Design tøymunnbind
Du skal løyse to ulike oppgåver. Arbeidet bør du dele opp i fleire fasar:
- Første steg er idéfasen med idéutvikling. Her er skisser og utforsking viktig. Lag minst fem skisser med ulike motiv og uttrykk per oppgåve. Lag di eiga form på munnbindet, eller bruk ein av dei vedlagde malane.
- I neste fase skal du velje ut og vidareutvikle eitt eller to design frå idéfasen. Bruk eit grafisk program og lag ei grafisk framstilling av tøymunnbindet, strekt ut som vist i malane. I tillegg skal du lage ei skisse som viser eit ansikt som har på munnbindet, for å vise munnbindet i bruk.
- Du skal dokumentere prosessen undervegs og skrive notat om arbeidet.
- Til slutt skal du lage eit lite hefte der du samlar skisser, utprøvingar, notat og ferdige produkt.
Sjå for deg ei målgruppe, beskriv ho med omsyn til kjønn, alder, interesse og klesstil. Design deretter eit mønster som skal dekkje munnbindet og som kan appellere til målgruppa. Du kan i tillegg lage ein logo eller skrive eit namn på munnbindet om du vil.
Lag tøymunnbind-merchandise til eit band, ein artist, eit idrettslag, ein russegruppe, til ein influensar eller liknande. Sett deg inn i den visuelle stilen til personen eller gruppa du skal lage merchandise for.
Lag eit hefte der du viser fram både skisser og ferdige design, og der du forklarer arbeidsprosessen frå idé til ferdig design. Bruk bilete og tekst, og trekk inn faguttrykk.
Argument for
- val av design
- behova til målgruppa
- visuell stil (gjeld oppgåve 2)
Filer
- Mal for munnbind(PDF)
Relatert innhald
Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.