Hopp til innhald

Fagstoff

Industridesign

Industridesign går ut på å planleggje og teikne produkt for industriell produksjon. Ein industridesignar jobbar tverrfagleg og vurderer både form, estetikk og brukarvennlegheit i utviklinga av produkt og tenester.

I dagleglivet bruker vi ei enorm mengd fysiske produkt og løysingar, i alt frå bilar til matemballasje, klede, møblar og verktøy. Stadig nye produkt blir tilgjengelege over heile verda. Gamle løysingar blir fornya og blir oppdaterte, eller blir erstatta med heilt nye løysingar. Eit døme er at den gamle fasttelefonen har vorte erstatta av den vesle datamaskina nesten alle ber på og som også kan brukast til å ringje med. Alle desse produkta er formgitte, eller designa av nokon.

Industridesignaren

For nokre produktområde finst det spesialistar innan design. Hus blir designa av arkitektar, emballasje ofte av grafiske designarar og møblar av møbeldesignarar. Ei samlenemning på ein designar som beveger seg på tvers av fleire produktkategoriar, er industridesignar.

Det som kjenneteiknar industridesignaren er dermed ikkje ein spesiell type produkt, men at produktet blir framstilt i ein industriell produksjonsprosess. Kjenneteiknet er at produktet er designa med tanke på store volum, det vi kjenner som industriell produksjon, også kalla masseproduksjon. Industridesign er altså både ei nemning på eit yrke og ein prosess.

Fire fargerike tannbørstar til barn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling av ein tannbørste

Eit daglegdags produkt som ein tannbørste er eit døme på eit produkt som er utvikla og formgitt av ein industridesignar. Tannbørsten er eit produkt som blir nytta over nesten heile verda. Han er i dagleg bruk og blir bytt ut med jamne mellomrom.

Fjorten tannbørster med ulike fargar i stjerneformasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Industridesignarane har måtta halde seg til mange krav og ønskje når stadig nye generasjonar tannbørstar har vorte utvikla. Kunnskap om god tannhygiene har endra korleis hardleiken på busta bør vere, sjølve utforminga på børstehovudet og sjølvsagt sjølve gripe.

Kvinne pussar tennene med grøn tannbørste. Munnen er i fokus.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ny teknologi gjorde det mogleg for industridesignaren å lage tannbørstane som ei blanding av to plasttypar, ein mjuk som gir eit godt grep og ein stivare plast som gir styrke og stivleik til børsten. Nye krav og trendar må fangast opp og følgjast – skal børstane vere fargerike eller einsfarga, og korleis skal børstane vere for barn?

Eit lite barn som held ein tannbørste i munnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag har det vorte eit aukande krav til berekraft og miljøomsyn. Då er det naturleg å vurdere bruken av ulike plastmateriale og kanskje bruke så lite materiale som mogleg. På bileta ser du korleis tannbørsten har endra seg over tid, alle er teikna av norske industridesignarar. Det nedste viser korleis skaftet på børsten har ei slankare form for å redusere materialbruken, og emballasjen er ikkje laga av plast, men av papp.

Rosa tannbørste med emballasje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brukarperspektiv

Estetikk, teknologi, ergonomi og visuell kommunikasjon er område industridesignaren må ha god kunnskap om. Samtidig må designaren ha ein respekt og forståing for brukarane og samfunnet vi lever i. Ein av dei viktigaste eigenskapane til industridesignaren er å kjenne til brukaren. Her er det ikkje berre sluttbrukaren, han som nyttar og truleg kjøper produktet, det dreier seg om. Det er fleire brukarar involverte. Dei som produserer og sel produktet, bør òg sjåast på som brukarar. Kan produksjonen gå føre seg lokalt? Kan produktet tilføre verdi til ein butikk som ønskjer å profilere seg som berekraftig, nyskapande eller spesielt opptekne av kjerneverdiar som dyrevelferd eller oppveksten til barn? Blir det brukt materiale som er farlege for dei som jobbar i produksjonen? Samtidig skal nokon kjøpe produktet. Det må finnast kjøparar og brukarar av produktet som gjer at det løner seg å starte produksjonen av eit nytt produkt.

Hand som held forstørringsglas, med fleire menneske redigert inn i glaset. Omarbeidd foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det må vere eit behov for produktet. Ingen produkt er perfekte, og behova endrar seg. Dette gjer det mogleg for industridesignaren å forbetre nesten alt. Alle desse elementa må industridesignaren tenkje på. Det blir mellom anna gjort ved å ha hyppig kontakt med brukarane gjennom heile prosessen, få tilbakemeldingar på moglege løysingar og vere villig til å gjere endringar.

Historisk tilbakeblikk

Yrkesnemninga industridesignar oppstod for omtrent 100 år sidan. Tittelen oppstod som ei naturleg følgje av korleis daglegdagse produkt gjekk frå å vere noko handverkarar eller vanlege folk laga, i eit avgrensa tal, til samleband og maskinell, automatisert produksjon. Denne endringa medførte at produkta måtte bli designa på ein annan måte. Dei måtte tilpassast ein masseproduksjonsmetode.

Kvinne i grøn snikkarbukse som overvaker produksjonslinje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Designaren måtte òg ta omsyn til ei mykje større brukargruppe enn handverkaren, som ofte kunne tilpasse kvart enkelt produkt til ein spesiell brukar. Skomakaren kunne til dømes lage sko som passa perfekt til ein person, mens industridesignaren må designe ein sko som kan passe godt til ulike føter, og der tilpassinga følgjer nokon faste reglar, det som vi i dag kjenner igjen som skostørrelsar.

Føter i ein haug av ulike skor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det same kunne vi sagt om klede, bestikk og lamper – faktisk om nesten alle produkt vi kjøper i butikk eller på nett. Med eit såpass breitt felt å jobbe innanfor er det òg naturleg at industridesignaren jobbar saman med ulike ekspertar. Til dømes jobbar dei saman med legar når det er snakk om medisinsk utstyr. Evna til å kommunisere idéar og løysingar er derfor ein av dei viktigaste eigenskapane ein industridesignar har.

Når ekspertar frå ulike fagfelt skal samarbeide, kan ofte industridesignaren vere den som legg til rette for at alle involverte kan jobbe saman mot nye og betre produkt. Dette blir gjort ved hjelp av handteikningar, fysiske modellar, prototypar eller kanskje digitale modellar og animasjonar.

Skisser og 3D-modellar av stolar ligg på eit bord. Ei hand teiknar stolar. Foto.

Ein industridesignar finn vi altså igjen både som møbeldesignar og bildesignar, eller som designar innan andre typar spesialiseringar som medisinsk utstyr eller sportsutstyr. Industridesignaren utviklar løysingar som tek omsyn til brukarar, men også produsentar, samfunnet og framtida.

Interaksjons-, teneste- og produktdesign

I dag blir det òg utvikla ei rekkje digitale løysingar som ikkje er fysiske produkt, som til dømes nettsider der du kan handle frå. Dette er no ei spesialisering som kallast interaksjonsdesign.

Det blir òg utvikla reine tenester, som til dømes korleis du opplever det å ta inn på eit hotell eller gå på ein restaurant. Dette kallast tenestedesign.

Kompleksiteten i samfunnet i dag har gjort det nødvendig med slike skilje mellom fysiske produkt og løysingar som ikkje er fysiske. Dette har ført til at ein industridesignar i dag ofte blir karakterisert som ein produktdesignar, men du vil framleis finne industridesignarar som jobbar med både fysiske produkt, og korleis desse er ein del av ei teneste, til dømes ein trikk eller ein buss. Desse må designast med tanke på korleis du kan løyse billettar, enten ved hjelp av ein app på telefonen ved hjelp av automatar, eller kanskje på ein heilt annan måte. Vi må òg bli informerte om kvar bussen køyrer, og korleis han kan stoppast.

Tre ungdommar ventar på t-banen. Ein ser ned på mobilen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ny teknologi endrar yrkesutføringa

Historisk sett har industridesignaren kome frå to andre yrkesgrupper: ingeniøren og handverkaren / brukskunstnaren. Desse to gruppene har henta inspirasjon og kunnskap frå kvarandre og slik laga gode løysingar for mange. Med nyare produksjonsmetodar med 3D-skrivarar og robotar ser vi no korleis desse to yrkesgruppene igjen kan hente inspirasjon frå kvarandre: Industridesignaren står no ovanfor moglegheita til å kombinere full tilpassing med industrielt volum. Joggeskor kan designast slik at kvar enkelt brukar kan få tilpassa kor stiv solen skal vere og få perfekt lengde og breidde på sjølve skoen. Skoen kan deretter 3D-printast raskt og til ein overkommeleg pris. Industridesignaren må designe heile prosessen, korleis skoen skal kunne endrast for kvar enkelt brukar, og korleis data frå brukarane kan hentast inn.

Slike teknologiske endringar var årsaka til at industridesignaren oppstod, og slike endringar vil føre til at industridesignaren heile tida må tenkje nytt og vere villig til å endre korleis yrkesmetodane blir utførte. Dette viser korleis industridesign aukar i kompleksitet, men også i viktigheit. Det vil alltid vere behov for fysiske produkt, men dei må vere betre enn dagens på alle måtar.

CC BY-SASkrive av Steinar Killi.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Designprosess