Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er immunforsvar?

Immunforsvaret er dyras eige forsvar mot framande mikroorganismar. Vi snakkar om det uspesifikke og det spesifikke immunforsvaret. Det uspesifikke forsvaret er den første forsvarslinja til kroppen, mens det spesifikke er meir spesialisert og treng litt tid på å komme i gang med kampen mot inntrengarar.

Det uspesifikke immunforsvaret

Det uspesifikke immunforsvaret skal hindre at framande organismar kjem inn i kroppen, og er det første forsvaret til dyra mot sjukdom og skadar. Det er eit forsvar som består av hud, hår, slimhinner, tårer, mikroorganismar og celler i kroppen.

Hud og hår

Huda og hårlaget er det første hinderet som dei uønskte organismane må passere. Viss det er ein skade eller eit sår i huda, vil bakteriar og virus lettare komme inn i kroppen og starte eit angrep. Derfor er det veldig viktig å følge med på dyra og starte behandling med ein gong du oppdagar sår eller rifter i huda. Spesielt dei nyfødde dyra kan fort bli veldig sjuke viss det kjem smittestoff inn gjennom eit sår.

Visste du at ...

Feittstoffet lanolin blir brukt i både salvar og kosmetikk, og til og med understellsbehandling av bilar?

Slimhinner

Slimhinnene som dekker dei indre overflatene i kroppen, er òg viktige for å verne dyra mot smitte. Det merkar du når du er forkjølt, for då aukar slimproduksjonen veldig. Slimhinnene i luftvegane er òg dekte med flimmerhår. Desse piskar slimet oppover mot svelget, sånn at støv og mikroorganismar kan hostast opp.

Kjemisk forsvar

Tårevæske og magesyre er òg delar av det uspesifikke forsvaret. Magesyra drep mange mikroorganismar, og tårevæska kan øydelegge celleveggen til mange bakteriar.

Dyras eigne mikroorganismar

Alle dyr har mange mikroorganismar som ikkje er skadelege, både utanpå og inne i kroppen. Desse mikroorganismane bidreg òg til å verne dei mot inntrengarar som kan gjere skade.

I formagane hos drøvtyggarar finn vi mange ulike mikroorganismar, som inngår i fordøyingsprosessen. Det er viktig å stelle godt med desse når du skal planlegge fôringa, for viss mikroorganismane døyr, blir vertsdyret svekt.

Cellene i kroppen

Alle cellene i kroppen til dyra inngår i det uspesifikke forsvaret, og dei ulike cellene har mange oppgåver. Nokre skal oppdage inntrengarar og varsle eller setje i gang det spesifikke immunforsvaret, mens andre skal gå rett i angrep.

Det spesifikke immunforsvaret

Når vi snakkar om det spesifikke immunforsvaret, handlar det om kvite blodceller, nærare bestemt B- og T-celler.

Nemninga "spesifikk" viser til at responsen blir tilpassa det spesifikke smittestoffet. Denne tilpassinga tek tid (fleire dagar), men til gjengjeld blir responsen svært effektiv fordi han er målretta. Samtidig som smittestoffet blir nedkjempa, opparbeider vi oss immunitet mot det. Denne delen av immunforsvaret blir derfor òg kalla det tillærte immunforsvaret.

Kjenneteikn ved det spesifikke immunforsvaret
  • Det spesifikke immunforsvaret er eit fleksibelt forsvar som bruker tid på å tilpasse seg til kvart nytt smittestoff.

  • Viss du har vore infisert av eit smittestoff, hugsar det spesifikke immunforsvaret det. Dermed blir responsen raskare og kraftigare neste gong du blir infisert av det same smittestoffet.

  • Cellene er "spesialistar". Kvar av dei kan kjenne igjen eit spesifikt smittestoff.

Gangen i den spesifikke immunresponsen

  1. Gjenkjenning og aktivering: Når eit bestemt smittestoff kjem inn i kroppen for første gong, har vi berre nokre få lymfocyttar i kroppen som kan kjenne igjen antigenet. Den spesifikke immunresponsen startar når ein av desse lymfocyttane bind seg til antigenet og blir aktivert.

  2. Mobilisering og kamp: Den aktiverte lymfocytten deler seg raskt og fleire gonger. Dette fører til ein enorm vekst i talet på celler som kan kjenne igjen det spesifikke antigenet. Dei fleste dottercellene får ei aktiv rolle i kampen mot antigenet, mens nokre blir minneceller.

  3. Minne: Minnecellene har lang levetid og utgjer kroppens "immunologiske minne" om infeksjonen. Dei sørger for raskare respons mot antigenet neste gong det kjem inn i kroppen.

Oppgåve

Kva påstandar om immunforsvaret er rette?

Viktige omgrep

Mikroorganismar
er organismar som er så små at vi berre kan sjå dei i mikroskop, til dømes bakteriar, virus, soppar og andre eincella organismar.
Immunforsvaret
er kroppen sitt forsvar mot smittestoff.
Det uspesifikke immunforsvaret
er det første forsvaret til dyra mot sjukdom og skadar. Det består av hud, hår, slimhinner, tårer, mikroorganismar og celler i kroppen.
Det spesifikke immunforsvaret
er eit målretta forsvar retta mot bestemde smittestoff.
Antigen
er det same som smittestoff. Det er ofte delar av mikroorganismar, som bakteriar og virus.
Antistoff
er stoff som kan binde seg til antigen.
Lymfocyttar
er kvite blodceller som deltek i immunforsvaret.
B-celler
er kvite blodceller som kjempar mot mikroorganismar ved hjelp av antistoff.
T-celler
er kvite blodceller som drep celler som er smitta/infiserte.

Relatert innhald

Fagstoff
Det uspesifikke immunforsvaret

Hud og slimhinner hindrar mikroorganismar i å komme inn i kroppen, og fagocyttar "et" alle typar mikroorganismar som trenger gjennom barrierane.

Fagstoff
Det spesifikke immunforsvaret

Det spesifikke immunforsvaret består av lymfocyttar og er eit fleksibelt forsvar som tilpassar seg til bestemte smittestoff og hugsar dei for ettertida.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2023