Hopp til innhald

Fagstoff

Kastrering

Det er vanleg å kastrere rånane i løpet av den første leveveka. Kastreringa skal utførast av dyrlege, og grisungane skal få både bedøving og smertestillande før inngrepet. Vi kastrerer for å unngå rånesmak på kjøttet. Det finst ein vaksine som sannsynlegvis vil erstatte kastrering om nokre år.
Nærbilete av at dyrlegen lagar to snitt i huda til grisungen med ein skalpell. Foto.

Kva er rånesmak?

Når rånane nærmar seg kjønnsmodning, begynner dei å produsere kjønnshormon, og rånelukt og rånesmak heng mellom anna saman med nedbryting av kjønnshormonet testosteron.

Androstenon

Androstenon er eit viktig luktsignal for grisane, spesielt i samband med brunst. Androstenon blir produsert i testiklane i samband med nedbryting av testosteron, og produksjonen aukar når rånen blir kjønnsmoden. Du kan merke det som sveittelukt eller at det luktar urin.

Skatol

Skatol er det andre stoffet som vi kjenner lukta av når rånane blir kjønnsmodne. Skatol blir danna når aminosyra tryptofan blir broten ned i tjukktarmen. Kjønnsmodne rånar klarer ikkje å bryte ned skatol like godt som purker, og lukta av gjødsel og fjøs blir veldig sterk i avføring frå rånar.

Vi oppfattar rånesmak ulikt

Det er stor forskjell på korleis menneske oppfattar rånelukt og rånesmak. Lukt og smak av skatol vil dei fleste oppfatte og mislike sjølv i små konsentrasjonar. Når det gjeld androstenon, er det meir variasjon i kor sensitive vi er for lukt og smak.

Korleis går kastreringa føre seg?

Mange som driv med gris, har puljedrift, det vil seie at purkene er delte inn i grupper. Purkene i ei gruppe er synkroniserte sånn at grisinga går føre seg i løpet av nokre få dagar, og derfor er det er vanleg at dyrlegen kastrerer fleire kull når hen først er i fjøset. Det er ikkje lov til å kastrere rånar som er eldre enn fire veker!

Førebuingar

Det er lurt å sortere grisungane rett før dyrlegen kjem. Det enklaste er å først stenge alle grisungane inne i smågrishjørnet, for så å ta ut alle purkene. Då er det berre rånane som er innstengde i hjørnet når dyrlegen skal starte jobben. Hugs at du ikkje må stenge dei inne for tidleg, dei kan ikkje stå innstengde utan tilgang til mjølk i fleire timar!

Bedøving og smertelindring

I første omgang får alle rånane lokalbedøving i testiklane. Dei får òg ei sprøyte med eit langtidsverkande smertestillande preparat. Det tek omtrent 20 minutt før bedøvinga verkar, så det er vanleg å bedøve fleire kull i ventetida.

Kollasj som viser injeksjon av smertestillande og bedøving før kastrering av smågris. Foto.

Sjølve kastreringa

Når dei 20 minutta har gått, tek vi opp ein og ein grisunge og held han slik at dyrlegen får pressa testiklane bakover til huda strammar seg og det blir lett å bruke ein skalpell for å lage eit lite snitt. Så kan testiklane blir dregne ut før operasjonen blir avslutta med å kutte sædstrengen. I filmen under kan du sjå korleis det blir gjort i praksis:

Visste du at ...

Noreg var det første landet som innførte krav om bedøving ved kastrering av gris? Og at Noreg framleis er det einast landet som krev at kastrering skal utførast av ein dyrlege?

Alternativ til kastrering

Det har lenge gått føre seg forsking og utprøving av vaksinar som skal hindre produksjon av androstenon og skatol hos rånar, og det var vedteke eit forbod mot kastrering allereie frå 2009 i Noreg. Men forbodet vart utsett inntil vidare sidan dei enno ikkje har funne løysingar som varetek både dyrevelferd og kjøttkvalitet godt nok.

Vaksine

Det finst ein vaksine som det er tillate å bruke. Han hemmar utviklinga av testiklane sånn at rånane ikkje blir kjønnsmodne. Førebels er det lite bruk av vaksine i staden for kastrering, og dette kjem delvis av at vaksinen ikkje verkar på alle dyr. Viss du skal bruke vaksine i staden for kastrering, må du inngå skriftleg avtale med slakteriet om dette, fordi det er veldig strenge reglar for bruk av medikament når det gjeld mattryggleik. Viss vaksinen ikkje har verka på enkelte av rånane, skal dette gå fram av vaksinasjonsattesten.

Reglar ved bruk av vaksine til kastrering (kjelde: Nortura medlem, 2024)

Før oppstart

Første dose

Pause mellom dosane

Andre dose

Eigenkontroll

Vaksinasjonsattest

Skriftleg avtale med slakteriAlder minst 56 dagarMinst 28 dagar28–70 dagar før slakting14 dagar etter siste vaksinasjonSkal fyllast ut av dyrlege og attesterast av eigar. Attesten skal følge med til slakteriet.

Inga kastrering

Du kan velje å ikkje kastrere rånane dine, men ofte vil du då få veldig lite betalt for kjøttet på grunn av rånesmak. Viss du vel å ikkje kastrere rånane, vil du òg oppleve at dei blir kjønnsmodne før dei skal leverast til slakt, og det blir meir uro i grisefjøset. Meir herjing og slåssing vil føre til dårlegare dyrevelferd både for dei ukastrerte rånane og for purkene dei går saman med.

Diskuter

Kva fordelar og ulemper er det med kastrering?

Kjelder

Animalia. (2017, 21. mars). Rånekjøtt. https://www.animalia.no/no/ravare-og-foredling/foredling/ranekjott/

Animalia. (2017, 31. mars). FAQ - vaksinering mot rånelukt. https://www.animalia.no/no/Dyr/svin/helse-og-velferd-i-svinebesetninger/hanngris/faq---kastrering-av-gris/

Forskrift om hold av svin. (2020). Forskrift om hold av svin (FOR-2003-02-18-175). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2003-02-18-175

Nortura Medlem. (2024, 22. januar). Immunkastrering av gris – VAK-gris. https://medlem.nortura.no/gris/vak-gris/

Tunstad, E. (2007, 18. september). Sexy lukt - eller frastøtende? https://www.forskning.no/seksualitet/sexy-lukt---eller-frastotende/995565

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2024

Læringsressursar

Fôring og stell av smågris