Hopp til innhald
Fagartikkel

Overgangsfôring før kalving

Ei ku eller kvige som snart skal kalve, treng tid til å venne seg til det fôret ho får når ho skal begynne å produsere mjølk. Dette kallar vi overgangsfôring eller førebuingsfôring. Når kua har kalva, er det viktig at ho klarer å ta opp nok energi til å produsere mjølk utan å bli for tynn.

Førstekalvskyr

Ei kvige som skal få sin første kalv, treng god oppfølging både før og etter kalvinga. Alt er nytt og skremmande, og ho er ofte nedst på rangstigen blant dei andre kyrne. Det er derfor viktig at kvigene får gå saman med resten av kuflokken i god tid før kalving. Dette er spesielt viktig i lausdriftsfjøs!

Kviga skal finne plassen sin i kuflokken, og ho skal lære seg å handtere det nye miljøet. Ho treng tid til å bli kjend med mjølkeutstyr, mjølkestall eller robot og fôringsautomatar før kalven kjem og ho plutseleg skal fungere som mjølkeku.

Tilrådd overgangsfôring for førstekalvskyr

Pass på at kvigene ikkje blir for feite i drektigheitstida. Feite dyr får oftare kalvingsvanskar. Sjå tabellen nedst på sida for tilrådd hald.

Sørg for rikeleg med grovfôr av god kvalitet. Dette skal vere same fôr som ho skal ha etter kalving.

Tre veker før kalving:

  • Flytt kviga saman med resten av mjølkekyrne, så ho finn plassen sin og blir kjend med miljøet.

  • Sørg for tilvenning til utstyr, fôringsplass, drikkekar med meir.

  • Hugs at ho òg treng tilvenning til kraftfôr.

Eldre kyr

Kyr som har vore gjennom ei eller fleire kalvingar og laktasjonsperiodar tidlegare, veit korleis ting fungerer, og dei treng derfor ikkje like mykje oppfølging før kalving som ei kvige. Men mikrobane i vomma treng tilvenning for å kunne utnytte nye fôrmiddel på best mogleg måte, så du må alltid følge med når det nærmar seg kalving, og passe på at kua får nok tid til å venne seg til det fôret ho skal ha etter fødselen.

Tilrådd overgangsfôring for eldre kyr

Pass på haldet! Det er større risiko for kalvingsvanskar og mjølkefeber hos feite kyr.

To veker før kalving:

  • Flytt kyrne sånn at dei går saman med dei andre mjølkekyrne og får tid til å finne plassen sin i hierarkiet etter sintida.

  • Sørg for tilvenning til grovfôr og kraftfôr.

    • Grovfôr etter appetitt.

    • Kraftfôrmengde er avhengig av driftsopplegg, men tilvenning er viktig fordi mikroorganismane treng tid!

tilrådd haldpoeng for ulike rasar før kalving

Rase

Haldpoeng

Kjenneteikn

NRF3,0–3,5Litt avrunda rygglinje. Hofteknokar og setebeinknokar skal vere jamne, ikkje kantete. Knoklane i halegropa er avrunda, og det er litt feittavleiring i gropa.
Holstein2,75–3,25Litt utståande rygglinje. Hofteknokar og setebeinknokar noko utståande og litt kantete. Halegropa er litt uthola, med tendens til litt feittavleiring.
Jersey3,0–3,25Litt utståande rygglinje. Hofteknokar og setebeinknokar noko utståande og litt kantete. Halegropa er litt uthola, med tendens til litt feittavleiring.

Kjøttfe

3,0

Bein ved halen er ikkje synlege. Ribbein er ikkje

synlege. Antyding til feitt ved halerota.

Oppgåver

Kva hugsar du om overgangsfôring før kalving? Test deg sjølv med desse oppgåvene.

Kjelder

GENO (2020). Hold og holdvurdering for NRF. https://www.geno.no/fagstoff-og-hjelpemidler/fagstoff/brunst-og-fruktbarhet/fruktbarhetsstyring/hold-og-holdvurdering-for-nrf/

Kluften, E. (2018). Drifta i ammekubesetningen gjennom året. https://www.bondelaget.no/getfile.php/13838712-1517574125/MMA/Bilder%20fylker/Akershus/Landbrukshelga%202018/Ammeku%20gjennom%20%C3%A5ret.pdf

TINE Rådgiving (2022). Jersey – det gylne valget [Brosjyre].

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2023