Hopp til innhald
Fagartikkel

Kalving

Når kalvinga nærmar seg, vil kua helst finne seg ein plass der ho kjenner seg trygg og skjerma frå resten av flokken. I fjøset er det viktig å følge med så du kan flytte kua til ein kalvingsbinge før fødselen startar. Bingen skal vere reingjord og godt strøydd for å gi kalven ein best mogleg start.

Teikn på at kalvinga nærmar seg

Produksjonen av råmjølk kan starte så tidleg som to veker før kalving, som regel skjer det tidlegare hos kviger enn hos eldre kyr. Dette kallar vi "å setje jur". Kor tidleg dei set jur, kjem òg an på kor mykje dei mjølkar.

Dei siste 1–2 døgna før kalving vil senene ved halerota bli slakkare, og ofte svulmar kjønnsleppene opp. No er det snart på tide å flytte kua til ein kalvingsbinge.

Visste du at ...

Det er krav om å ha kalvingsbinge i fjøset? Det skal ikkje vere fleire enn 25 kyr per sjuke-/kalvingsbinge.

Fasar i ein normal fødsel

Ein normal fødsel består av tre fasar. Den første fasen startar med at musklane i børen trekker seg saman og pressar fosterhinnene mot børhalsen, slik at han utvidar seg. Når opninga er stor nok til at kalven kan fødast, blir veane sterkare, og kua bruker òg bukmuskulaturen aktivt for å presse kalven ut. Etter at kalven er fødd, kjem siste del av kalvinga. Då skal resten av fosterhinnene ut. Dei ulike fasane kallar vi

  • opningsfasen

  • utdrivingsfasen

  • etterbyrdsfasen

Opningsfasen

Det første stadiet i ein fødsel kallar vi opningsfasen eller oppblokkingsfasen. Viss kalvinga skjer ute, vil kua som regel finne seg ein skjerma plass litt borte frå resten av flokken når fødselen startar.

Typiske kjenneteikn:

  • Kua kan slutte å ete, drikke og drøvtygge (gjeld ikkje alle).

  • Kua er uroleg, vekslar mellom å legge seg og reise seg.

  • Kura har svake vear. Ho kan sparke mot buken eller golvet.

  • Fosterblæra (vasskalven) kjem fram. Når fødselen har komme så langt, bør kua få vere i ro. Ikkje ta hol på blæra, for ho skal hjelpe til med å blokke opp fødselskanalen! Det er viktig at fødselskanalen får nok tid til å opne seg før kalven skal ut.

Utdrivingsfasen

Det andre stadiet i ein normal fødsel er utdrivingsfasen, eller sjølve fødselen.

Typiske kjenneteikn:

  • Kua har kraftige vear. Ho kan jamre seg og pustar tungt

  • Frambeina og mulen til kalven kjem til syne. Ved normal fødsel skal hovudet ligge over beina.

Ein normal fødsel vil vere over i løpet av ein til to timar. Kviger bruker som regel lengre tid enn eldre kyr.

Visste du at ...

Storfe er trykkarar, det vil seie at kalven ligg trygt i skjul dei første dagane etter fødsel når kalvinga skjer ute? Viss kua kalvar for tidleg, så du ikkje rekk å ta ho inn før kalvinga, kan det derfor vere vanskeleg å finne kalven.

Etterburdsfasen

Siste stadium i fødselen er etterburdsfasen. Etterburden er morkaka og resten av fosterhinnene. Ved ein normal fødsel kjem etterburden ganske fort etter at kalven er fødd, men det kan òg ta nokre timar. Viss kua kalvar utan tilsyn eller ute på beite vil, ho som regel ete opp etterburden så eventuelle rovdyr ikkje får ferten av den nyfødde kalven.

Tilbakehalden etterburd

Av og til kan etterburden framleis bli verande inne i børen, og viss han ikkje har komme ut i løpet av 12 timar etter kalving, kallar vi det tilbakehalden etterburd. Før var det vanleg at dyrlegen fjerna han, men han vil som regel losne av seg sjølv i løpet av 9–12 dagar viss kua elles er frisk. Viss kua får feber og teikn på sjukdom etter fødselen, må ho behandlast med antibiotikum.

Fødselshjelp

Det kan hende kua treng hjelp sjølv om kalven ligg rett og alt ser ut til å gå som det skal. Kalven kan til dømes vere for stor, eller veane kan stoppe litt opp. Viss det oppstår problem, er det viktig å reagere raskt, og ofte er det best å tilkalle dyrlegen i slike tilfelle. Du kan lese meir om rett fødselshjelp i artikkelen om unormal kalving.

Visste du at ...

Det er stor samanheng mellom rasen til faren og kalvingsforløpet? Derfor er det viktig å velje ein okse som har gode kalvingseigenskapar, spesielt til kviger og små kyr!

Viktige omgrep

Å setje jur
er når produksjonen av råmjølk startar, gjerne to veker før fødselen.
Opningsfasen
er det første stadiet i kalvinga.
Utdrivingsfasen
er eit anna ord for sjølve fødselen.
Etterburd
er eit anna ord for morkake, navlestreng og fosterhinner.
Etterburdsfasen
er den fasen av fødselen der etterburden kjem ut.

Oppgåve

Kva er typisk for dei ulike fasane i kalvinga?

Kjelder

Brændvang, B. C. (u.å.). Kalvingsforløp. Kjøttfe i praksis. Henta 8. februar 2024 frå https://www.tyr.no/angus/wp-content/uploads/sites/2/2016/06/Kalvingsforlop.pdf

Garmo, R. T. (2021, 12. august). Normal kalving. https://medlem.tine.no/fag-og-forskning/normal-kalving

Sveberg, G. (2016). Når og hvordan kalver kua? Buskap, 7/2016 https://www.buskap.no/article/2016/07/N%C3%A5r-og-hvordan-kalver-kua

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2024