Hopp til innhald
Fagartikkel

Jerntilskot

Smågrisar har veldig liten jernreserve i kroppen når dei blir fødde, og det er heller ikkje jern i purkemjølka, så etter tre dagar har dei nyfødde grisane brukt opp det jernet dei hadde i kroppen ved fødselen. Derfor må du sørge for at alle smågrisar får i seg jern dei første dagane og vekene.

Anemi (låg blodprosent)

Jernmangel fører til anemi. Viss smågrisane ikkje får nok jern, blir dei bleike og slappe. Det skjer fordi dei raude blodlekamane treng jern for å kunne frakte oksygen rundt i kroppen.

Tildeling av jerntilskot

Du kan sørge for at grisungane får i seg jern på ulike måtar. Det viktigaste er at du har litt oversikt, så du veit at alle får i seg nok jern.

Jernpasta

Når du skal gi jernpasta, bruker du ei doseringssprøyte og gir kvar grisunge ein dose i munnen. Det er viktig at grisungane får i seg råmjølk før du gir dei jern. Pastaen må leggast langt bak på tunga, elles kan dei spytte han ut. Det beste er å stenge dei inne i smågrishjørnet ei stund før tildeling og så legge dei rett til juret etterpå. Då vil dei svoltne smågrisane svelge så mykje som mogleg.

Injeksjon

Ved å gi jern med ei sprøyte under huda sikrar du at alle smågrisane får same dose med jerntilskot. Viss du bruker denne metoden, bør dei få den første injeksjonen tidlegast på dag to eller helst dag tre eller fire, og så ein ny dose når dei er to–tre veker gamle. Viss grisungane er for små, kan dei bli forgifta av den første dosen, så du bør halvere dosen til dei minste i kullet.

Film som viser korleis du kan gi jern som injeksjon

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Smågristorv

Dette er torv tilsett jern som du kan legge på golvet i smågrishjørnet, gjerne blanda med litt kraftfôr. Då vil grisane rote rundt i torva og utøve litt av den naturlege åtferda si samtidig som dei får i seg jern.

Flytande jern

Tilskot i flytande form kan du gi rett i munnen som første dose, etter at grisungane har fått råmjølk. Seinare drikk dei tilskotet frå ein drikkeautomat eller ei drikkeskål. Flytande jerntilskot skal som regel bli blanda med vatn til rett konsentrasjon. Derfor er det viktig at du har vatn av god kvalitet i fjøset når du skal bruke flytande jern.

Alternativ for Tildeling av jerntilskot

Tilskot

Når

Fordelar

Ulemper

Jernpasta12–18 timar etter fødsel.Sikrar at alle får.Veit ikkje heilt sikkert kor mykje kvar gris får i seg.
Injeksjon

Dag 2 eller 3.

Ny dose ved 2–3 veker.

Sikrar at alle får.

Kan spreie smitte viss sprøyta ikkje blir skifta ofte nok.

Fare for forgifting ved for stor dose. (Gi litt mindre dose til dei minste grisungane.)

SmågristorvKan bli gitt frå dag 2.

Stimulerer naturleg roteåtferd.

Lett å bruke.

Ikkje sikkert alle får i seg nok jern.

Blir ikkje tilrådd som einast tilskot.

Flytande jern

Kan bli gitt med sprøyte i munnen etter fødsel.

Elles fri tilgang frå drikkeautomat.

Som oppfølging til pasta eller injeksjon kan flytande jern bli gitt kvar dag frå veke 2.

Lettvint å bruke viss du har drikkeautomat med tett lokk.

Blir ikkje tilrådd som einast tilskot.

Ved bruk av open drikkeskål blir det mykje søl og forureining.

Viss du er usikker på kva metode som passar best i fjøset ditt, kan det vere lurt å diskutere med dyrlegen før du bestemmer deg.

Tenk gjennom

Korleis klarer villsvin og andre grisungar som blir fødde ute, å få i seg nok jern?

Kjelder

Animalia. (2013). Redd en spedgris [Studiehefte].

Felleskjøpet. (2019, 28. oktober). Jern til smågris – et livsviktig tilskudd ved livets start. https://www.felleskjopet.no/alle-artikler/alle-artikler-husdyr/alle-artikler-svin/jern-til-smaagris--et-livsviktig-tilskudd-ved-livets-start/

Grande, S. & Oropeza, A. (u.å.). Jerntildeling spedgris. Fiskå Mølle. Hentet 29. februar 2024 fra https://www.fiska.no/kunnskap/jerntildeling-spedgris

Nortura medlem. (2023, 8. mai). Jernforgiftning av spedgris ved bruk av jerninjeksjon som startdose. https://medlem.nortura.no/arkiv-nyhetsartikler/nyhetsbrev-gris-mai-2023-article46508-12001.html

Relatert innhald

Fagstoff
Mineral

Mineral er stoff kroppen treng i små mengder. Dei er viktige byggesteinar og hjelpestoff som vi må få gjennom maten.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2024