Temperaturstyring i veksthus
I eit veksthus samlar vi varme fordi solstrålane slepp inn gjennom tak og veggar, mens strålar frå gjenstandar og planter inne i huset ikkje slepp ut. Det er dette vi kallar drivhuseffekt, og denne effekten utnyttar vi når vi dyrkar planter i veksthus. Vi får mykje "gratis" varme på denne måten.
I den kalde årstida er ikkje drivhuseffekten nok, og vi må tilføre varme. På ein varm sommardag kan derimot temperaturen bli for høg på grunn av drivhuseffekten, og då må vi kunne sleppe ut den varme lufta.
I veksthus er det vanlegvis varmt vatn som står for oppvarminga. Det varme vatnet blir pumpa rundt i huset i eit røyrsystem. Lufta i veksthuset blir varma opp av varmen frå røyra. Vatnet i røyra gir varme, blir avkjølt og deretter pumpa tilbake til ei varmekjelde for oppvarming. Deretter er det ut på ein ny runde i veksthuset. På denne måten sirkulerer vatnet kontinuerleg rundt og rundt.
Dersom det er varmt nok i veksthuset, blir det framleis pumpa vatn rundt og rundt, men dette vatnet går ikkje via varmekjelda. Det betyr at vatnet er kaldt og ikkje gir nokon oppvarmingseffekt.
Mengda røyr er nøye dimensjonert. Det skal klare å halde oppe varmen i huset på ein iskald vinterdag, og det skal kunne gi same temperatur i heile huset heile tida.
Pumper og ventilar
Fleire pumper monterte på varmerøyra gjer at vatnet sirkulerer. Desse pumpene går kontinuerleg.
I nærleiken av pumpene er det montert ventilar som opnar og lukkar seg avhengig av behovet for varmt vatn. Når det er for låg temperatur i veksthuset, slepper dei inn meir varmt vatn. Når det er varmt nok, blir ventilen stengd. Slike ventilar blir kalla shuntventilar.
Det er viktig å følge med på at pumper og shuntventilar går som dei skal. Om ein av desse sviktar ein kald vinterdag, kan det få store konsekvensar både for plantene og for lommeboka.
På varme sommarsdagar kan temperaturen bli for høg inne i veksthuset. Då må vi sleppe ut den varme lufta. Derfor er alle større veksthus utstyrte med lufteluker. Som oftast er lukene plasserte i taket, men enkelte hus kan ha lufteluker langs sidene av huset. Vi stiller inn ein ønskt temperatur for når lukene skal opne seg, ofte 2–3 gradar over den temperaturen plantene vi dyrkar, trivst best i.
Lufteluker
Luftelukene blir drivne av luftemotorar. Luftemotorane verkar på tannstonghus som driv tannstengene, det er dei siste som løfter lufteluka. Det er mange tannstenger på ei lufteluke som går langs heile taket på eit veksthus, normalt er det 1–2 meters avstand mellom dei. Det er viktig å sjekke at luftemotor, tannstonghus og tannstenger er i orden slik at lukene opnar og lukkar seg som dei skal.
Det er montert temperatursensorar i veksthuset. Desse registrerer lufttemperaturen og gir beskjed om det er for varmt, akkurat passe eller for kaldt. Shuntventilar og luftelukene opnar og lukkar seg etter denne registreringa.
I moderne veksthus stiller vi inn kva temperatur vi vil ha i veksthuset, på ein klimacomputer. Vi stiller òg inn ved kva temperatur luftelukene skal opne og lukke seg. I tillegg kan vi stille inn temperaturen på vatnet som skal sirkulere i huset og gi varme. Vi kan lese av kva temperatur det er akkurat no, og få ei oversikt over om det har vore slik det skulle, bakover i tid.
- Varmekjelda
- kan vere ein fyrkjele som blir driven av naturgass, propan, bioolje, flis eller andre energikjelder. Denne varmar opp vatnet som skal ut i røyrsystemet i veksthuset.
- Varmerøyr
- er monterte i taket, langs veggane og under bord eller langs golvet i veksthuset. I røyra sirkulerer vatn (varmt når det er behov for høgare temperatur, kaldt når det ikkje er behov for oppvarming).
- Pumper
- driv vatnet rundt i varmerøyrsystemet. Kor mange pumper det er, og storleiken på dei varierer etter behovet.
- Shuntventil
- er ein ventil som blir opna når det er behov for varme i veksthuset. Når det er varmt nok, blir shuntventilen lukka.
- Temperatursensorar
- registrerer lufttemperaturen i huset og gir beskjed til shuntventilane om dei skal opne eller lukke seg.
- Lufteluker
- opnar seg når temperaturen i veksthuset blir for høg. Dei er ofte plasserte i taket.