Hopp til innhald
Fagartikkel

Fordøyingssystemet hos unge drøvtyggarar

Kalvar, lam og kje er drøvtyggarar, men dei første vekene etter fødselen er fordøyingssystemet deira meir likt fordøyingssystemet hos einmaga dyr. Mjølk er hovudfôret til dei unge drøvtyggarane, og mjølk skal ikkje drøvtyggast, men gå direkte til løypemagen.

Munnen

Unge drøvtyggarar har sterkt sugebehov, noko du vil merke viss du strekker fram handa til ein kalv og let han suge på fingrane dine. Tunga blir brukt til å massere spenen eller smokken, og når kalven syg, blir det danna undertrykk slik at mjølka straumar ut.

Matrøyret

I matrøyret er det muskelrørsler som frakter mjølka ned til bollerenna.

Bollerenna

Bollerenna er ein "snarveg" for mjølka, sånn at ho kjem rett ned i løypemagen utan å gå via formagane.

Formagane

Dei tre formagane er vomma, nettmagen og bladmagen. Dette er eigentleg utposingar på matrøyret, som veks og utviklar seg når den unge drøvtyggaren begynner å ete kraftfôr og grovfôr. Etter kvart vil mikroorganismar som er i fjøsmiljøet og i fôret, bli med inn i formagane og etablere seg der. Det første signalet på at formagane har fått noko å jobbe med, er at dei unge dyra tek til å tygge drøv.

Når drøvtyggarfunksjonen er i gang, vil formagane vekse og utvikle seg ganske raskt og fylle store delar av buken.

Vomma

I starten er vomma som ein liten pose med glatt innerside, men når dei unge drøvtyggarane et kraftfôr og grovfôr, begynner utviklinga av vompapillane. Vompapillane er viktige fordi dei aukar den indre overflata til vomma, noko som gjer dyra i stand til å utnytte fôret betre. Derfor er det veldig viktig at dei får tilgang til både kraftfôr og grovfôr heilt frå byrjinga!

Nettmagen

Nettmagen heng saman med vomma og blir òg fylt med mikroorganismar som deltek i fordøyinga til dyra. På innsida av nettmagen er det eit fint rutenett som gjer at han får stor indre overflate.

Bladmagen

Bladmagen er den siste av formagane, og han har bladforma hudfaldar som ligg tett i tett.

Løypemagen (løypa)

Løypemagen er den eigentlege magen, og han fungerer som magen hos menneske og andre einmaga dyr. Her er det surt miljø på grunn av magesaft, og enzymet pepsin bryt ned protein i fôrmassen. Innsida av løypemagen er heller ikkje heilt glatt, men har langsgåande foldar som gir den større overflata.

Animasjon (1:57) om utviklinga av drøvtyggarfunksjonen

Video: Siren Halvorsen, Ingrid Ellen Resell, Merete Kildahl / CC BY-SA 4.0

Tarmane

I tarmane skal mjølka og dei andre fôrslaga bli brotne ned til enkle molekyl, sånn at næringa kan bli teken opp gjennom tarmveggen og brukast i dyrekroppen.

Tolvfingertarmen

Her blir bukspytt frå bukspyttkjertelen tilsett, med enzym som hjelper til med vidare nedbryting av protein, karbohydrat og feitt. Bukspytt er basisk og nøytraliserer det sure innhaldet som kjem frå løypemagen. Galle frå galleblæra blir òg tilsett i tolvfingertarmen og bidreg til vidare nedbryting av feitt. Galle blir produsert i levra og lagra i galleblæra.

Tynntarmen

No skal næringsstoffa sugast opp, sånn at dyret kan bruke dei til å vekse. Innsida av tynntarmen er dekt av tarmtottar. Når næringsstoffa kjem til tarmtottane, blir dei sogne opp og frakta med blodet dit dei skal brukast. Protein frå mjølka er brotne ned til aminosyrer og utgjer mesteparten av det proteinet som blir teke opp.

Tjukktarmen

Ved overgangen mellom tynntarm og tjukktarm finn vi blindtarmen. I tjukktarmen blir det meste av væska soge tilbake i kroppen.

Endetarmen

Siste del av fordøyingskanalen er ein rett tarmstump som endar i endetarmsopninga.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2024