Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Halloween-fest

Sjå for deg at Petter Stordalen vil arrangere halloween-fest på skulen din. Samarbeid om å skape eit uttrykk der maksimalisme møter minimalisme.
Ein blomsterdekorasjon i eit oransje graskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til lærar

Oppgåva kan løysast slik at FBIE-klassane feirar halloween på skulen. Då blir talet på gjester tilpassa elevtalet på trinnet.

Kunden

Petter Stordalen er kjend for å arrangere legendariske festar. Kvart år inviterer han til kostymeball i Nordic Choice Hotels sitt hovudkvarter på Frogner.

Sjå for deg at han vil overraske sønene Henrik og Jakob med ein halloween-fest for dei og vennene deira. Dessutan ønsker Stordalen at festen skal skje på skulen din, og han har derfor kontakta unge designarar i klasse 1FBIE! Gjestene vil komme køyrande i limousinar, og Stordalen forventar ein storslått fest.

Oppdraget

Stordalen ønsker eit nordisk stilpreg, mellom anna med bruk av naturmateriale, og han set pris på berekraftige val. Stilen skal vere maksimalisme møter minimalisme. Det skal dekkast to langbord, eitt i minimalistisk stil og eitt i maksimalistisk stil.

Les meir om minimalisme og maksimalisme på ndla.no.

Målgruppa

Gjestelista omfattar 30 personar. Alle saman er venner av Henrik og Jakob og mellom 18 og 28 år gamle. Blant gjestene er det kjende musikarar, influensarar, idrettsutøvarar og skodespelarar.

Frist

Alle skal løyse kvar sitt oppdrag, og fristen for å ferdigstille oppdraget er 31. oktober. Kle dykk ut den dagen, gå i frisørsalongen til klassen og få ein kul frisyre. Kanskje kan alle ta med ein liten halloween-snack?

Del 1: Analyser oppdraget

Kunden

Det er viktig å finne ut mest mogleg om kunden når ein tek på seg eit slikt oppdrag.

  • Kven er Petter Stordalen?

  • Kva er viktig for han?

  • Kva for personlegdom og livsstil har han?

  • Kva er bestillinga hans?

Vurder kva for løysingar som kan passe til målgruppa

  • Kven er det som skal komme på festen?

  • Les skildringa av målgruppa og diskuter kva slags opplegg og løysingar som kan passe for gjestene.

Del 2: Inspirasjon

Skal de arrangere halloween-fest, er det lurt å sette seg godt inn i kva halloween er. Er halloween-feiringa ulik i ulike land?

  • Samle bilete og tekst i ei felles notatbok for klassen.

  • Lag ei halloween-tavle, til dømes på Pinterest.

Del 3: Fargepalett

Graskar i ulike fargar, sett ovanfrå. Under biletet av graskara ein palett i varme fargetonar.

Lag ein fargepalett for bordet i minimalistisk stil og ein fargepalett for bordet i maksimalistisk stil.

Vel eit inspirasjonsbilete og trekk ut fargar frå dette biletet. Her kan du til dømes bruke Adobe Color, importere fargane til Adobe Illustrator og sette saman inspirasjonsbiletet og fargane på eit A4-ark. Klassen stemmer fram ein av fargepalettane og bruker han som felles fargepalett vidare.

Del 4: Val av yrke

Del 4 skal løysast innanfor ei av desse yrkesretningane: frisør, blomsterdekoratør, interiør, eksponering eller profilering. Vel eitt av yrka og løys oppgåva.

Frisør

Du skal planlegge og lage nokon spennande hår-kreasjonar som passar til nokre av gjestene som skal på kjendis-festen. Det er viktig at frisyrane er leikne og gjerne humoristiske. Du har høve til å lage din eigen hårpynt.

Du skal ferdigstille minst to frisyrar, éin i minimalistisk og éin i maksimalistisk stil. Lag gjerne også halloween-sminke tilpassa kvar stil.

Verktøy du kan bruke, er fønar, hårrullar og ulike krølltenger, gjerne i kombinasjon med flette- og/eller tvinneteknikkar. Tupering bør også vere med der du treng høgde og volum på håret.

I kvar frisyre må du bruke minst to teknikkar, og du må tenke kontrast og balanse. Frisyrane skal tilpassast målgruppa.

Dukkehovud med fletter og fargerike band i håret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blomsterdekoratør

Du skal lage eit blomsterarbeid i formal stilform (minimalistisk) og/eller eit blomsterarbeid i dekorativ stilform (maksimalistisk). Lag dekorasjonar med botaniske materiale som blomstrar, blad, strå og mose. Kanskje har du høve til å sanke noko sjølv?

Dekorasjonen skal lagast av 100 % naturlege og nedbrytbare materiale, til dømes graskar med stikkmasse av mose, greiner eller leire. Det finst også nedbrytbar stikkmasse i steinull.

Hugs tydeleg fargedominans i det dekorative arbeidet, og bruk gjerne FLOF-analyse når du vel ut materiale i det formale arbeidet.

Seks blomsterdekorasjonar i graskar sett ovanfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her kan du lese meir:

Interiør

Du skal planlegge borddekking i maksimalistisk og minimalistisk stil. Som duk kan du bruke tekstil i naturfibrar, strie eller papir. Lag bordkort. Bruk naturelement som strå, steinar, tre og blomsterarbeid frå elevane som jobbar med blomster. Ta berekraftige materialval, og tenk ombruk, redesign eller bruk av overskottsmateriale. Lag materialkart og/eller moodboard med fargepalett for kvar stil.

Deretter viser alle som har valt denne oppgåva, idéane sine ved å dekke éin kuvert i kvar av dei to stilane. Klassen stemmer over kva løysing som skal veljast, og dekker saman to langbord, eitt i minimalistisk stil og eitt i maksimalistisk stil.

Eit bord som er dekt til halloween-fest, med svarte serviettar og papirkoppar, og kvite papirtallerkar som er dekorerte med oransje og svart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksponering

Du skal lage halloween-utsmykking av sjølve rommet. Det kan vere element som heng frå taket, eller som står på golvet. Lag mange og varierte skisser og utprøvingar.

Du kan bruke papir, kartong, papp og tekstilar. I tillegg kan du bruke måling til å dekorere med og materiale som hønsenetting eller ståltråd for å konstruere former. Du kan også bruke graskar som dekorelement.

To store dekorelement som er forma som gravsteinar. Midt på den eine steinen står inskripsjonen R. I. P. Han er også full av mørkeraude handavtrykk. Den andre steinen er ikkje ferdig dekorert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Profilering

Leit etter mønster og dekor frå dei to stilretningane maksimalisme og minimalisme. Det kan vere dekor på servise, på tapet, i interiør eller på bygningar. Bruk dette som inspirasjon vidare.

Jobb digitalt og lag silhuettar og flatemønster. Lag minst to silhuettar og fem ulike mønster, og vel så ut den dekoren du vil jobbe vidare med. Du kan skjere ut dekoren for hand, eller du kan bruke laser- eller vinylskjerar. Så monterer du dekoren på vindauge eller henger han opp i taket. Du kan også velje å skjere ut silhuettar og flatemønster i graskar.

Stiliserte hovudskallar i ulike fargar, laga i vinyl og hengte opp på eit vindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Presenter prosjektet

Bruk gjerne skriveramma nedanfor når du førebur presentasjonen av prosjektet ditt, og legg deretter bilete og skriftleg tekst inn i ein digital presentasjon.

Skriveramme til halloween-oppgåva

Slik kan du bygge opp presentasjonen din:

Framside

Tittel og namn, bilete av ferdig produkt

Innleiing

  • Presenter oppdraget kort og med eigne ord.

  • Beskriv kunden kort.

  • Beskriv målgruppa og forklar kva stil du trur denne målgruppa liker.

Hovuddel

  • Forklar kva halloween er. Finn bilete og sett inn døme frå halloweenfeiring i ulike land.

  • Vis fargepalett i maksimalistisk stil og i minimalistisk stil.

  • Forklar kvifor du meiner fargepaletten er minimalistisk eller maksimalistisk, og kvifor du valde desse fargane.

  • Vis arbeidsprosessen din innan valt yrke steg for steg. Sett inn bilete, forklar kva du har gjort og grunngi vala dine.

Avslutning

Kva lærte du i denne oppgåva om

  • målgruppe

  • fargar

  • teknikk/programvare

  • stilhistorie (minimalisme, maksimalisme)

  • valt yrke

Kva ønsker du å lære meir om?

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2022

Læringsressursar

Designprosess