Hopp til innhald

Fagstoff

Passiv og aktiv immunitet

Når vi snakkar om passiv og aktiv immunitet, handlar det om korleis immuniteten oppstår. Passiv immunitet er veldig viktig for nyfødde pattedyr, og den får dei først og fremst via råmjølk. Aktiv immunitet må dei bygge på eiga hand, og det tek litt lengre tid.
Eit kull med små grisungar som ligg ved juret til mora og diar. Foto.

Passiv immunitet

Passiv immunitet er immunitet som blir tilført utanfrå. Vi kan tilføre dyra immunitet ved å vaksinere dei, og ein måte vi kan gjere det på, er å vaksinere mora når ho er drektig. Då vil ho produsere immunstoff mot spesifikke smittestoff, og immunstoffa kan overførast til avkommet gjennom råmjølka.

Viss du driv med pattedyr, er det aller viktigast å passe på at dei nyfødde dyra får nok råmjølk. Råmjølka inneheld immunstoff, gammaglobulinar, som dei nyfødde dyra kan ta opp gjennom tarmen dei første timane etter fødselen. Viss dei ikkje får råmjølk tidleg nok, vil dei miste evna til å ta opp desse immunstoffa.

Immunstoffa i råmjølka sluttar gradvis å verke. Når dette skjer, er det viktig at dyra allereie er i gang med å bygge opp sitt eige immunforsvar.

Aktiv immunitet

Aktiv immunitet er immunitet som blir bygd opp etter kvart som dei nyfødde dyra kjem i kontakt med mikroorganismar i miljøet.

Aktiv immunitet kan òg byggast ved hjelp av vaksine. Då bruker vi levande, men svekte mikroorganismar for å hjelpe immunforsvaret til å kjenne igjen eit smittestoff. På denne måten kan kroppen raskt mobilisere motstand når dyra blir utsette for smitte.

Grafar som viser immunitet hos dyr. Den totale immuniteten stig raskt rett etter fødsel, når ein topp etter to til tre veker, søkk fram til fem vekers alder før han stig sakte og flatar ut. Den passive immuniteten stig raskt rett etter fødsel, når ein topp etter to til tre veker og søkk raskt før han flatar ut. Den aktive immuniteten stig sakte i starten før han aukar etter fire til seks veker og etter kvart flatar ut. Illustrasjon.

Tenk gjennom

  • Korleis kan figuren over sjå ut for ein kalv, eit lam, eit kje eller ein grisunge som ikkje får nok råmjølk i tide?

  • Kva trur du vil skje dersom dei ikkje får råmjølk i det heile?

  • Er all råmjølk like bra?

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2023

Læringsressursar

Immunforsvaret til dyra