Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1)
Design
Å designe betyr å gi form til noko. Det kan vere alt frå blomsterbukettar, frisyrar og klede, til å lage ei utstilling eller eit nytt konsept. Som designar kan du få i oppdrag å bestemme korleis noko skal sjå ut, og korleis det skal fungere.
Designprosess
Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I dette emnet ser vi på kva design kan vere, og ulike fasar i denne kreative arbeidsprosessen.