Hopp til innhald
Fagartikkel

Luftsamansetjing

I veksthuset forandrar vi luftsamansetjinga ved å tilføre CO2. Auka CO2-nivå gir høgare fotosynteseaktivitet og dermed raskare vekst. Vi kan òg auke luftfukta ved å montere bruseanlegg, og vi kan, i ei viss grad, senke luftfukta ved å opne luftelukene.

CO2 – karbondioksid

Naturlig CO2-innhald i lufta

I lufta rundt oss er det vanlegvis rundt 400  CO2. Viss vi kan auke CO2-konsentrasjonen i lufta til 1000 ppm, vil fotosyntesen bli 30–50 prosent meir effektiv, og dermed kan plantene vekse raskare. Dette kjem av at CO2 ofte er den avgrensande faktoren i fotosyntesen. Som plantedyrkarar kan vi dra nytte av ein auke i CO2-innhaldet i lufta for å oppnå betre vekstforhold for plantene våre.

Tilskot av CO2

Ekstra tilførsel av CO2 er berre aktuelt når det er lys, fordi det er då fotosyntesen skjer. Lyset kan komme frå naturleg dagslys eller frå kunstig vekstlys. I mørket vil plantene gi frå seg CO2 gjennom respirasjon, og då har ikkje ekstra tilførsel av CO2 nokon effekt.

I nesten alle produksjonar i veksthus er det vanleg med ekstra tilførsel av CO2, til dømes ved produksjon av tomat og agurk. Unntaket er produksjonar om våren og sommaren, til dømes sommarblomstrar. I slike produksjonar vil luftelukene vere opne store delar av døgnet, og viss vi hadde tilført CO2, vil han berre ha forsvunne ut gjennom lukene.

Luftfukt

For høg luftfukt

Når det gjeld luftfukt, er det vanlegvis for høg luftfukt som er den største utfordringa. Det kan føre til fleire skadelege soppsjukdommar. Tradisjonelt blir dette løyst ved at lukene blir opna automatisk når den går over 80–90 prosent. Då søkk luftfukta til same nivå som vi har utandørs.

I vinterhalvåret kostar denne metoden mykje energi fordi vi erstattar den varme lufta i veksthuset med den kalde utandørslufta som må varmast opp. For å unngå dette energitapet er det utvikla metodar der den varme, fuktige lufta blir ført til ei kjøleflate der fukta blir utan særleg varmetap.

Tåkespreiarar

I nokre produksjonar vil vi ha høg luftfukt. Eit døme er der vi produserer småplanter frå stiklingar. Inntil stiklingane får røter dei kan trekke opp vatn med, vil vi ha høg luftfukt slik at dei ikkje visnar. Ved å bruke tåkespreiarar kan vi auke luftfukta. Vatnet blir blåst gjennom små dyser, og veksthuset blir fylt med tåke av vassdamp. Det finst fleire typar tåkespreiarar som kan monterast i veksthuset.

Oppgåve

Kjelder

Norsk Gartnerforbund. (u.å.). CO2. Henta 30. september 2024 frå https://ngfenergi.no/klimastyring/co2/

Norsk Gartnerforbund. (u.å.). Fuktighetsstyring. Henta 1. oktober 2024 frå https://ngfenergi.no/klimastyring/fuktighetsstyring/

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2024