Hopp til innhald

Fagstoff

Fordøyingssystemet hos vaksne drøvtyggarar

Drøvtyggarar har evne til å fordøye gras, halm, urter og bork. Dette kjem av at dei har tre formagar før den eigentlege magen. I formagane finn vi eit rikt mikrobeliv, og det er desse mikrobane som hjelper drøvtyggarane med å fordøye fôret.
Fire bilete av drøvtyggarane ku, sau og geit. Foto.

Introduksjonsfilm om fordøyingssystemet hos drøvtyggarar (1:59)

Kva heiter dei ulike mageavsnitta hos drøvtyggarar? Kva for nokre andre drøvtyggarar enn storfe veit du om?

Kva skjer i dei ulike delane av fordøyingssystemet?

Vi seier at drøvtyggarar har fire magar. Det er ikkje heilt sant, for dei tre formagane er eigenleg utposingar på matrøyret. Formagane heiter vom, nettmage og bladmage.

Munnen

Mulen til ei ku som slenger tunga rundt ein neve med grønt gras. Foto.

Storfe slenger tunga rundt graset og samlar med seg fôret raskt og effektivt. Sau og geit har ei spalta overleppe og kan plukke med seg det graset dei liker best, under beitinga.

Eteåtferda til drøvtyggarane er felles for byttedyr som vanlegvis må finne fôret sitt på store, opne og rovdyrutsette stader. Tygginga startar når dei har funne ein trygg og skjerma plass, då blir fôret gulpa opp frå vomma og togge godt.

Under drøvtygginga blir det produsert mykje spytt. Spyttet er svakt basisk og hjelper til med å halde stabil pH i vomma.

Matrøyret

Matrøyrer fraktar fôret ned og opp mellom munnen og vomma.

Vomma

Kua, sauen og dei andre drøvtyggarane har ei fordøying som klarer å frigjere energi frå fiberhaldig fôr som gras, høy, surfôr og halm. Dette klarer dei fordi dei har bakteriar, protozoar og soppar som lever i vomma, og desse mikrobane kan bryte ned cellulose gjennom ein gjæringsprosess. Mikrobane kjem frå fôret og miljøet omkring dyra, og dei flyttar inn i formagane når dei unge dyra begynner å ete grovfôr og kraftfôr. Mikrobane etablerer seg etter kvart som dyret veks, og dei lever og formeirar seg i vomma og nettmagen. Samtidig som dei bryt ned fôret drøvtyggaren et, skaffar dei seg sjølve næringsstoff i prosessen.

I vomgjæringa blir det produsert flyktige feittsyrer som blir tekne opp i blodet gjennom vomveggen. Dette utgjer den største energitilførselen til drøvtyggarane. Flyktige feittsyrer blir gjorde om til mellom anna glukose i levra hos dyret. Mikrobane i vomma produserer òg ammoniakk, metan og karbondioksid i gjæringsprosessen. Ammoniakken nyttar mikrobane til å bygge sitt eige kroppsprotein: mikrobeprotein. I denne prosessen nyttar dei òg karbohydrat. Metan og karbondioksid er avfallsstoff som drøvtyggaren må kvitte seg med ved å rape med jamne mellomrom. Gassane blir ofte rapte opp samtidig som kua gulpar opp fôret frå vomma som skal drøvtyggast. Hos ei vaksen ku kan vomma romme opp mot 200 liter!

Film av mikrobar

I denne korte filmen kan du sjå korleis mikrobane sym rundt i vomma. Dei litt store, markerte sirklane er gasslommer.

Nettmagen

Vomma og nettmagen heng saman, og hos ei vaksen ku er nettmagen på storleik med ein fotball. Namnet har han fått fordi han er forma som eit nett på innsida. Viss ein drøvtyggar får i seg skarpe ting som spiker eller anna metall, vil det samlast i nettmagen. Dyret kan få store smerter av dette, og i verste fall kan det føre til alvorleg betennelse i bukhinna eller brysthinna.

Bladmagen

Når fôret er omarbeidd i vomma og nettmagen, passerer det til bladmagen. Det fôret som er godt nok nedbrote, blir sendt vidare til løypemagen. Store partiklar blir sende opp mot vomma igjen og går gjennom ein ny runde med drøvtygging. I bladmagen blir òg mykje av væska frå fôrmassen soge opp, gjennom det bladforma epitelvevet.

Løypemagen (løypen)

Løypemagen er den eigenlege magen, og han fungerer som magen hos menneske og andre einmaga dyr. Her er det surt miljø på grunn av magesaft, og enzymet pepsin bryt ned protein i fôrmassen. Det sure miljøet drep mikrobane som følger med fôrmassen, og dei døde mikrobane blir brotne ned til næring som kan takast opp i tarmane.

Tolvfingertarmen

Her blir det tilsett bukspytt frå bukspyttkjertelen, med enzym som hjelper til med vidare nedbryting av protein, karbohydrat og feitt. Bukspytt er basisk og nøytraliserer det sure innhaldet som kjem frå løypemagen. Galle frå galleblæra blir òg tilsett i tolvfingertarmen og bidreg til vidare nedbryting av feitt. Galle blir produsert i levra og lagra i galleblæra.

Tynntarmen

No skal næringsstoffa sugast opp, sånn at dyret kan gjere seg nytte av dei til å vekse eller produsere kjøtt og mjølk. Innsida av tynntarmen er dekt av tarmtottar. Når næringsstoffa kjem til tarmtottane, blir dei sogne opp og frakta med blodet dit dei skal brukast. Protein frå mikroorganismane er brotne ned til aminosyrer og utgjer mesteparten av det proteinet som blir teke opp. Saman med andre proteinkjelder utgjer dei no det vi kallar AAT – aminosyrer absorberte i tarmen.

Tjukktarmen

Blindtarmen finn vi ved overgangen mellom tynntarm og tjukktarm. I tjukktarmen blir det meste av væska soge tilbake i kroppen. Tjukktarmen hos ei vaksen ku er omtrent 20 meter lang!

Endetarmen

Siste del av fordøyingskanalen er ein rett tarmstump som endar i endetarmsopninga.

Animasjonsfilm (7:18)

Denne filmen viser gongen i drøvtyggarfordøyinga og kva som skjer når du gir ulike typar fôr.

Film av disseksjon av sau (11:25)

Bli med på disseksjon av sau i filmen under, og lær endå meir om det som skjer i fordøyingskanalen hos drøvtyggarar.

Nokre faktum om vomma hos ein drøvtyggar
  • stort gjæringskammer, opptil 200 liter hos ei vaksen ku

  • anaerobt miljø

  • pH 6,2–6,8

  • fleire lag: gassfase, flytelag, væskefase

  • vomkontraksjonar (samantrekningar) sørger for at fôret blir elta

  • produksjon av gassane karbondioksid og metan

  • produksjon av dei flyktige feittsyrene eddiksyre, smørsyre og propionsyre

Proteinomsetning hos drøvtyggaren
  • Protein i fôret blir gjorde om til ammoniakk, NH3.

  • Nitrogenet frå NH3 blir nytta til å lage aminosyrer og eigen vekst og formeiring for mikrobane.

  • Energien mikrobane nyttar til å danne mikrobeprotein, kjem frå karbohydrat i fôret.

  • Det er viktig med balanse mellom karbohydrat og protein i fôret.

  • For lite energi i forhold til protein vil gi eit overskot av NH3 i vomma. Dette blir ført til levra og omdanna til urea som går ut i urin.

  • Fôrar vi med for lite protein i forhold til energi, vil vi ikkje utnytte potensialet til dyret.

  • Ureaverdiar i mjølka er med på å gi oss ein peikepinn på korleis fôringa er.

Ordforklaringar
  • AAT = aminosyrer absorberte i tarm, aminosyrer frå fôret og mikrobeprotein

  • PBV = proteinbalansen i vom, forholdet mellom protein og karbohydrat (energi) i vom

  • flyktige feittsyrer: ustabile, kortkjeda feittsyrer som lett går over i damp. Eddiksyre, propionsyre og smørsyre blir danna av mikrobane i vomma.

Test deg sjølv: Kva kan du om fordøyinga hos drøvtyggarar?

Kjelder

Gjefsen, T. (2016). Fôringslære. Fagbokforlaget.

Grøtta, M. (2022, 21. november). Kuas fire mager og det lille hullet. Norsk landbruksrådgiving. https://nordvest.nlr.no/fagartikler/okologisk/landbruknordvest/kuas-fire-mager-og-det-lille-hullet

Velle, M. W. (2020, 3. september). Kvast (storfehelse). I Store norske leksikon. https://snl.no/kvast_-_storfehelse

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell og Marit Ruud Skolseg.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2023

Læringsressursar

Fordøying