Hopp til innhald

Fagstoff

Å bygge immunforsvar

Når vi snakkar om å bygge immunforsvar, handlar det om å gi dyra ein best mogleg start. Ved å passe på under fødselen og sørge for at alle nyfødde pattedyr får nok råmjølk så snart som mogleg, hjelper du dei i kampen mot infeksjonar og smittestoff.
Ei dame sit i ein kalveboks og held ei smokkflaske som kalven drikk av. Kalven har på seg eit dekken. Foto.

Råmjølk

Råmjølka er den første mjølka som mora produserer. Denne produksjonen kan starte fleire veker før fødselen. Råmjølka inneheld mykje energi i form av feitt og protein, og ein stor del av proteina i råmjølka er immunstoff, immunglobulinar. Dette er store molekyl som dei nyfødde dyra kan ta opp gjennom slimhinnene i tarmen dei første timane etter fødselen. Etter nokre timar kan ikkje tarmen ta opp så store molekyl, derfor er det veldig viktig å sørge for at dei får råmjølk så snart som mogleg!

Miljø

For å sikre at dei nyfødde dyra ikkje blir utsette for store mengder uønskte mikroorganismar, er det viktig å sørge for at fødselen skjer i eit reint miljø. Du bør sørge for å setje mora inn i ein reingjord og godt strøydd fødebinge i god tid før fødselen startar.

Varme

Mange smågrisar som døyr etter fødselen, døyr fordi dei frys i hel. Sidan råmjølka er både varm og veldig energirik, er ho òg viktig for at dei nyfødde dyra ikkje skal bli for kalde. For å sikre nok varme må du òg ofte ta i bruk fleire hjelpemiddel, som godt med halm, varmelamper, varmeflasker eller dekken til større dyr.

Tre bilete av smågris under ei varmelampe i grisefjøset. Foto.

Sårbehandling

Ved fødselen blir navlestrengen riven av, og dette blir eit opent sår som kan sleppe uønskte mikroorganismar inn i kroppen til dei nyfødde dyra. For at mikroorganismane ikkje skal komme seg inn, kan du bruke navlespray, eller du kan desinfisere navlestrengen med jod rett etter fødselen.

Du må òg følge med på og behandle andre små sår som kan utvikle seg til betennelsar i kropp og bein, og i verste fall spreie seg vidare til ryggmergen.

Eit nyfødd lam ligg ved sida av mor, navlestrengen er framleis ikkje kutta. Foto.

Vaksinering

Viss du driv med småfe eller gris, er det vanleg å vaksinere mora i løpet av drektigheitstida, for då vil ho produsere antistoff som kan overførast til avkommet gjennom råmjølka. Det kan òg vere aktuelt å vaksinere lam og kje viss mora ikkje har fått vaksine i løpet av drektigheita.

Når det gjeld fjørfe, har vi reglar for vaksinasjon av høns, men vi har ingen rutinemessige vaksinasjonar for kalkun, endar og gjæser.

Kva slags vaksinar som er aktuelle i ulike produksjonar, vil vi ta opp i fagstoffet om dei enkelte dyreslaga.

Gule kyllingar som går på eit lag med strø. Foto.

Tenk gjennom

Korleis kan du sørge for at dyra i eit fjøs du kjenner, får ein så god start på livet som mogleg?

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2023

Læringsressursar

Immunforsvaret til dyra