Hopp til innhald

Fagstoff

Kullutjamning eller deling av kull?

Viss ei purke får meir enn 16 grisungar, er det ikkje alltid plass ved juret til at alle kan drikke samtidig. Kullutjamning vil seie at du flytter nokre av grisungane til ei purke med færre grisungar. Alternativt kan du passe på å dele kullet i to puljar som får drikke på skift.
Eit kull med små grisungar som ligg og diar. Foto.

Kullutjamning

Kullutjamning er å flytte grisungar frå ei purke som har for mange ungar i forhold til talet på spenar, over til ei som har færre grisungar. Purkane bør ha fødd omtrent samtidig, sånn at det ikkje blir for stor aldersforskjell på grisungane. Kullutjamninga bør skje i løpet av dei første 2–3 døgna etter fødselen.

Råmjølk frå mor!

Før du flytter ein grisunge over til ei anna purke, skal han drikke det første målet med råmjølk hos mora. Råmjølka skal sikre at grisungane får med seg dei viktige immunstoffa. Ho er òg veldig energirik og gir grisungen litt å gå på når han skal over til fostermora og finne plassen sin i den nye søskenflokken.

Kva grisungar bør du flytte?

Ved kullutjamning skal du alltid flytte dei største og mest aktive grisungane i kullet. Desse har gode føresetnader for å hevde seg i det nye kullet. Samtidig gir du dei svakaste grisungane større sjanse til å hevde sin rett utan å måtte forhalde seg til eit heilt nytt miljø i tillegg.

Puljedrift

Puljedrift betyr at du har gruppert purkene dine i puljar som er på same stadium i livssyklusen. Då har du fleire purker som skal grise omtrent samtidig, og du kan ofte lykkast med å finne ei fostermor viss nokre av purkene får altfor mange grisungar.

Deling av kull

Viss du ikkje har høve til å setje grisungar over til ei av dei andre purkene, kan du dele kullet sånn at grisungane får vere saman med mora på skift. På den måten sikrar du at alle grisungane får tilgang til ein spene, og at dei får i seg den viktige næringa frå purkemjølka. For å lykkast med dette bør du dele kullet sånn at det er mest mogleg jamn storleik på grisungane som skal drikke samtidig. Bruk ein merkestift for å skilje mellom gruppene.

Utvikling av talet på spenar hos purker

Talet på spenar hos purkene har lenge vore ein del av avlsarbeidet, og dei siste ti åra har gjennomsnittleg talet på spenar hos purkene auka frå 15 til 17. Det vil seie at enkelte purker kan ha over 20 spenar! Same kor mange spenar ei purke har, er det viktig å sjekke om det er mjølk i alle spenane, spesielt når det er store kull!

Video som viser framgangsmåte ved deling av kull (0:52)

Kva er sant og usant om kullutjamning og deling av kull?

Kjelder

Formo, J. (2018, 30. mai). – Ei god mor trenger fortsatt hjelp. Svineportalen. https://svineportalen.no/ei-god-mor-trenger-fortsatt-hjelp/

Gjerlaug-Enger, E. J. & van Son, M. (2024, 22. mars). Avl for speneantall: -En egen spene er avgjørende. Svineportalen. https://svineportalen.no/avl-for-speneantall/

Relatert innhald

Når vi snakkar om å bygge immunforsvar, handlar det om å gi dyra ein best mogleg start på livet.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2024

Læringsressursar

Fôring og stell av smågris