Hopp til innhald

Fagstoff

Fordøyingssystemet hos gris

Grisen er ein altetar. Han er eit einmaga dyr med eit fordøyingssystem som fungerer på same måte som hos mennesket. Grisen har i hovudsak enzymatisk fordøying. Det betyr at enzym som grisen sjølv produserer, hjelper til med å bryte ned næringsstoffa.
Smågris på talle. Foto.

Fordøyinga hos grisen steg for steg

Munnen

I munnen deler tennene maten opp i mindre bitar når grisen tygg. Samtidig blir det skilt ut spytt som inneheld enzymet ptyalin, dette startar nedbrytinga av karbohydrata i fôret.

Matrøyret

Matrøyret fører maten til magesekken.

Magesekken

Magesekken inneheld fordøyingsvæske som òg blir kalla magesaft. Saltsyre i magesafta reduserer pH i magesekken til cirka 2. Enzymet pepsin i magesafta bryt ned protein.

Tolvfingertarmen

I første del av tynntarmen blir det tilført bukspytt frå bukspyttkjertelen og galle frå galleblæra. Enzym i bukspyttet spaltar karbohydrat og protein, mens galle deltek i spalting av feittmolekyla.

Tynntarmen

Nedbrytinga av næringsstoffa held fram, og det som er nok brote ned, blir teke opp i blodet gjennom tarmtottane.

Tjukktarmen

I tjukktarmen blir det meste av vatnet soge tilbake i kroppen, og avfallsstoffa kan skiljast ut gjennom endetarmen.

Endetarmen

Siste stasjon før restane av fôret forlet kroppen som avføring.

Kva skjer med næringsstoffa i fordøyinga til grisen?
NæringsstoffKvar startar nedbrytinga?Kva blir næringsstoffa brotne ned til?
karbohydratmunnmonosakkarid (glukose)
proteinmagesekkaminosyrer
feitttolvfingertarmenfeittsyrer og glyserol

Film om fordøyingssystemet til grisen (1:29)

Sjå filmen, og set riktig namn på figuren under.

Grisens fordøyingssystem, disseksjon (5:46)

Her får du vere med på disseksjon av ein grisunge. Kan du seie noko om kva denne grisungen har ete etter å ha sett filmen? Du kan gå ut frå at grisungen er omtrent ei veke gammal.

Tenk gjennom!

Kvifor kan ikkje einmaga dyr som gris fordøye noko særleg grovfôr?

Oppgåve

Test deg sjølv! Kva kan du om fordøyinga hos einmaga dyr?

Kjelde

Gjefsen, T. (2016) Fôringslære. Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell og Marit Ruud Skolseg.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Fordøying