Hopp til innhald

Fagstoff

Fordøyingssystemet hos fjørfe

Fjørfe er i utgangspunktet altetarar, som gris og menneske. Men ulike fuglar har utvikla eigenskapar som passar til å utnytte ulikt fôr. Dei rasane vi held som produksjonsdyr, er gode til å utnytte fôr som er basert på korn og planter.

Introduksjonsfilm om fordøying hos fjørfe (2:02)

Kva skjer i dei ulike delane av fordøyingssystemet?

Nebb og tunge

Fjørfe har ikkje tenner, men dei kan dele opp fôret litt med å hakke med nebbet. Det blir skild ut spytt frå spyttkjertlar i munnhola. Spyttet inneheld slim som bidreg til å smøre fôret i svelget og matrøyret. Tunga har lite musklar og lite rørsle. Overflata er kraftig forhorna, så tunga er òg veldig stiv.

Visste du at ...

Sidan tunga og kinnpartiet manglar musklar, kan ikkje fuglar suge? Dei er derfor avhengige av tyngdekrafta for å drikke.

Matrøyr

Matrøyret er eit muskelrøyr med stor diameter og tynne, sterke veggar. I veggen til matrøyret er det mange slimkjertlar som smør fôret.

Kro

Kroa er ei utposing av matrøyret, ho ligg ved overgangen frå halsen til brystet. Du kan både sjå og føle ei fylt kro på halsen til ei høne. Kroa blir brukt til å ta vare på fôr når magen er full. Viss magen er tom, går fôret direkte dit.

Magesekk (kjertelmage)

Kjertelmagen hos fjørfe svarer til magesekken hos einmaga dyr. Her blir det produsert saltsyre, og enzym blir skilde ut frå store kjertlar i veggen.

Krås (muskelmage)

I kråsen skal fôret malast og blandast med saltsyre og enzym. For å hjelpe til med å male fôret blir det samla småstein eller kråsstein her.

Tolvfingertarm

Tolvfingertarmen er første del av tynntarmen og ligg som ei slynge rundt bukspyttkjertelen. Ved enden av tolvfingertarmen blir det tilsett galle frå galleblæra og bukspytt frå bukspyttkjertelen. Enzym i bukspyttet spaltar hovudsakleg karbohydrat, men òg feitt og protein. Galle spaltar feittet i fôret.

Tynntarm

I tynntarmen blir næringsstoffa sogne opp ved hjelp av tarmtottar, som hos andre einmaga dyr.

Blindtarmar og endetarm

Fjørfe og andre fuglar har som regel to ganske lange blindtarmar. I blindtarmane føregår mikrobeaktivitet som sørger for nedbryting av fiber. Feittsyrer, vatn og salt blir òg sogne tilbake i kroppen i blindtarmane. Endetarm og tjukktarm går i eitt og er eit kort og enkelt røyr som munnar ut i kloakken.

Kloakken

Kloakken er eit lite rom der både endetarmen, urinleiaren og eggleiaren endar opp. Endetarmsopninga hos fjørfe er derfor felles utførselsgang for avføring, urin og egg.

Visste du at ...

Urinen hos fjørfe er det faste, kvite stoffet som du ofte ser saman med avføringa, og at urinen hos fjørfe hovudsakleg består av urinsyre?

Oppsummeringsoppgåver

Kjelde

Bagley, M.. (2002).(2002). Fjørfeboka. Landbruksforlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2023

Læringsressursar

Fordøying