Hopp til innhald

Fagstoff

Fôring i smågrisperioden

I starten av livet treng smågrisane berre mjølk frå mora, men i løpet av dieperioden må dei òg få tilgang til kraftfôr og grovfôr av god kvalitet. Det er viktig for at fordøyingskanalen skal utvikle seg før dei skal vennast av frå mjølk. Det er òg viktig at dei har tilgang på vatn heilt frå starten.
Eit kull med små grisungar som ligg ved juret til mora og diar. Foto.

Råmjølk

Som regel vil dei nyfødde grisungane finne vegen til juret og forsyne seg med den første råmjølka rett etter fødselen. For å sikre at òg dei minste og svakaste grisungane får i seg råmjølk, bør du alltid vere til stades under grising. Du kan hjelpe dei å få ein god start ved å legge dei til juret og passe på at dei får i seg litt råmjølk før du plasserer dei under varmelampa.

Åtferd under diing

Alle grisungane diar samtidig, og det går omtrent 45 minutt mellom kvar diing i starten. Purka legg seg ned på sida, og grisungane stormar fram til juret. Under nedgiinga vil du høyre at purka lagar låge gryntelydar. Etter cirka 20 sekund er det tomt for mjølk i spenane, og då er det ikkje meir å få før neste gong purka er klar til å gi ned.

Rangorden

I løpet av dei to første dagane har grisungane kjempa seg fram til sin plass ved juret, dei største og sterkaste tek dei beste spenane. I store kull er det stor fare for at dei minste og svakaste grisungane ikkje får plass ved juret, og i verste fall kan dei døy av svolt.

Mjølkeerstatning

Viss det er eit stort kull, eller viss purka blir sjuk, kan det vere nødvendig å gi grisungane mjølkeerstatning. Men hugs at alle treng å få i seg litt råmjølk heilt i starten!

Film om tildeling av mjølkeerstatning (0:50)

Bruk av fôringsautomat for mjølk

Fôringsautomat kan vere eit alternativ viss du ikkje har høve til å flytte grisungar over til ei anna purke (ammepurke). Det er strenge reglar for bruk av mjølkefôringsautomatar, fordi vi helst vil at grisungane skal få lov til å vere saman med mora eller ei fostermor fram til avvenning. Vi trur at samværet med purka er viktig for velferda til grisungane, men det finst foreløpig lite forsking som kan stadfeste eller avkrefte dette.

Grisungar i ein grisebinge. I bingen er det mykje halm, og det er strø på golvet. I det eine hjørnet er det plassert ein mjølkefôringsautomat. Foto.

Vatn

Drikkeniplar i ein grisebinge. Niplane er plasserte i tre ulike høgder, og det står ein smågris og drikk av den nedste. Foto.

Grisungane drikk ikkje så mykje vatn dei første vekene, men det er viktig at dei har tilgang til reint vatn av god kvalitet heilt frå starten. Som regel blir dette løyst med å ha drikkeniplar i ulik høgde i fødebingane, ein nippel som passar til purka, og ein eller to nærare golvet som grisungane kan drikke av. Sånn lærer dei å bruke drikkeniplane av mora.

Kraftfôr

Tilvenning til kraftfôr startar når grisungane er 1–2 veker gamle. Du bør starte med å gi dei eit tilpassa smågrisfôr (startfôr). Det er viktig for at grisungane skal få ein god overgang frå mjølk til fast føde. I starten er det best å berre strøye litt kraftfôr på golvet inne i smågrishjørnet. Dei to siste vekene før avvenning bør dei få kraftfôret i ein automat. Automaten må plasserast i smågrishjørnet, elles vil purka ete opp fôret. Det er viktig at smågrisane klarer å ete opp alt, så du må passe på å ikkje fylle på for mykje av gongen. Kraftfôrautomaten må tømmast for gammalt fôr og reingjerast kvar dag!

Grovfôr

Grovfôr er ikkje så viktig for smågrisane mens dei enno går saman med mora, men sidan purkene skal ha litt grovfôr kvar dag, vil òg smågrisane rote rundt i det og smake litt. Etter avvenning er grovfôr av god kvalitet viktig for å sikre gode forhold i tarmen. Litt grovfôr gir òg grisungane noko å arbeide og leike med, og det kan vere med på å redusere stress og aggresjon i flokken.

Avvenning

Avvenning betyr at du flytter purka bort frå grisungane, og då er det slutt på mjølk som fôr. Det er ikkje lov til å avvenne smågris før dei er minst 28 dagar gamle, og i Noreg det er vanleg at grisungane går saman med purka til dei er 33–35 dagar. Viss du driv økologisk, skal dei gå saman med purka til dei er minst 40 dagar gamle.

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelder

Animalia. (2013). Redd en spedgris [studiehefte].

Debio. (u.å.). Forskjeller mellom økologisk og konvensjonell produksjon. Hentet 18. juni 2024 fra https://debio.no/forskjeller-mellom-okologisk-og-konvensjonell-produksjon/

Sleipnes, P. A. (2018, 28. mai). Riktig fôring av smågris har stor betydning for produsentøkonomien. Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund. https://kjottbransjen.no/riktig-foring-av-smagris-har-stor-betydning-for-produsentokonomien/

Forskrift om hold av svin. (2003). Forskrift om hold av svin. Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2003-02-18-175

Norsvin. (2023). Studiekurs om fôring av smågris og slaktegris, studieenhet 2. https://norsvin.no/studiekurs-foring-studieenhet-2/

Relatert innhald

Ei purke kan få så mange grisungar at ho ikkje har nok spenar til alle. Då kan du flytte nokre av grisungane til ei purke som har ledig plass ved juret.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2024

Læringsressursar

Fôring og stell av smågris