Hopp til innhald
Fagartikkel

Energikjelder i veksthus

Å dyrke fram blomstrar eller grønsaker krev både oppvarming og lys i store delar av året. Derfor treng vi energi. Til lys bruker vi elektrisitet, mens til oppvarming har vi fleire energikjelder å velje mellom.

Energi til lys

Vel 40 prosent av energiforbruket i veksthus i Noreg går til lys. I den mørke årstida må vi ha tilleggslys for at plantene skal drive fotosyntese. Energi til lys får vi frå elektrisitet.

Energi til oppvarming

Til oppvarming er det fleire energikjelder å velje blant. Det er tilrådd å ha tilgang til to ulike energikjelder, både fordi prisane varierer mykje, og fordi det er ein sikkerheit. Då har dei fleste ei hovudkjelde, mens den andre supplerer på ekstra kalde dagar når det trengst mykje energi for å halde temperaturen oppe i veksthuset.

Elektrisitet

Elektrisitet er ein fornybar ressurs, og mange veksthus har elektrisitet som éin av to energikjelder til oppvarming. Nokon har òg montert solceller for å skaffe meir energi, men hittil bidreg dette relativt lite.

Olje

Mineralolje er i ferd med å bli fasa ut som energikjelde i veksthus. Styresmaktene har bestemt at mineralolje ikkje lenger skal brukast fordi det gir eit svært høgt utslepp av karbondioksid. Fyring med olje var heilt vanleg tidlegare, dei fleste har derfor ein fyrkjele tilpassa olje ståande i tilknyting til veksthuset. Med litt tilpassing kan denne brukast med ulike typar bioolje.

Naturgass

Naturgass er mykje brukt som energikjelde til oppvarming av veksthus, først og fremst i Rogaland der olje- og gassindustrien er stor. Gassen blir henta frå jordskorpa, der han ofte ligg lagra blanda med råolje. Det er ei fossil energikjelde, men utsleppet av karbondioksid er lågare enn ved bruk av mineralolje. Når du bruker naturgass til oppvarming, får du ein røykgass som består av karbondioksid og vassdamp. Med litt tilpassing blir då karbondioksidet ført tilbake i veksthuset og bidreg til auka fotosyntese.

Propan

Bruk av propan til oppvarming av veksthus er ganske utbreidd i delar av landet der naturgass er mindre tilgjengeleg. Propan gir òg ein røykgass der karbondioksid kan førast tilbake til veksthuset.

Biovarme

Biovarme omfattar alle typar brensel der biomasse er utgangspunktet. Fleire gartneri har teke i bruk mellom anna flis, trepellets, bork og halm for oppvarming av veksthus. Det finst òg flytande brenselprodukt med biologisk opphav, til dømes bioolje og biodiesel.



Kjelder

Enova. (u.å.). Gartneri. Henta 24. april 2024 frå https://www.enova.no/kunnskap/gartneri/

Lundberg, N. H., Nesse, N., Hagland, J. & Hofstad, K. (2023, 7. desember). Naturgass. I Store norske leksikon. https://snl.no/naturgass

Norsk Gartnerforbund. (u.å.). Brenseltyper. Henta 10. april 2024 frå https://ngfenergi.no/biovarme/brenseltyper/

Norsk Gartnerforbund. (u.å.). Naturgass. Henta 10. april 2024 frå https://ngfenergi.no/gass/

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2024