Om faget – for lærarenFaget kommunikasjon, kunde og arbeidsliv er utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Her finn du ei oversikt over korleis faginnhaldet er bygd opp.
Design Å designe betyr å gi form til noko. Som designar kan du få i oppdrag å bestemme korleis ein gjenstand skal sjå ut, og korleis han skal fungere.
Visualisering Visuelt har å gjere med det å sjå. Når du skal utvikle ein idé slik at han kan produserast, må du kunne vise han fram til andre.
FormForm handlar om korleis gjenstandane rundt oss ser ut. Forma er med å påverke korleis vi opplever eit produkt. Å designe blir ofte forklart med å formgi.
Farge
Du treng kunnskap om fargelære i yrket ditt. Korleis vi opplever ein farge er avhengig av kva fargar han står saman med.
Materiale Eigenskapane til ulike material avgjer korleis vi kan bruke dei og kva vi kan bruke dei til.
Trendar Trendar er langtidstendensar i ei utvikling. I skapande arbeid er det viktig å orientere seg i aktuelle trendar og trendfargar.
Stilhistorie Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan òg inspirere til nyskaping.
Kultur og tradisjon Å respektere eigen og andre sin kultur er grunnleggjande i møte med andre. Kultur og handverkstradisjonar skaper identitet og kan inspirere til nyskaping.
Dokumentasjon og presentasjonVi bør kvalitetssikre eit produkt mens vi jobbar. Du skal lære å dokumentere ein prosess frå idé til ferdig produkt og å presentere dette.
Berekraftig utviklingVi må vere bevisste på bruk av materialar og kjemikaliar for å få ein berekraftig produksjon. Ressursane naturen gir oss, må forvaltast på ein god måte.
Helse, miljø og sikkerheit (HMS)Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er viktig for alle bedrifter. Vi skal jobbe på ein sikker måte, og gjere det vi kan for å førebygge uheldige konsekvensar.