Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Sprei glede

Temaet i denne oppgåva er å spreie glede. Du har fått i oppdrag å skape noko som kan glede andre. Kan ein frisyre spreie glede? Kan du formidle ein positiv bodskap gjennom redesign av eit plagg? Det er mange menneske som er einsame. Kan du lage ein bukett til nokon som treng ei oppmuntring?
To glade jenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel yrke

Vel det yrket som du vil jobbe innanfor.

Ung gut og jente med raudt, krøllete hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tema: Sprei glede

Mange menneske går tur. Kanskje du kan lage eit skilt som formidlar noko artig? Barn som er kronisk sjuke og oppheld seg mykje på sjukehus, kan ikkje alltid ha så mykje besøk. Kan du lage ei uro som spreier glede? Kva med å plassere noko på overraskande stader som kan få fram smilet hos dei som vandrar forbi? Eller korleis kan du gjere eit grått og trist venterom om til ein behageleg og god stad å vere? Den største gleda du kan ha er å gjere andre glad!

Ein modell presenterer design av Marimekko under New York Fashion Week i 2012. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegg oppgåva

Du skal bruke kunnskapar og evner du har tileigna deg i programfag. Temaet er felles for klassen, men du vel sjølv kva materiale og teknikkar du vil bruke når du skal utvikle eit produkt. Formuler di eiga oppgåve og beskriv kva slags produkt, teknikkar og materiale du vil jobbe med. Lag ein plan for arbeidet. Få rettleiing frå dei andre elevane eller læraren, og bidra sjølv med å rettleie medelevane dine.

Blomebukettar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inspirasjon og idéutvikling

Uansett kva produkt du skal lage, må du starte med å utvikle ein idé. Du må finne den framgangsmåten som passar til oppgåva di, og punkta under er ei rettleiing til kva som kan vere med i idéutviklinga. Når du er ferdig med idéutviklinga, ber du om tilbakemelding frå læraren eller ein medelev, før du går i gang med å produsere produktet ditt.

Avhengig av kva du vil lage, kan det vere aktuelt å ha med

  • tankekart
  • definisjon av målgruppe
  • moodboard
  • skisser
  • fargepalett
  • modell
  • arbeidsteikning
Fareskilt med troll ved Trollstigen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vurdering og dokumentasjon

Ta bilete undervegs og bruk fagord når du dokumenterer. Du skal forklare og grunngi dei vurderingane og vala du har gjort. Du skal dokumentere heile prosessen frå idé til ferdig produkt innanfor den yrkesretninga du har valt.

dokumentasjon

Dette skal vere med i dokumentasjonen:

Set kryss:

Framside

Innhaldsliste

Innleiing

Idéutvikling

- tankekart

- definisjon av målgruppe

- moodboard

- skisser

- fargepalett

- modell

- arbeidsteikning

Eksperimentering

- utprøving av materiale

- utprøving av fargar

- utprøving av teknikkar

Produksjon

- gode eigne bilete med bilettekst

- produksjonsforklaring

- presentasjon av ferdig produkt

Eigenvurdering

Kjelder

Lyst rom med fargesterke designarmøblar og blomar på hyllene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Munnleg presentasjon

Du skal presentere oppgåva di. Bruk eit presentasjonsverktøy, til dømes PowerPoint. Hugs å bruke relevante faguttrykk og å grunngi vala dine fagleg. Del presentasjonen opp i ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Bruk gode bilete og stikkord til å presentere idéutviklinga di, eksperimenteringa di, arbeidsprosessen din og produktet ditt.

Forslag til disposisjon

  1. Innleiing

    1. Forklar kort kva oppgåva går ut på, og kva du skal snakke om i presentasjonen din.

    2. Presenter kort korleis du har valt å arbeide med oppgåva og temaet.

  2. Hovuddel

    1. Presenter idéutviklinga din

    2. Presenter eksperimenteringa di.

    3. Presenter arbeidsprosessen din.

    4. Presenter produktet ditt.

  3. Avslutning

    1. Gjer ei eigenvurdering.

Tre barn som hoppar av glede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2020

Læringsressursar

Designprosess