Fôringsstrategiar
Normfôring vil seie at du fôrar kvar enkelt ku etter kor mykje ho mjølkar. Alle kyrne skal ha grovfôr etter appetitt, mens kraftfôrmengda blir bestemd ut frå mjølkemengda. Ved normfôring må du derfor ha god kontroll på kor mykje kvar enkelt ku mjølkar, og det er vanleg å vege mjølka ein gong i månaden for å justere kraftfôret etter mjølkeytinga til kyrne.
Som du ser av figuren under, vil denne fôringsstrategien ofte føre til at kyrne får litt for lite energi i starten av laktasjonen, og litt for mykje når mjølkemengda går nedover.
Fôring etter planlagd avdrått betyr at du fôrar alle kyrne på same stadium i laktasjonen likt. For å fôre etter planlagd avdrått må du først setje deg eit mål om kor mykje du ønsker at kyrne dine skal mjølke gjennom laktasjonen, til dømes 7000 kg EKM/ku.
Det er to variantar av fôringssystemet. Du kan anten fôre etter standard laktasjonskurve eller velje det som blir kalla flat tilleggsfôring.
Standard laktasjonskurve
Du begynner med å fôre alle kyrne likt etter kalving. Etter kvart er det vanleg å dele kyrne i grupper etter kor mykje dei mjølkar. Slik kan du sikre deg at dei kyrne som mjølkar meir enn den planlagde avdråtten i buskapen, òg får dekt behovet sitt. Samtidig kan du gi litt mindre kraftfôr til dei som ligg under planlagd avdrått.
Nokre gode råd ved bruk av standard laktasjonskurve:
Kraftfôrmengda må aukast sakte etter kalving! Ikkje meir enn 0,5 kg auke per dag. Viss du har veldig energirikt grovfôr, må du auke endå saktare, ned mot 0,3 kg/dag. Du må òg ta omsyn til storleiken til kua, for små kyr treng lengre tilvenningstid enn store kyr.
Skil mellom planlagd avdrått hos førstekalvskyr og eldre kyr, sidan førstekalvarane som regel ligg litt under dei eldre i yting.
Etter tilvenningsperioden kan kyr som har høg yting, få meir kraftfôr enn dei som ligg på gjennomsnittet.
Ikkje reduser kraftfôret til dei som mjølkar mindre enn planlagt dei første 60 dagane etter kalving!
120 dagar (cirka 4 månader) etter kalving skal kraftfôrmengda gradvis trappast ned for å unngå at kyrne legg på seg for mykje.
Kyrne skal vere i middels hald ved avsining som skjer cirka 305 dagar, eller 10 månader, etter kalving.
Flat tilleggsfôring
Viss du bruker flat tilleggsfôring, gir du ei fast mengde kraftfôr til kyrne i lengre periodar. Kraftfôrmengda blir tilpassa laktasjonskurva og ikkje kor mykje kvar enkelt ku mjølkar. Det er viktig at kyrne får godt og næringsrikt grovfôr etter appetitt i heile laktasjonen, og grovfôret kan gjerne bestå av ei blanding frå ein fôrmiksar.
Dette er ein fôringsstrategi som er enkel å gjennomføre og som passar godt i robotfjøs, der kyrne får kraftfôret (tilleggsfôret) under mjølking. Strategien passar òg godt i kombinasjon med beite.
Fullfôr, eller TMR (Totally Mixed Ration), vil seie at alle fôrslaga blir blanda i ein fullfôrmiksar, og alle kyrne får det same fôret. Her er det inga ekstra tildeling av kraftfôr, sidan fullfôret skal dekke alt. Dette er ein vanleg fôringsstrategi i store besetningar både i Europa og USA.
Her i landet er det ikkje så vanleg med fullfôr fordi tilgangen på alternative fôrmiddel er avgrensa mange stader, og vi har relativt små besetningar.
- Fôringsstrategi
- er ein gjennomtenkt måte å fôre på, som skal dekke behovet til dyra i ulike periodar.
- Normfôring
- vil seie at du fôrar kvar enkelt ku etter kor mykje ho mjølkar.
- Planlagd avdrått
- er å planlegge for ein bestemd gjennomsnittsavdrått (kg mjølk/laktasjon) og fôre alle kyrne likt.
- Standard laktasjonskurve
- er ein variant av planlagd avdrått der du fôrar alle kyrne likt dei første vekene etter kalving, for så å dele dei i grupper der fôringa blir tilpassa avdråtten.
- Flat tilleggsfôring
- er òg ein variant av planlagd avdrått, han blir ofte brukt i robotfjøs. Kyrne får kraftfôr under mjølking, og mengda er tilpassa laktasjonsstadiet.
- Fullfôr
- blir òg kalla TMR (Totally Mixed Ration). Alt fôret blir blanda i ein fullfôrmiksar, og alle kyrne får det same fôret.
Kva gjeld for dei ulike fôringsstrategiane?
Relatert innhald
Etter at kua har kalva, startar laktasjonsperioden (mjølkeperioden). Mjølkemengda aukar dei første vekene etter kalving, opp mot 50 kg i døgnet for nokre.
Slutten av ein laktasjonsperiode kallar vi avsining. Då skal kua slutte å produsere mjølk, fordi juret treng ein pause før neste kalving og laktasjon.