Hopp til innhald

Fagstoff

Tannfiling

Smågris har 32 tenner ved fødselen, og 8 av desse er veldig spisse hjørnetenner. Om det er mange grisungar i eit kull, blir det stor kamp om plassen ved juret. Då blir desse tennene brukte som våpen, noko som kan skade både kullsøsken og juret og spenane. I slike tilfelle bør du file desse tennene.
To hender viser fram dei spisse hjørnetennene i munnen til ein smågris. Foto.

Svarttenner

Eit vanleg namn på desse hjørnetennene er svarttennar. Det kjem kanskje av at dei ofte har ein litt mørk farge mot tuppen? Desse spisse tennene sit parvis, to oppe og to nede på begge sider av munnen. Når det er kamp om spenane, vil grisungane glefse etter kvarandre, og du vil sjå at dei får sår på nasen. Kampen vil òg gå ut over purka, og viss juret blir veldig sårt og ømt, vil ho grue seg til amminga og vente med å legge fram juret for ungane.

Visste du at ...

Desse hjørnetennene blir kalla needle teeth på engelsk? Det seier noko om kor spisse dei er!

Tilrådingar

Tannfiling bør helst gjerast dei første timane etter fødselen. Når det er store kull, bør du alltid file tenner. Ei vanleg purke har mellom 14 og 20 spenar, men det er ikkje alltid det er mjølk i alle spenane. Derfor er det stor variasjon mellom purkene med tanke på kor mange grisungar dei kan amme samtidig. For å sjekke kor mange spenar som verkar, kan du mjølke ut nokre strålar frå alle spenane i løpet av grisinga. Då kan du vurdere behovet for tannfiling ut frå talet på spenar med mjølk og storleiken på kullet.

Ungpurker

Det blir tilrådd at du alltid filer tenner når ei purke får det første kullet sitt. Purka har ikkje opplevd dette før, og ho er ikkje førebudd på den harde medfarten frå ein skokk med svoltne grisungar som bit i juret og søker etter mjølk. Purka blir uroleg og redd for å legge opp juret, og då blir det mindre mjølk på grisungane.

Synlege sår

Viss purka får mange sår på juret og smågrisane har små sår på nasen, må du file tennene for å redusere faren for infeksjon. Viss purka får jurbetennelse, vil det bli for lite mjølk til grisungane, og det er òg ein fare for at bakteriar frå fjøsmiljøet kan gi leddbetennelsar hos smågrisar med opne sår.

Reiskap og framgangsmåte

Det beste er å bruke ei elektrisk slipemaskin som er laga for tannfiling. Det er berre den ytste, skarpe spissen av tennene som skal slipast ned. Når du er nybegynnar, kan det vere lurt at nokon kan halde grisungen for deg mens du sliper. Etter kvart som du får taket på oppgåva, klarer du det godt på eiga hand. Pass på å file sånn at tanna blir litt avrunda i kantane.

Kollasj som viser tannfiling av smågris og den motoriserte tannfilaren. Foto.

Forbode å klippe hjørnetennene

I Noreg er det ikkje lov til å klippe dei spisse hjørnetennene med tong, noko som var vanleg før. Grunnen er at det er mykje større fare for å klippe av for mykje av tennene, og då blir det som eit opent sår. Det gjer vondt for grisungane og vil òg vere ein inngangsport for bakteriar, som i neste omgang kan føre til leddbetennelse eller andre infeksjonar.

Film som viser framgangsmåten ved tannfiling

Kjelder

Animalia (2013). Redd en spedgris [Studiehefte].

Forskrift om hold av svin. (2023, 18. februar). Forskrift om hold av svin (FOR-2003-02-18-175). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2003-02-18-175

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2024

Læringsressursar

Fôring og stell av smågris