Fôring i laktasjonsperioden
I tida før kalven kjem, produserer juret råmjølk. Råmjølka inneheld ekstra mykje næring og immunstoff som kalven treng. Denne mjølka skal ikkje leverast til meieriet, men brukast til kalven.
Innhaldet i mjølka forandrar seg gradvis dei første dagane etter kalving. Etter fem dagar har innhaldet i mjølka som regel forandra seg til det vi kallar heilmjølk. Då inneheld ho ikkje immunstoff lenger, og ho har òg mindre feitt enn råmjølka. Viss kua er frisk, kan mjølka no bli levert til meieriet.
Visste du at ...
Juret byrjar å produsere råmjølk i god tid før fødselen? Så viss kua går saman med andre kalvar før hennar eigen kalv kjem, kan dei eldre kalvane allereie ha drukke opp den første råmjølka med antistoffa som kalven hennar skulle hatt!
Vatn
Rett etter kalving er det viktig at kua får rikeleg med drikke. Du bør helst gi ho lunka vatn frå bøtte og la ho drikke til ho er utørst. Ho mistar mykje væske under fødselen og treng påfyll så snart som mogleg.
I heile laktasjonsperioden treng kua mykje vatn. Mengda avheng av kor mykje ho mjølkar, og kor mykje tørrstoff det er i fôrrasjonen. Ei ku som mjølkar 30 kg i døgnet, treng minst 100 liter vatn per dag! Og for at ho skal klare å drikke så mykje, er det viktig at drikkekara har god nok kapasitet.
Hugseregel og oppgåve om vatn til mjølkekyr
3 liter vatn er nok til å produsere 1 liter mjølk per dag.
Kor mykje vatn per dag treng då ei ku som mjølkar 50 liter?
Grovfôr
Det er veldig viktig at du ikkje startar med eit nytt fôrslag rett før eller rett etter fødselen. No treng kua rikeleg med grovfôr av same kvalitet som ho fekk før kalvinga, og nok tid til å ete det.
Kviger som har fått sin første kalv, er som regel langt nede på rangstigen, og dei kan slite med å sleppe til ved fôrbrettet.
Følg med på kyrne som nettopp har kalva, og reager viss du ser at dei slit!
Kvar ku bør ha fem timar etetid i løpet av døgnet.
Det skal aldri vere tomt for grovfôr på fôrbrettet hos mjølkekyrne!
Ta fôrprøvar, sånn at du veit kva du gir til dyra dine. Kraftfôrtype og -mengde bør justerast etter grovfôrkvaliteten.
Pass på at det alltid er ein gradvis overgang når du skal starte med eit nytt fôrslag.
Opne ny silo før den gamle er heilt tom.
Dette gjeld òg viss du har rundballar: Hugs gradvis overgang mellom ulike kvalitetar.
Kraftfôr
Etter kvart som mjølkemengda aukar, vil kua òg trenge meir kraftfôr. Men her må du hugse på at mikrobane i vomma treng tid til tilvenning! Derfor er det nokre enkle hugsereglar:
Alltid grovfôr/surfôr før kraftfôr slik at det blir mindre belastning på mikrobane når kua har fått grovfôr først.
Tildel kraftfôr minst tre gonger om dagen for at det ikkje skal bli for surt i vomma (sjå figur under).
Kraftfôrmengda skal aukast sakte etter kalving:
0,3 kg/dag viss kyrne òg får kraftfôr saman med grovfôrmiksen.
Det er ikkje tilrådd å auke med meir enn 0,5 kg/dag.
Det er fleire faktorar som spelar inn når du skal legge opp fôringa av mjølkekyrne gjennom laktasjonen, men det viktigaste er at du har kontroll på kva du fôrar dyra dine med. Det hjelper ikkje at du gir kyrne mykje fôr, viss det er for lite næring i fôret.
Grovfôr
Grovfôropptaket hos kyrne varierer mykje, men ei mjølkeku treng mellom 35 og 45 kg grovfôr per dag gjennom laktasjonen. Dei kyrne som mjølkar mest, vil trenge endå meir, nokon et over 50 kg! Her er nokre av faktorane som påverkar grovfôropptaket:
Alderen og storleiken til kua
Ei ung ku er mindre og har derfor mindre plass i vomma.
Tannfelling hos førstekalvskyr kan gi nedsett fôropptak.
Mjølkemengde:
Mjølkemengda aukar raskt dei første to månadene, og kua kan ha problem med å ta opp nok grovfôr.
Seinare i laktasjonen minkar mjølkemengda gradvis, og fôrbehovet blir mindre. Men fôropptaket til kua kan framleis vere høgt.
Kvaliteten på fôret
Tørrstoffinnhaldet bør vere over 20 prosent.
Energiinnhald: talet på MJ/kg tørrstoff.
Lukt og smak:
Dyra vrakar fôr med dårleg smak og lukt.
Skjemt fôr vil som regel innehalde uønskte mikroorganismar.
Helsa til kua
Friske kyr har god appetitt viss fôret har god kvalitet.
Helseproblem medfører nedsett fôropptak, og det kan fort bli kritisk næringsmangel hos ei høgtytande mjølkeku.
Kraftfôr
Det er viktig at kyrne ikkje får for store kraftfôrporsjonar (sjå figuren som viser samanhengen mellom kraftfôrtildeling og pH i vomma). For at mikroorganismane i vomma skal gjere ein god jobb for kua, må du fordele kraftfôret så jamt du kan i løpet av døgnet. Jo meir kraftfôr kua treng, jo fleire fôringar må til.
Det blir ikkje tilrådd å gi meir enn 3 kg kraftfôr per fôring.
Det finst veldig mange ulike kraftfôrtypar å velje mellom, og det kan vere vanskeleg å velje det kraftfôret som passar best til det grovfôret du har. For å finne ut kva slags og kor mykje kraftfôr kvar enkelt ku skal ha, er det fleire ting du må tenke over:
næringsinnhald: Finn næringsinnhaldet i grovfôret du bruker, ved å sende inn fôranalyse.
fôrleverandør: Prisar og utval varierer.
fôringsstrategi: Les om ulike fôringsstrategiar.
Vel rett alternativ.
Relatert innhald
Lær om det som skjer i fordøyingskanalen hos dei vaksne drøvtyggarane.