leire i den mest detaljerte jordarttrekanten.

Trekant som viser ulike jordartar ut frå prosentdel av leire, silt og sand. Illustrasjon.

Organisk materiale i jord

Organiske materiale er levande eller døde planter og dyr, eller restar etter dei. I jorda finn vi derfor organisk materiale som er lite omdanna, til dømes planterøter, halmrestar eller blad frå tre, blanda med godt omdanna materiale som vi kallar humus.

Innhald av organisk materiale i jorda er positivt for oss som skal dyrke planter. Organisk materiale er mat til meitemakk, spretthalar, midd og mange andre jordbuande smådyr og dessutan til mikroorganismar som sopp og bakteriar. Alle desse gjer om og bryt ned organiske materiale slik at næring blir tilgjengeleg for plantene. Organisk materiale bidreg også til at jorda held betre på vatn og næring.

Humus

Humus blir delt i tre grupper etter kor mykje det organiske materialet er omdanna.

  • Råhumus finn vi i skogjord og er relativt lite gjort om.

  • Torg finn vi i myr. Torg er litt meir gjort om enn råhumus.

  • Mold finn vi i dyrka jord. Det er den mest omdanna humustypen.


Myrjord

Myrjord består i utgangspunktet av torv utan særleg innslag av mineral. Det organiske materialet er meir eller mindre gjort om, og omdanninga skjer under fuktige forhold. Torva kan klassifiserast etter omdanningsgrad, der H1 er minst omdanna, og H10 er mest omdanna utan synleg plantestruktur. Det er utbreidd bruk av torv i gartnarnæringa, så når vi kjøper blomstrar til balkongkassane på våren, er dei ofte dyrka i torv.

Etter nokre år med plantedyrking på myr vil delen av mineraljord frå berggrunnen auke, like så moldinnhaldet. Dette betrar myrjord som dyrkingsmedium. Myrjord er tørkesterk, relativt næringsfattig og det vi kallar beresvak. Det siste betyr at det kan bli djupe spor om vi køyrer når det er for blautt. På myrjord bør du bruke breie dekk eller tvillingdekk for å unngå å lage køyrespor.

Grunnvasspegel i myr. Foto.
Myr og klimagassar

I Noreg er dyrking av myr i utgangspunktet ikkje tillate. Årsaka er at myr er kjelde til utslepp av store mengder klimagassar om vi opnar den opp for dyrking. Myr består for det meste av organisk materiale, og når dette blir brote ned, blir det sleppt ut karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Ei naturleg myr slepper ut relativt mykje metan, men lite CO2. Når vi dyrkar opp myra, må vi drenere, gjødsle og kalke. Kombinasjonen av høgare pH, meir næring og luft i myrjorda gir stor biologisk aktivitet og nedbryting av organisk materiale. Dette gir store utslepp av CO2.

Har du myr på garden og vurderer å dyrke den opp, må du søke om løyve i kommunen du bur.

Moldjord

Når moldinnhaldet er over 15–20 prosent, kan vi kalle jorda for moldjord. Mold er godt omdanna humus. I delar av landet er moldinnhaldet i dyrkingsjorda i ferd med å gå ned. Årsaka er mykje einsidig dyrking av artar som legg igjen lite planterestar i jorda, kombinert med hyppig jordarbeiding. Eit døme på dette er einsidig korndyrking. For å auke moldinnhaldet er engdyrking og bruk av husdyrgjødsel gode tiltak.

Oppgåve

Kva er sant og usant om jord?

Viktige omgrep

Jord
er alt lausmateriale over fast fjell.
Jordsmonn
er den øvste delen av jord som er påverka av klima og levande organismar.
Mineraljord
er jord som inneheld mindre enn 40 prosent organisk materiale.
Organisk jord
er jord med høgt innhald av organisk materiale, til dømes myrjord.
Jordart
er ei beskriving av kor stor del det er av sand, silt og leire i jorda.
Humus
er organisk materiale som er godt omdanna.
Sand
er den jordtypen som har dei største partiklane, opp til 2 mm store. Sand transporterer vatn godt og er ein næringsfattig og tørkesvak jordtype.
Silt
er ein jordtype med partikkelstorleik under 0,06 mm. Silt held noko betre på vatn og næring enn sand. Utsett for pakking.
Myrjord
består av torv utan særleg innslag av mineral. Det organiske materialet i torva er meir eller mindre gjort om, og omdanninga skjer under fuktige forhold.
Kjelder

Bysveen, K. (2022, 16. mai). Jordstruktur på ulike jordarter og produksjoner i Innlandet. https://innlandet.nlr.no/fagartikler/jord/fangvekster-og-underkultur/innlandet/jordstruktur-pa-ulike-jordarter-og-produksjoner-i-innlandet

Leire. (2023, 1. desember). I Plantefysiologisk leksikon. Universitetet i Oslo, Institutt for biovitenskap, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/l/leire.html

NIBIO. (u.å.). Myr og klimagasser. Henta 15. desember 2023 frå https://www.nibio.no/tema/miljo/tiltaksveileder-for-landbruket/klimagassutslipp/myr-og-klimagasser.

Rossebø, Å. (2022, 15. januar). Jord. I Store norske leksikon. https://snl.no/jord

Rossebø, Å. (2020, 22. oktober). Morenejord. I Store norske leksikon. https://snl.no/morenejord

Skøien, S. (2023). Agronomi. Jordkultur. Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2023

Læringsressursar

Jord og andre dyrkingsmedium