Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Design eit mobildeksel

Eit mobildeksel beskyttar telefonen din. Samstundes kan designet formidle identiteten din. I denne oppgåva skal de bruke laserskjerar til å skape eit personleg uttrykk på eit mobildeksel.
Tre mobildeksel med ulike design laga i flyfiner med tre ulike design. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Mal til mobildeksel med eit mønster på. Illustrasjon.
Ein prototype skoren ut med laser i kryssfiner av furu. Foto.
Mønster som blir skore med laser. Foto

Laserskjerar

  1. Mål lengda og breidda på mobilen din. Bruk malen du finn i vedlegget og tilpass storleiken slik at han passar mobilen. Bruk eit digitalt teikneprogram. Den viktigaste funksjonen eit mobildeksel har, er å beskytte. Då bør du lage dekselet litt større enn mobilen din.
  2. Lag eit design som uttrykkjer din stil, haldningar eller verdiar. Det kan vere eit symbol, ein figur, eit mønster, namnet ditt eller tekst som formidlar noko. Du kan gravere eller skjere designet ut.
  3. Bruk laserskjeraren til å lage ein prototype der du testar ut funksjon og design. Bruk til dømes 3 mm kryssfiner av furu. Furu er rimeleg i innkjøp og er ein fornybar ressurs.
  4. Vurder prototypen din og gjer eventuelle forbetringar. Er mobilen beskytta av dekselet? Er ryggen rørleg nok? Må du gjere nokre endringar ved designet?
  5. Skjer ut mobildekselet i det trematerialet du ønskjer. Flyfiner eller kryssfiner mellom 1,5 mm og 3 mm eignar seg godt.

Filer

Mobildeksel i flyfiner med silhuett av fuglar på greiner skoren ut. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Montering av mobil i dekselet

Her kan du velje blant fleire moglege løysingar med ulik vanskegrad.

  • Monter mobilen i dekselet ved å bruke ein god dobbeltsidig tape.
  • Du kan bruke ein sterk magnet som du limer inn i dekselet. Mobilen vil hengje fast i han. Fordelen med ein slik magnetplate er at du kan bruke han om igjen og til ulike mobilmodellar. Ein liten bit magnet eignar seg også godt til å halde dekselet lukka.
  • Du kan få tak i og bruke eit enkelt deksel. Då er det viktig å tenkje gjenbruk. Kanskje har du eit gammalt deksel du kan ta i bruk, eller du kan få tak i eit brukt som passar din mobil?
  • Du kan 3D-printe eit enkelt deksel eller ein haldar som du kan montere med lim. Fleksibelt TPU-filament er det mest funksjonelle alternativet, men PLA-filament er eit betre alternativ med tanke på miljø og berekraft. Bruker du PLA, må du designe dekselet slik at du får mobilen inn i det.

3D-printer

  1. Søk etter eit ferdig design, til dømes på delingssida thingiverse.com. Bruk søkeorda "mobilmodell" + case.

ELLER

  1. Du kan designe ein haldar sjølv i eit 3D-modelleringsprogram. Bruk måla på mobilen for å lage han. Du kan også søke etter ein 3D-modell av din mobiltype. Bruk til dømes delingssida 3dfree.com. Då kan du lage designet ditt rundt 3D-modellen for eksakte mål og form.
  2. Print designet.
Tre mobildeksel laga i flyfiner med laserskjerar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2019

Læringsressursar

Designprosess