Fôring i sintida
I løpet av sintida skal kua reparere skadar og infeksjonar i juret før neste laktasjon. Sintida må vere lang nok til at juret klarer å produsere råmjølk av god kvalitet før kalven kjem.
For å sikre god jurhelse og nok tid til restitusjon bør sintida vare i 7–8 veker. I god tid før neste kalving må kua altså slutte å produsere mjølk, men kyr som har høg avdrått, kan framleis gi meir enn 25 kg mjølk per dag når det berre er litt over to månader til kalven kjem.
Avsining (oppsining)
Rett avsining vil gi betre jurhelse og mindre stress hos kyrne. Du vil òg spare arbeid ved å følge nokre enkle reglar:
Start med å ta bort kraftfôret.
Gi mindre surfôr, samtidig som kyrne får ete ubehandla halm etter appetitt. Viss du ikkje har halm, kan du gi surfôr med lågt energiinnhald.
Det er viktig med ein gradvis overgang for å sikre gode forhold i vomma.
Kyrne treng mineraltilskot når du tek bort kraftfôret.
Kyrne skal framleis ha tilgang til rikeleg med vatn.
Sintidsbehandling av mastitt
For å sikre at kua har eit friskt jur, må du følge med på celletalet. Kyr som har høgt celletal gjennom laktasjonen, bør du ta speneprøvar av før avsining. Då får du svar på om det er rett å behandle kua i samband med avsininga.
TINE tilrår at du tek speneprøve før avsining av
alle kyr med meir enn 100 000 celler/ml mjølk på dei tre siste målingane
alle kyr som har hatt synleg mastitt tidlegare i laktasjonen
Viss speneprøven avslører at juret er infisert med mastittbakteriar som kan behandlast med antibiotikum, avsluttar du avsininga med å setje langtidsverkande antibiotikum i samråd med dyrlegen.
Ei ku som har hatt fleire mastittar eller har stått med høgt celletal i fleire laktasjonar, kan det vere aktuelt å sende til slakt.
Tilrådd mjølking ved avsining
Det er tilrådd at avsininga bør gå relativt raskt, men du må ta omsyn til kor mykje kua mjølkar når det nærmar seg tida for avsining. Viss kua framleis mjølkar mykje, må du mjølke ho annankvar dag i ei lita veke. Men viss ho mjølkar mindre enn 15 kg per dag, held det å mjølke ho berre éin gong før du avsluttar prosessen. Tilrådd mjølkingsopplegg går fram av figuren under.
Førebuingsperiode
Desse 4–5 vekene er "ferien" til mjølkekua, og det er mange som vel å legge denne perioden til sommaren sånn at bonden òg kan ta seg ein ferietur før neste kalvingsperiode startar. Sinkyrne treng ikkje så energirikt fôr som mjølkekyrne, og dei klarer seg veldig godt med fôret dei finn på beite i utmark eller innmark i denne perioden.
Det er heller ikkje uvanleg at kyrne kalvar om vinteren og dermed må stå på innefôring gjennom heile sintida. Sidan dei ikkje treng like energirikt fôr i denne perioden, bør du sørge for å gruppere dyra i fjøset etter kor mykje energi dei treng. Ei sinku som får det same fôret som ei mjølkeku, vil gjerne ete meir enn det ho har behov for, og dermed legge på seg.
Mineral
Uansett om sintida er om sommaren eller om vinteren, må du passe på at kyrne får dekt mineralbehovet sitt. No treng dei nok mineral både til seg sjølve og kalven som veks i magen.
Det varierer veldig kor mykje mineral det er i gras og grovfôr, så sinkyrne bør alltid få tilskot i form av saltsleikesteinar eller andre mineralblandingar.
Haldvurdering er viktig
Det er eit mål at kua skal vere i normalt hald frå avsining og fram til kalving, det vil seie haldpoeng mellom 3,0 og 3,5 for NRF-kyr. Ved kalving bør haldet vere på 3,5 for NRF og rundt 3,0 for andre rasar.
Haldet skal ikkje forandrast i sintida, målet er altså at kua skal ha same hald frå avsining og fram til kalving. Det vil seie at du må følge med på haldet i god tid før du skal starte avsininga, og tilpasse fôringa slik at kyrne er i middels hald når dei skal sinast.
Overgangsperiode
Når kalvinga nærmar seg, skal kua venne seg til det fôret ho skal ha når den nye laktasjonen startar. Sintida sluttar når kalven er fødd, men sidan det er så viktig å ha ein gradvis overgang i fôringa omkring kalving, reknar vi her med dei første tre vekene etter kalving som ein del av denne perioden.
Kva er typisk for dei ulike periodane i sintida? Flytt orda til rett periode.
Relatert innhald
Kva er ein schalmtest, og korleis skal du gå fram for å ta ein speneprøve? Det får du svar på her.
Mastitt, eller jurbetennelse, er ein av dei vanlegaste sjukdommane i husdyrproduksjon. Alle pattedyr kan få mastitt når dei produserer mjølk.