VisualiseringsverktøyVisuelt har å gjere med det å sjå. Når du skal utvikle ein idé slik at han kan produserast, må du kunne vise han fram til andre.
TeikningI produktutvikling lagar og omarbeider du skisser og arbeidsteikningar, både for hand og ved hjelp av digitale verktøy.
Foto Foto er eit godt hjelpemiddel i idéutvikling og presentasjon av arbeid. Du treng kunnskapar om kamera, komposisjon og biletredigering.
Modell Ein modell kan synleggjere ein idé og teste korleis han fungerer i tredimensjonal form (3D).
Video Videoproduksjon handlar om alt frå konkretisering av idéen, val av verkemiddel, utteikning og opptak til redigering og klipping.