Hopp til innhald
Fagartikkel

Vatnings- og gjødslingssystem i veksthus

Det finst fleire variantar av automatisk vatning og gjødsling i veksthus. Kva du vel, kjem an på kva du produserer, og kor mykje du vil betale.

Vatning

Kva system du har for vatning i veksthuset, avheng av kva du dyrkar, kor stort areal du har, og kor mykje pengar du er villig til å bruke på automatisering. Har du eit lite veksthus, kan det vere nok med ein enkel hageslange som du koplar til ei kran. Då vatnar du kvar enkelt plante når du ser det er behov.

I store veksthus er vatninga heilt eller delvis automatisert. Vatninga kan då startast manuelt, etter ei klokke eller etter ein fuktmålar i vekstmediet.

Film om vatning i veksthus (1:09)

Video: Torbjørn Guddingsmo, Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Flo og fjøre-bord

På ei flo og fjøre-bord er det kopla ein slange til den eine enden av bordet. Når vatninga startar, blir bordet fylt med vatn frå slangen slik at plantene står i vatn. Etter ei stund blir vatnet sleppt ut igjen gjennom slangen. Kor mange sånne rundar med vatning ein treng i døgnet, kjem an på årstida og storleiken på plantene. At vatnet stig for så å gå tilbake, har ført til namnet flo og fjøre-vatning.

Mobilbord

Dette er bord som blir flytta frå plass til plass i veksthuset. Det er fastmontert vatningspunkt på kvar plass borda kan stå. Vatnet blir drenert ut i ei renne på langsida av bordet.

Renner

Salat og krydderurter blir ofte dyrka i renner. Rennene kan vere opne eller lukka og er monterte med litt helling. Vatnet blir tilført i den eine enden og renner sakte med hellinga under plantene.

Dryppvatning

Dryppvatning er vanleg i tomat- og agurkdyrking. I tillegg blir det ofte brukt når vi dyrkar prydplanter i amplar eller store potter. I eit slik system har kvar potte, plante eller sekk eit eller fleire drypp der ein slange er festa i ein drypp-pinne. Kvar dryppslange er kopla til ein større slange slik at lange rader med planter blir vatna samtidig.

Gjødsling

I litt større veksthus blir næring og vatn tilførte samtidig. Det er utvikla gjødseltypar som er tilpassa dei ulike kulturane, og desse blir blanda med vatn i ei stamløysning som er kopla til ein gjødselblandar. Når vi skal vatne, startar gjødselblandaren. På gjødselblandaren er det ein tank der vatn blir blanda med ønskt mengde næring frå stamløysninga. Deretter blir denne ferdige næringsløysninga pumpa ut på borda eller i dryppslangane.

Leietal

Plantene treng ulik mengde næring alt etter kor store dei er, eller kor fort dei veks. For å setje eit mål på kor mykje næring plantene treng, bruker vi leietal. Til dømes skal tomat ha eit leietal på rundt 2 mS/cm, der mS/cm står for millisiemens per centimeter. Talet seier noko om det totale saltinnhaldet og dermed evna vatnet har til å leie straum. Jo meir næring det er i vatnet, jo høgare er leietalet. Heilt reint vatn har leietal 0.

Ver merksam på at leietalet ikkje seier noko om kva næringsstoff som finst i vatnet. Du må altså velje ein gjødseltype som er tilpassa det du dyrkar, om du skal bruke leietal som hjelp for rett gjødsling.

Du kan kjøpe utstyr for å måle leietalet der dei sel utstyr til dyrking i veksthus.

Resirkulering av gjødselvatn

Mange har etter kvart bygd opplegg for resirkulering av gjødselvatnet. Avrenning frå dryppvatninga eller vatnet som blir tappa frå flo og fjøre-bord, blir då ført tilbake i eit stort basseng og brukt på nytt. Gjødselblandaren sørger for å tilsetje meir næring dersom det er behov for det.

Resirkulering av gjødselvatn aukar faren for at du spreier vasslevande skadegjerarar ut i heile veksthusanlegget. Etter kvart har mange derfor monterte anlegg for reinsing av gjødselvatnet. Til reinsing kan vi til dømes bruke ultrafiolett stråling, varme eller klor.

Oppgåve

Kjelde

Knudtzon, L. & Larsen, G. (2020, 8. september). Veileder for rett bruk av resirkuleringsanlegg. Norsk Landbruksrådgiving. https://veksthus.nlr.no/fagartikler/veksthus/veksthus/veileder-for-rett-bruk-av-resirkuleringsanlegg

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2024